mandag 10. september 2007

Kvifor system er så viktig ?



Innan agility finn ein mange termer; framforbytter, bakombytter, blind cross., serpentiner, threadles, push trough, post turn, mykje bruk av armer, lite bruk av armer, bruk av blind cross eller ikkje, running contacts eller to på to av osv. Ein kan nevne i hopetal av ulike metoder og innfallsvinkler. Det fins enorme mengder med informasjon i bøker og instruksjonsvideoar. Likevel det er veldig lett å gå seg vill i alt dette landskapet som ein kallar for å gå "agility".
Når du har gått ein del kurs, vore med på ein del stemner tenkjer ein gjerne etterkvart at ein begynner å få det til. Når det gjeld agility har eg alltid mangla ein ting, nemleg system.
Eg har tilbrakt dei siste dagane framfor tv-en(eg har gjort ein god del anna og slik at det er sagt)og sett på Susan Garett sin Dvd "Success with one jump", og eg seier berre gosh..... Skulle berre ønskje at ho var naboen min slik at eg kunne spørre ho om alt eg lurer på når det gjeld agility. Denne sommaren her har det begynt å gå rette vegen for meg og Ted og eg har leikt litt med tanken på at no begynner vi å bli gode og stabiliserer oss. Vel det trudde eg før eg såg dvd'en.
Men det eg ser veldig klart er at det er store bruddstykker i utdanninga til Ted. Susan legg vekt på mykje grunntrening og bakkehandling lenge før ho bringer hunden på eit hopp. Hunden må vite kva du prøver å fortelje den først, kva signaler du vil ta i bruk for at hunden skal forstå kroppsspråket ditt. Dette er faktisk nøkkelen til all suksess. Folk trur faktisk at agility handler om hindera ute på banen, det er berre delvis rett. Det handlar og om tett kommunikasjon i stor fart. Det eg har merka veldig er at når Ted forstår signala mine på "bakken" er det ingen trøbbel og setje det på hinder etterpå. Men å gå motsatt er derimot vanskelegare. Det eg prøver å seie er at GRUNNTRENING er alt. Og for at ting ikkje skal gå i stå både for hund og fører treng du eit fast SYSTEM som tyder det SAME alltid. Det er altfor mange som gir hunden skulda for dårleg trening. Med mindre du har lært hunden kva respons han skal ha på kvart signal du gir, så har hunden faktisk ikkje ein sjanse til å forstå kva som blir forventa av han, og i allefall ikkje når den har stor fart og attpåtil skal forsere hinder etter hinder.
Eg synes faktisk vi skal vere litt ydmyke i forhold til hundane våre, det er heilt utruleg kva dei får med seg sjølv om føraren slurvar. Så eg har tatt meg sjølv skikkeleg i nakken eg jobbar no i forhold til eit system som eg trur fungerer, og at det gir hunden mi ei kjensle av tydeleghet og forutsigbarhet for det er nødvendig i agility.....
Men la meg seie det slik at ; desto meir eg lærer desto meir ser kor lite eg eigentleg kan....

onsdag 5. september 2007

Konsentrasjon..........

Tedden og mammen er konsentrert før dei skal starte i agility.....

