torsdag 31. juli 2008

Ei lita treningsøkt....

To kjempegode venner, lurer på og mathias blir rytter når han blir stor eller agilitystjerne, kva om han ikkje blir noko av delane
Gode venner




Denne kombinasjonen øva vi på. Tok ein LOP ved 5, 7-8-9 ein serpentin, tok eit framforbytte frå 11-12 og så ei strak linje i mål....
Det er veldig varmt på Vestlandet om dagen.
Eg og Ted har hatt oss nokre småøkter i dag, spesielt fokuserer vi på slalom om dagen, at han skal gå ferdig sjølv om eg spring alt eg klarer motsatt veg eller langt sideveis. Han begynner å forstå konseptet og er blitt veldig flink.
Denne kombinasjonen har vi øva på i dag.....Først i økta fokusere på Lead out Pivot (innkalling med framforbytte) og eg må seie at TEd no verkeleg har begynt å forstå at han skal sjå framover for å finne linja si. Bjørnar tok det opp på film og det ser veldig bra ut. Han er og blitt flink til å lese alle signaler han får, ikkje slik som før at viss eg stoppar så rusja han berre vidare. Han har blitt veldig lydhør. Dette var noko som Justine minte oss ofte om at la hunden av og til berre drive inn til fører, på den måten får ein og testa at hunden faktisk forstår signala våre og ikkje gjer ting på eiga hand. På 7-8-9 der testa eg både med serpentin, treadle og push through, flott respons på alle. Vi kunne ikkje trene så lenge då gradestokken kraup opp mot 30 varmegrader.
Med Kelly har eg trena One jump og sirkelarbeid, ho er verkeleg dyktig. No kan eg gå i fra henne på 30 meter og ho sitter tilbake. Ho har ein flott respons både når eg støttar farten hennar framover, når eg bremsar, stoppar opp, generelt er ho veldig flink å følgje signala mine. Neste veke då skal vi skifte taket på huset vårt, då skal vi og bytte takrenner. Bjørnar kom då på at eg kunne kappe opp biter av takrenna og bruke det til bumbs til hoppteknikken, han er smart den mannen min.
Ellers har vi og kosa oss med is i varmen. Mathias og mammen avslutta dagen med ein ridetur på Pernille. Derfor blir det eit bilde av Pernillle og Mathias i dag......

mandag 28. juli 2008

Bakombytter...

Vi har vore å plukka blåbær heile gjengen i dag....


Vel det er mange meiningar med bakombytter. Eg for min del trudde i min naivitet at bakombytter hadde ein ikkje bruk for så lenge ein hadde framforbytter, men det har eg nok måtte endra meining på.

Eit bakombytte er eit godt redskap og med den hunden som eg har som har skikkleg sug framover på hindera. Eg ser veldig klart at dei gongane eg ikkje rekker å være i serpentinposisjon så er bakombytte eit godt alternativ. Eit godt tima bakombytte gjev ein veldig effektiv og kort sving. I dag har meg og TEd fortsett med sikrelarbeid på høgre side utvendig, eg ser at denne sida er vi nøyd til å jobbe med, det er og på denne sida han lett flicker vekk i frå meg.


Eg sette opp denne kombinasjonen med bakombytter. Bjørnar filma meg for å sjå på timinga på byttene mine. I dag fungerte det veldig bra, og han tok denne sekvensen veldig bra. Eg tok kombinasjonen både på venstre og høgre hand.

Etterpå det så utfordra eg han litt i slalomen, sendte han inn og sprang motsatt veg. Første gongen kom han etter meg og lurte veldig på kor eg skulle henne i ein slik hast. Dei neste gangane var han litt meir ettertenksom og då gjekk det greitt. Han lærer fort den flinke gutten min.

I kveld har eg jobba med proofing på feltapparata, han har stort sett veldig fine felter, men i ein del kombinasjoner blir det vanskeleg, så eg har tenkt å utfordre han mykje framover på vanskelege situasjoner og rett og slett lade verdi for feltapparata og ikkje berre for at han får gå videre i banen. Det er mykje jobb, men det er utruleg kjekt å sjå kor fort hundane tar ting.

fredag 25. juli 2008

Proofing......

Visst er dei vel vakre all gutane og jenta mi.






