søndag 15. februar 2009

Konkurranse og rutiner.....


Det er heilt utruleg kor viktig gode rutiner er for eit godt resultat på konkurranse. Eg har tre hundar som er veldig forskjellige når det gjeldt rutiner.
Forrige helg var Tedden og eg på Moelv for å konkurrere i agility. Resultatmessig var det ikkje det store å skryte av, men det er veldig lite som skal til før vi når heilt til topps, vi må fortsetje å briefe godt, der har eg mykje å hente. Eg blir lett stressa når det er mange på breifinga, du får liten plass å bevege deg på og det er ikkje så lett å få lagt inn ulike handlingsmanøvre. Men dette må eg berre venne meg til for det er ein del av det å konkurrere, men det er heilt klart ein ting som eg må få betre rutine på. Ein annan ting som vi taper stort på i konurransesammenheng er stressnivået til Ted. Han elskar agility, og enkelte ganger kan det vere veldig vanskeleg å nå inn. For å kunne gå gode løp er det viktig at både fører og hund er fokusert på arbeidsoppgåva, då spelar og stressnivået ein stor rolle. Rutiner for TEd er alfa og omega. Våre rutiner før vi går inn i ringen kan sjå slik ut , varme op i 15-20 min med ulike lydighetsøvelser dette hjelper han å konsentrere seg og ikkje å sjå på dei som går agility, då girar han seg berre opp. Deretter varme kroppen godt, leggje inn litt tørrhandling, sirkler, akkselerasjon/deakkselerasjon. Legge han vekk i buret, hente han når det er ein ca 10 starter igjen.
Denne helga har eg og lille Kelly vore og konkurrert i lydighet klasse 1. Kelly skil seg ganske mykje i frå TEd, ho har lært frå ho var lita at av og til er det aktivitet, medan ein andre gongar berre legg seg ned i buret for å sove. Dette gjer at ho er veldig fin å ha med seg rundt omkring, ikkje bråkar ho med andre hundar, ho legg seg til ro i buret, og ikkje minst er det full guff når du tar ho ut av buret.
Det eg hadde lova meg sjølv i forhold til konkurransen var at med teikn til dårleg attityde så ville eg trekkje meg.
Fekk først beskjed om at eg skulle vere med i første fellesdekk, men eg hamna i siste, ikkje mykje å gjere med det.
Kelly låg fint i fellesdekken og tannvisninga gjekk og greitt. Ho fullførte ein fint program tykkjer eg, det er klart det er ting å jobbe med men ho har upåklageleg attityde og eg er veldig stolt av henne.
Ho enda på 175,5 poeng eit og eit halvt poeng bak vinnaren. Flinke jenta mi, no er det fokus på agility framover.
Gratulere og så mykje til MEtte og Thessa, godt jobba jenter. Sonja og Torunn gjekk og flotte program men var uheldige å fekk ein null, stå på neste gong klarer dåke det.....
Tusen takk til dei som stilte opp og såg på det set eg umåteleg stor pris på Kerstin, MAri, Silke, Simen, Tore, Grethe og Sofrid.
Vel i dag har vi feira bursdag til Mathias som allerede er sju år, heilt utruleg at tida kan gå så fort.......

mandag 2. februar 2009

Ein heilt vanleg dag i Bodil Wiiks liv....

Nydelige og flinke Squid...





I natt då eg kom heim i frå Oslo hadde eg ein liten klagerunde til Bjørnar om at eg alltid føler meg så trøtt og har liten energi. Bjørnars svar til sytinga mi var følgjande ; sett deg ned og skriv alle gjeremål for ein vanleg dag så får du sjølv avgjere om du er ein trøtt type eller at det kan ha sin naturlege forklaring at ein er trøtt.
Slik ser ein heilt vanleg mandag ut for min del :
05.30 då ringer vekkerklokka og då er det berre å stå opp, ingen bønn. I frå halv seks til halv åtte så går det i foring på tobeinte og firbeinte. Prøver å få lagt inn ti min med trening på morgonen.
07.30 avlevering på SFO.
07.45 - 15.30 då er eg på jobb på Alversund skule.
15.45 Henting SFO
16.00 Foring av hestane og sleppe dei ut i paddocken slik at dei får vere ute litt i dagslys.
16.15 Sleppe ut hundane og lufte dei.
16.30 Lage middag
17.00 Kjøre Mathias på barnetrim
17.10-17.50 Trene 3 stk hunder
18.00 Henting barnetrim deretter møkke i stallen, ta inn hestane og fore dei
19.00-19.30 Lekser med Mathias
19.45 Leggetid+ lesing på sengekanten.
20.00 Trene 3 stk hunder.
I frå klokka ni og utover så bestemmer eg sjølv kva eg vil fylle tida med..Men eg er flink til å prøve og leggje meg tidleg, i allefall før tolv.
Kva har så dette med hundetrening å gjere, ikkje så mykje, men eg skulle ønske eg hadde litt meir tid til å trene og å gå tur med hundane mine.
Det er så ufatteleg mykje og trene på, mange detaljer som skal stemme. Eg likar godt å vere saman med hundane mine det gir meg mykje energi, ein annan ting som gir meg bøttevis av inspirasjon er å gå kurs.
I helga har eg og Bjørnar vore i Son og gått kurs med Maria Hagstrøm i regi av Klickerklok.se merk dåke navnet viss du vil følgje interessante kurs.
Det har vore ei fantastisk flott helg og det var så absolutt verdt reisa på åtte timar kvar vei. Maria er ein veldig behageleg og dyktig person. Eg sit igjen med masse ny kunnskap, nye erfaringer, samt mange ting som eg skal jobbe godt med framover. Som MAria og seier det " det er berre å gå heim og trene ".
Det som ofte er faren med å gå på kurs det er at ein går igjennom så mykje bra at hovudet blir heilt overoppheta, men forhåpentleg vis har eg tatt gode notater og så husker eg dei viktigaste tinga vi var igjennom.
Eg har vore flink siste tida å jobbe litt meir med balansen mellom passive og aktive belønninger. Med mine hunder har eg vektlagt altfor mykje aktivitet, det som veldig lett skjer då er at hunden ikkje kjem ned på det nivået som han må vere i visse øvelser feks sitt i grupp, men det kjekke var at eg og Kelly fekk øvd mykje på det og ho var utruleg flink. Vi snakka om å ha gode rutiner i treninga og det å ha ein plan slik at det ikkje blir tilfeldighetane som avgjer om det blir ei god økt eller ikkje. Vi jobba med å lage kjeder, samt og gjere det konkurransemessig, det var utruleg interessant. Kelly var kjempeflink, ho var veldig flink til å søke meg opp for å starte treningsøkta, og ho hadde veldig fin attityd. Ein annan ypparleg ting var at eg fekk trent mykje burleikar, ho lag der så fint med open dør og kikka på dei andre hundane som holdt på.
Vi øvde og på forstyrrelser i ringen, vi skulle gjere ein innmarsj med fokus og kommandanten gjorde sitt for å ta oppmerksomheten vekk i fra fører.
Eg kan nok ikkje gå i detaljar frå helga fordi det var så utruleg mykje informasjon, mykje av det har eg ikkje heilt greidd å bearbeide ennå.