Denne veka har eg stort sett hatt Susan Garett si stemme i bakhovudet, ho har skrive boka "Shaping sucess" som handlar om hennar eiga hund Buzz frå han er ein fersk unghund til ein agilitymester av dei store. Susan skriv i boka si mange ting som er særedeles interessante som feks "your dog is a mirror image of your abilities as a trainer". Det er ganske sterkt sagt, men desto meir eg tenkjer over det desto riktigare er det. Vi seier kanskje ofte at "med min neste hund skal eg eg gjere det og det, i staden for å ta seg sammen i nuet med den hunden ein faktisk har.
Denne veka har eg levd etter ein del treningsreglar som nettopp Susan Garett har skissert og som skal effektivisere treninga mi, og om eg må seie det sjølv så er eg veldig godt fornøyd.
1. Arbeid-leik-arbeid-leik-arbeid-leik-pause, det vil seie at eg gjennom ei økt har full konsentrasjon til eg er ferdig. I det eg tar hunden ut av bilen skal alt vere klart, utstyr, kva eg skal trene på og belønning, under økta er det fullstendig fokus på hunden og det ein heldt på med, utruleg effektivt.
2. Positiv trening betyr ikkje at ein ikkje skal setje krav, men det må vere krav som står i forhold til det hunden og fører kan makte.(gode kriterier er ein forutsetnad).
3. All atferd er skapt av konsekvensane det får. Eg hadde nemleg ein episode ute i hagen der eg fekk sjå at Ted gjekk i frå treningssituasjon i lag med meg til å finne ei atferd som var sjølvforsterkande, nemleg å kjefte som ein gal og springe rundt plenklipparen. Eg berre stod som ein mumie. Det er veldig lurt å vere klar over kva som forsterker hunden din, det er utruleg kor mange atferder ein kan få med på lasset som ein ikkje ynskjer.
4.Think-plan-do. Denne er utruleg viktig for at ein treningssekvens skal bli bra, tenkje over kva skal eg trene på, kva mål skal eg ha og korelis skal ein oppnå måla, vanskegrader i miljøet, kva lomme skal forsterkereren vere. Dette er viktig, i agility skal ein alltid belønne med den handa nærast hunden, og då må du absolutt vite at belønningen ligger i den lomma det skal.
5. Tren for å forbedre dine svakheter. Vi mennesker likar godt å trene på det vi får til, men vi lar kanskje vere å trene på det vi ikkje får til, det er ikkje forsterkande. Eit stort mål som eg har er at kvar veke skal eg ta tak i ting som eg enno ikkje er god nok til.
6. Kriterier. Ein kjem aldri unna kriteria, å bruke tid på dei før du skal trene er alfa og omega.
7. Aldri ignorere hunden din når du trener. Det er veldig lett for å miste fokus når ein trener, i det sekundet ein har blikket vekk finn hunden på andre ting, det er utruleg øydeleggjande for treninga.. Ein skal alltid følgje med hunden sin det fortjener den.
Kan vere at ein del tenkjer etter denne oppramsinga at , kva er vitsen med å gjere treninga så komplisert. Men eg har tvert i mot erfart at dette er huskereglar som er viktige og som gjer at treninga blir kjekk for både hund og fører, og det er vel meininga. Vi er raske med å setje krav til hundane våre med det som er endå viktigare er krava vi må setje til oss sjølve.
Eg veit iallefall at desse treningsråda lkjem alltid til å surre i hovudet mitt, og det føles godt når du ser at det git umiddelbart resultat. Så eg seier berre tusen takk til alle der ute som fyller meg med nye tankar og inspirasjon kvar dag............

mandag 3. september 2007

"Shaping Sucess "....

Full fart......på Stovner si agilitybane....
Shaping i praksis, her heldt vi på med å shape to av to på atferden på felter i agility......

Ted viser stolt fram rosetten sin.....


Gamle mann er minst like stolt....



Vel vi er i live sjølv om det blir særdeles lite blogging. Eg får berre ikkje tid til å setje meg ned framfor dataen...
Dei siste vekene har vore veldig travle, forrige helg var eg i regi av Canis på agilityseminar med Eva og Emilie og det er noko av det mest inspirerande eg nokon gong har vore med på.
Det sette store krav til hjernecellene hos oss tobeinte, vi jobba oss i herdig gjennom to dagar. Det handla mykje om grunntreninga korleis den bør vere før du i det heile tatt tar hunden ut på apparat. Eg trur mange misforståingar kunne vore unngått viss folk hadde gjort ein betre jobb med grunntreninga før dei begynner å gå agility. Viss eg skulle oppsummere denne helga hadde eg blitt sitjande ut veka å skrive. Utruleg flinke instruktørar og riktig godt selskap av dei andre i gruppa som går instruktørkurset, dåke er veldig inspirerande....Eg håpar verkeleg eg får anledning til å vere med på fleire kurs med Eva og Emilie......
VEl denne helga har eg vore på Sunnmøre for å hjelpe søsteren med å flytte, og så kom eg på i farten at det skulle vere enkeltstemne i regi av Sunnmøre hundeklubb, eg meldte meg på( kan ikkje gå glipp av eit stemne når det er like i nærleiken). Det var eit grusomt drittvær med mykje regn og vind, men det brydde ikkje karane mine seg om. Det lag ein diger sølepytt i startområdet så det var ingen av mine hundar som ville sitje i starten, så det må vi nok heim å trene på( eg forstår dei veldig godt).
KArane mine var i kjempeform. Bonzo vann agility klasse 3 og Ted vann agility klasse 2. Dei går utruleg godt begge to no om dagen.Veldig kjekt og effektivt arrangement og mykje trivelege folk. Så no ser eg fram mot neste helg som fohåpentlegvis blir litt rolegare. Men no skal eg rett i seng..........