mandag 27. desember 2010

Glade jul, heilage jul....

Ja så har vi allerede nesten lagt jula bak oss, og det er heilt utruleg kor fort tida går....Vi har fått mange fine julegaver og vore i lag med gode vener og familie, det er alltid meiningsfullt...
I jula blir det ofte mykje tur i dag er det faktisk ikkje mindre enn - 14 grader her på Vestlandet, eg må innrømme at det er fint, men eg ville mykje heller hatt muligheten til å trene....Eg kjenner det er noko som stadig irriterer meg at så mange i Bergen som har lyst til å satse men ingen som ønsker å satse på oss, det er frykteleg vanskeleg å drive med agility når ein ikkje har brukbare inntreningsforhold, ein må iallefall ikkje vere overraska over at andre blir bedre enn oss. Men å gi opp det er jo ikkje snakk om og sidan eg ikkje fekk meg hall til å trene i år heller så får ein fortsette som før, gå rundt å håpe at ein gong så ordanr det seg......Eg trenar på det eg kan trene på nemleg holde hundane og meg sjølv i god fysisk form, hoppteknikk, cik an cap (få fine svinger), tricks ja fantasien er det einaste som set grenser.....
Eg tok litt bilder på dagens tur av dei finaste borna mine...
Eg og Merethe hadde forresten ei fin treningsøkt i går, vi trente på ei bane som eg hadde designa, mykje svingar og vedningar, vi fekk løyst den på eit godt vis, og det viste seg at i den bana kunne ein trene på det meste. Sidan det var andre juledag var vi berre to på trening, men det var meir enn godt nok....Synes hundane er i fin form og det skal bli kjekt å sjå kva ein kan prestere i 2011... Første stevne ut no er mest sannsynleg MY Dog i Gøteborg, tenkte litt på Åland men det blir for langt i frå Bergen. Eg er veldig spent på Kelly kva ho kan klare, eg veit jo kor Ted ligg an tidsmessig, men med Kelly er eg usikker på kor vidt ho kan hevde seg blant dei raskaste....Men det er berre å fortsette å trene jevnt og trutt så gir det resultater til slutt....
Ha fortsatt ei glimrande jul og eit godt nyttår...