I dag har det vore nok ein varm dag her på Vestlandet, 30 grader, det er deilig men så mykje hundetrening blir det ikkje midt på dagen.
I dag har Bjørnar laga verdas finaste hundegarde til meg, no har hundane stor uteplass og kan lufte seg medan eg er på jobb. Bjørnar er ein super handverkar og altmuligmann...
Med Ted har eg følgjande målsetning denne veka :
- Sirkelarbeid høgre og venstre utvendig side og høgre, venstre innsidig, eg har bestemt meg for at vekk med alt som heiter flick, no heldt eg på på andre dagen og eg må seie at eg allerede ser store framskritt.
- Jobbe med One jump at han skal finne linja (sjå framover)uansett kor langt sideveis eg står. Eg trur han begynner å sjå tegninga og forstå kva det er eg ønsker at han skal gjere
- Jobbe med å sjølvstendiggjere 270 graders vinkler der hoppa står langt i frå kvarandre, det er ingen problem når dei står nære. Han har vore veldig bra på det i dag og det verkar som om han begynner å forstå at så lenge han ikkje får ein treadlearm så skal han gå rundt.
- Bjørnar har og filma meg og drilla meg på bakombytter, han har sett på skuldre og holdt meg i nakken slik at eg ikkje fell tilbake i gamle mønster. I dag har byttene vore kjempebra, vi må berre stadig utfordre oss sjølv på vanskelegare bakombytter der det blir mange valg, og der han berre må følgje skuldrene mine.
- Har og jobb amed å stå i ro i banen og berre la han drive inn til meg, for å teste forståelsen hans og for å sikre meg at han ikkje tar linjer sjølv utan at eg har bede om skifte av retning.
Den viktigaste jobben eg har gjort dei tre siste dagane er å proofe slalomen, og la det vere sagt at TEd har ikkje dårlege slalomar, men eg ønsker faktisk å gjere han så sjølvstendig at eg sender han i slalom og eg kan stikke og plassere meg i motsatt retning. I dag testa eg to variantar som vi hadde på kurset med Justine. HAn gjorde feil ein gong, det var akkurat som om han lukta lunta, resten var perfekt eg sende han avgårde og stakk mot serpentinposisjon når han var i ca 3 porten. Dette er trening som eg verkeleg kjem til å prioritere framover.
Med Kelly har eg jobba med :
- Sirkelarbeid på utvendig og innvendig på begge sider + 360 graders svinger på stedet før vi akslelerer i full fart inn i buret igjen. Det utruleg morosamt og sjå kor fort ho tar ting.
HO har skikkeleg fine sirklar og går godt i posisjon.
- Vi har og trent ein del sitt og bli, det har resultert i at vi er i full gang med one jump øvingar.
- Burleikar trenar vi kvar dag og ho er mykje meir entusiastisk enn TEd nokon gong har vore.
- HAr og drive og baklengskjeda apportbukk+ innsitt ( vi har sysla med enkle kjeder siste tida slik at ho på eit tidleg tidspunkt skal lære seg litt utholdenhet og at det ikkje er sikkert at belønninga alltid kjem med ein gong.
Vel vi puslar på og dette prikearbeidet gjev livet verkeleg meining fordi at eg ser at det blir framskritt av det. Til slutt vil eg berre ønske alle god helg..........
Mathias ville forresten at bildet av Kelly måtte vekk i frå bloggen slik at han og den vakre jaktcockeren kunne pryde framsida ei stund.......

onsdag 23. juli 2008

Kurs med Justine Davenport....

Ted og Justine " Bestevennane "

Her får Mathias ein liten kos hos Sheijpa, som takk for sist..


Dette bildet tok Mathias sjølv av favorittvoffen sin.. Tru det eller ei så har dei faktisk ganske mykje til felles desse to....

Eg har nok ein gong hatt ei fantastisk veke. Eg har vore i Son og gått fire dagar på kurs for Justine Davenport, for dåke som ikkje veit kven denne dyktige dama er så er ho berre 20 år og har gått agility i 10 år.

Eg er berre heilt imponert over kunnskapen og evnen hennes til å sjå dei ulike ekvipasjane. Det er utruleg godt å bli minna på uvaner som vi lett legg oss til. Den første dagen hadde vi om foundations, eg gjekk med Kelly på formiddagen men ho vart litt sliten etterkvart og Ted tok ivrig over. Kelly er allereie mykje betre enn TEd på mange områder, sirkelarbeide, one jump, bakdelskontroll, innsitt på høgre og venstre side og burleikar, ho er ei skikkeleg ivrig dame.
Den store forskjellen på Ted og Kelly er at TEd fekk aldri lære det i den rekkefølgja som no Kelly får. MEn eg er faktisk imponert over kor lett Ted tar ting.
Vi hadde mykje om sirkelarbeid og viktigheten av å ha godt innarbeid tørrhandling før du lar hunden ta hopphinder, vi gjekk og igjennom mange one jump øvingar, det var berre heilt utruleg inspirerande.

