mandag 26. april 2010

Livet er av og til urettferdig.....

Som Greg Derrett så fint sa om Ted " he takes his job very seriously "


Vel alle veit jo det at livet inni mellom kan vere urettferdig, og dette er ikkje meint som noko SYTE innlegg frå mi side. Men eg tenkte at eg kanskje med den frustrasjonen eg har i kroppen i dag kanskje kan skrive det av meg , nullstille meg å vere klar til neste helg og nytt stevne....

Dette er tredje stevnehelga på rad eg reiser heim igjen med 5 feil i bagasjen, viss eg var ein slurvete handler og ikkje låg noko tid i å trene hundane mine så skulle eg fortstått resultata, men i helga har eg gjort alt som ein god handler skal gjere , springe rundt ein bane på raskeste og mest effektive sett, men uansett kva som skjer så snik det seg inn 5 feil, og som mange sa til meg i helga og som berre forsterker den hjelplausheten eg no sitter med , herregud for ei tid du har, ja Ted ligger alltid foran dei beste i Noreg tidsmessig, i helga var han alt i frå 2 til fire sek framfor sine konkurrenter, men kva hjelper det når det går ein bom i bakken, og det verste av alt er at eg veit ikkje kvifor det går ein bom i bakken. I tillegg er det mange som har tankar rundt dette, ein av dei beste utsagna som eg fekk i helga var "at du er berre ikkje god nok " og då tenker eg verkeleg kven er det då i Noreg som er god nok og kva er det å vere god ? Akkurat det same skjer med Kelly prikkfritt agilityløp nest siste pinn før mål den går i bakken.....
Av og til har eg frykteleg lyst til å kaste inn handklet, men som Bjørnar så sant sa det i går anten får du gi deg med agility eller så får du komme tilbake, trene endå meir og vise kva god agility skal handle om. Sjølv om det ikkje føles slik i dag så veit eg at fornuften seirer til slutt, så eg går nok for alternativ 2....
Fokus fram mot helga SKAL vere

  • Fokuser KUN på deg sjølv, det du skal gjere og hunden din, om folk skulle komme med nokre velmeinande råd lukk det ute


  • Fortelle meg sjølv inni mellom at eg faktisk er GOD.....og å hå klokketru på at slik eg trener fører faktisk fram

Når det er sagt så har eg verdas beste hundar dei gir absolutt ALT ALLTID. Eg får tårer i augene når eg ser dei gå. Så for å seie det slik kunne eg ikkje hatt eit bedre utgangspunkt. Eller som ein sa til meg i helga du får visst berre raske hundar du, til detvil eg berre seie ein rask hund er ikkje noko du berre får DET ER NOKO DU MÅ TRENE DEG TIL.....
Grattis til Dorthe som med Pytt viste kva god trening handler om (2 feilfrie løp) Til meg sjølv seier eg berre bedre lykke neste gang....

fredag 9. april 2010

Våren er komen.....























No har vi nettopp passert påske og det er heilt utruleg at vi allerede har kome til april, men i allefall er snøen vekke og det betyr at agility er ein av dei mange aktivitetane som står på timeplanen...

Mange gode økter har det blitt med agility...Charlotte har tatt bildene...