Vi snakka mykje om kjeding og kor viktig det er for utholdenheten at hunden kan gå fleire momenter etter kvarandre, det som og er viktig er at hunden faktisk lærer seg at den har ansvar i treninga, det er ikkje berre å henge med å ta tak i alt det gode ein får tildelt. Då kjem ein inn på noko som Maria er opptatt av får hunden belønning fordi at du må gi den for at hunden skal kunne fortsette å jobb eller for at det faktisk er verdt å belønne det. Å skape verdi i sjølve momentene er derfor veldig viktig, då kom vi inn på noko anna interessant dette med kjeding, skal ein forlengskjede eller baklengskjede, MAria sa at ho synes det mest vesnetlige var at hunden såg verdi i momentene og at ein gjer ein god jobb i alle øvelser med å gjere det verdt for hunden å jobbe med oss.
DETTE SKAL EG BLI FLINKARE PÅ

  • Eg skal leggje opp til ein god balanse mellom rett og feil repetisjon. Forskjell på rett og galt skal vere tydeleg, og reaksjonen skal komme med ein gong. Ein annan ting eg skal tenke på er om er at om det berre blir rette repetisjoner er det antakelig for lett for hunden. Husk at vi og lærer av våre feil.....
  • 3 regelen, eg skal vere flinkare til å evaluere øktene, er det ingen fremgang å spore etter 3 økter då må eg gå inn å regulere timing, kriterier, forskterkningskvalitet.

  • Eg skal bli flinkare å kjede på trening, dette skal eg gjere i byrjinga av øktene slik at det blir så konkurranselikt som mulig, husk at har du først belønna så har du brutt kjeden og då forstår hunden at det ikkje handlar om konkurranse. Eg skal så absolutt trene opp både min og hundens konsentrasjon og fokus.

  • Eg skal shape endå meir, på den måten lærer hunden seg utholdenhet og den må tåle uteblivne belønninger og fortsetje å jobbe. Hunden lærer seg å ta meir ansvar i treningen..

  • Eg skal bli MYKJE flinkare til å konkurranse trene, huske å gjere treninga så lik som mulig den situasjonen som du vil møte i røynda. HA i tankane å leggje verdi i transportfasen mellom øvelsane, ein vil ikkje misse fokus slik at hunden dett ut. Lage meg gode rutiner for korleis hunden skal vere under ein transportetappe. Trene så godt at hunden finner verdi i selve øvelsen.

  • Trene innganger, lære hunden eit godt fokus når ein skal inn i konkurranseringen, der lærte eg ein lur ting hos FAnny at kommandoen "Eg er klar "kan vere ei signal på at hunden ser på deg, det funker utruleg bra.

  • Lære seg å varme opp ein plass for å kunne forflytte seg i ein annan ring for å gjennomføre ein konkurranse.

  • Trene slik at alle ting i konkurranseringen inkludert konkurranseleder blir ei hjelp og ikkje ein stor forstyrrelse.

  • Overtrene på alle mogelege forstyrrelser slik at du ikkje blir overraska på konkurranse.

  • Noko av det viktigaste som eg tenkte over er det at i ein agility/ lydighetskonkurranse får du berre 1 sjanse, det er ingen som spør om dagsform og om du er godt forberedt.

No blei dette innlegget fryktelig langt, og eg har sikkert gløymd masse. Eg kjem forresten tilbake til eit nytt innlegg det vi hadde om å prestere på eit vist tidspunkt og konkurranserutiner. Til helga skal vi til Moeleven, det er 90 deltakende i klasse 3 så det skal bli kjempespanande. Så får vi sjå om vi klarer å gjere teori til praksis.Det var eit supert kurs med trivelige deltakere og Stor takk til MAria, Fanny og Thomas som alltid er til stor inspirasjon. Vi er heldige som får hente inspirasjon i fra dåke. Til slutt er eg berre nødt til å legge ut eit bilde av ein flott ekvipasje, lille Squid som berre er 4 mnd og allerede har kjørt forbi oss andre, du er kjempeflink Fanny, og eg er glad eg kjenner deg. Når det gjeldt Maria så håper eg ho tar turen til Norge rett som det er.........Du er duktig MAria..