Andre dag var det tid for handling foundation +framforbytter, der vi gjekk gjennom teorien bak Greg Derret sitt system, vi trente og mange kombinasjoner (dobbelboks) der Justine såg på framforbyttene våre og timing. Det er heilt utruleg kor viktig små detaljer er. Eg er svært fornøyd med at eg no har god teori i bunn slik at det er lettare å forstå kvifor vi handler som vi gjer.
Det er var nok aller mest spent på var bakombytte dagen, som eg trudde vart den spanande. Eg og Ted har ikkje trent bakombytter så lenge, det fleste byttene satt som berre det, det vart litt vanskelegare når Ted fekk mange valg. Dette meinte Justine kom av manglende sirkelarbeide og av gamle vaner å flicke vekk fra fører. Siste dagen var det banevandring, der vi gjekk igjennom ulike typer baner og der vi kom med forslag til løysninger. Dette var utruleg interessant og vi fekk mange gode diskusjoner. Etterpå gjekk vi banene og det var ganske utfordrande. DET SOM I ALLEFALL ER HEILT SIKKERT ER AT EG HAR MYKJE IGJEN Å LÆRE, men eg fekk likevel mange bekreftelser på at vi har mange gode kvalitetar eg og TEd, og det gir liksom inspirasjon til å stå på videre.
Tusen takk FAnny for at du henta Justine over, og tusen takk Justine for eit supert kurs, eg håpar ho snart kjem igjen.
Eg hadde og med meg Bjørnar og MAthias bortover. MAthias fekk treffe sitt store idol Sheijpa. MAthias har ikkje komme over enno at vi henta heim ein border collie med navn Kelly i staden for ein jaktcocker som han ville kalle Mira.
Tusen takk og til alle som var med på kurset. Det har vore ein stor opplevelse...

mandag 14. juli 2008

Noen tanker rundt konkurranse......

Fotograf er Fanny Gott

Kvar gong eg er ute og konkurrerer er det ein del ting som eg undrar meg over. Konkurransen i helga er intet unntak. Hvorfor holder man på å konkurrere ? Her er svarene og motivasjonen sikkert mange.

Min målsetning med å konkurrere er å slå eit slag for positiv hundetrening, bli bedre som fører, sammenligne min prestasjon mot andres og ikkje minst stadig bli en bedre hundefører. Skal eg sette krav til hunden min så skal eg og sjølv sette strenge krav til meg sjølv.

Det er mykje sinne og sjå ut i banene, viss hunden skipper eit felt eller tjuvstarter så er det ei heil lekse så du ser at hundane blir heilt dempa. Førarane kjeftar for noko som dei sjølve skulle tatt på seg ansvaret for, NEMLEG DÅRLEG HUNDTRENING.....Det er sjølvsagt forskjellig kva kunnskap og utgangspunkt vi har, men dette er ingen unnskyldning for at vi lar det gå ut over hundane våre. Eg tippar at ca 90 prosent av alle som går agility har ei kjempkonflikt i startane sine. Dei snur og vender og hipser på hundane sine til den store gullmedalje, truer både med fysisk og verbalt kroppspråk. Til tross for at dei kjeftar og smell i starten så TJUVSTARTER HUNDEN LIKEVEL, då spør eg meg berre kva får dei eigentleg ut av det.....

I går stod ein eigar med hund og såg agility, så kom det ein passerande hund , hunden gjorde då utfall mot hunden som kom forbi. Eigaren som ikkje hadde augene på hunden skreik til den og løfta den opp etter hålsbandet.

For min del må eg seie at det å konkurrere får ein stor bismak viss det er slik atferd vi skal gå rundt og sjå på, og ikkje minst kva forteller vi til dei som ser på viss deter greitt å behandle hundane våre slik. NO er det ikkje slik at eg sitter på ein pidestall og er bedre enn alle andre, men eg har i allefall fortstått at hunden min kan IKKKJE SKULDAST FOR AT EG HAR TRENT DEN DÅRLEG......

Dette blei visst eit litt strengt blogginnlegg, men eg må seie at eg får slik stor frustrasjon når eg ser at hunden får skylda for noko som den ikkje kan ta ansvar for.

Ellers har eg hatt ei fantastisk veke med mykje inspirasjon og god trening. Fanny og Thomas er utruleg flinke, så ta deg ein tur på kurs hos dei viss ikkje du har vore der. Det var og ein super gjeng som deltok på agiltyleiren, takk for all inspirasjon. I dag har eg jobba med tørrhandling med begge hundane samt nasedutter. TEd har veldig fine nasedutter.

Eg har og baklengskjeda innkalling frå sitt i dag. Kelly kjem i kjempetempo og sprett inn på både høgre og venstre side. Kelly har faktisk bedre bakpartskontroll enn Ted nokon gong har hatt

Elles har vi og hatt ein runde med crate games, Kelly held på å lære seg å akselere på ei rett linje inn i buret, ho har super fart no.......

fredag 4. juli 2008

Agility, ein stor lidenskap

Badeliv er i grunnen ganske kjekt det og.....

Ted speider etter måkene...
Fine Kelly har hatt ein svømmetur...


Vel no har det faktisk blitt så gale at eg tenker på agility når eg står opp og siste tanke før eg legg meg til å sove om kvelden. No har eg brukt nokre dager til ferie og bading slik som alle andre vanlege mennesker. Neste veke blir det agility heile veka. Eg er så heldig at eg skal til Thomas og Fanny på agilityleir, og før eg reiser heim skal eg teste den nye kunnskapen på Lillehammer neste helg. Då er det agilitystevne og det trur eg blir kjempegøy. Ted gir alt og det kan du vere SIKKER PÅ AT EG OG SKAL....
Ved sida av agilitytreninga med TEd er det mykje trening med Kelly.
Vi har komme godt i gang med mange grunnferdigheter (mest i agility).
Desse tinga har vi jobba med dei siste vekene :
- Nouse touches og travel plank ( eg har ein ide om at eg skal øve inn løpende felt, parallelt så skal eg øve inn to av to på).
- Eksplosive starter i frå stå dekk og sitt. Dette blir viktig i startprosedyrer både i lydighet og agility. Sitt kjem til å blir Kelly sin startposisjon.
- Leikutvikling, her er ho blitt veldig flink, leiker godt med ulike gjenstander og har fått ein fin slipp kommando, har og vorte veldig flink å komme tilbake med leiken og oppfordre til ny drakamp. Veldig fin vektforskyvning. Lært seg til å ta leiken på ta den kommando.
- Appportering, ho er veldig glad i å bære, har fått prøvd Ted sin store metallapport, den bær ho så fint avgarde.
- Klossen, ho går kjempefint inn på både venstre og høgre side både på klossen og på bakken
- Rygging , vi har brukt mykje trappa heime til å rygge opp, ellers berre å rygge bakover på golvet.
- Fri ved foten og vendingar, ho har veldig god bakpartskontroll ho rygger i firkant og har veldig fine vendinger, ho har og sideforflyttninger både til høgre og venstre heilt facinerande å sjå det vesenet kor konsentrert ho er no ho jobbar. Ellers så tilbyr ho frivillig ein veldig fin fri ved foten god attityde og mykje energi.
- Mykje innkalling med både framforbytter, oppbremsing, og snu 180 grader.
- Tørrhandling, ho går no fint i sirkel rundt meg både høgre og venstre utvendig og høgre og venstre innvendig.
- Crate games, dette har vi grunn fått jobba alt for lite med, men vi er komen i gang og ho har relativt fint driv inn i buret. Det blir bedre for kvar dag som går.
Kelly er flink og har god arbeidskapasitet. Gledar meg no til reise avgarde å få ny inspirasjon og nye idear til kva ein kan gjere bedre.
- Feltene til Ted har eg og begynt å ta tak i , han har ein heilt grei stopp med to av to på, men eg ser at han belaster kroppen for mykje i stoppen, har ikkje god nok vektforskyvning, eg jobbar og med nouse touches med han slik at han lettare skal kunne drive inn i rett posisjon, senke hovudet.
Vel til resten gjenstår det berre å seie god ferie vidare no blir det iallefall bloggtørke ei veke.

torsdag 3. juli 2008

På badestranda.....
























































I dag har vi vore ved sjøen og bada. Det var ingen der utanom vi så hundane har fått springe laus i heile dag. Dermed har eg fått fotografert flittig....

På Fløyen.....

Bergen sentrum frå Fløyen..
Dei andre tok Fløybanen opp, eg og hundane gjekk, det var ein bratt men nydeleg tur...

Hanne og Kelly, to supergode veninner....


Ola og Bonzo....




Fine skulegutten min....



Fine troll i skogen.....






Alle samla på ein benk på Fløyen.
Det har blitt særdeles lite blogging siste tida. No er det ferietid og eg NYT det.......
Litt hundetrening det blir det......
Vi har vore litt rundt omkring og eg har nytta tida godt til sosialisering og habituering.......