mandag 20. juni 2011

Sommar...



















Tida går fort og det nærmer seg ferie... Det blir sjølvsagt mykje konkurranse på våren og sidan sist har vi vore både i inn og utland, og resultata ja dei er jamt over bra med begge hundane.


I byrjinga av juni reiste eg , Mathias, Rune , Dorte og Line på tur til Sverige og vakre Falkenberg. Og eg seier berre ein ting at svenskane dei kan dette med å gjennomføre stevner. Været , banene og ikkje minst brukshundklubben der vi var var rett og slett suverent. Ein av dommarane vil eg gjerne trekke fram Petter Nordlien frå Norge som etter mitt syn er ganske genial når det gjeld banesetting. Gode, tekniske baner der du må ha mykje godt verktøy for å løyse dei, inspirerande enkelt og greitt. Dommarane er ikkje uviktige for å seie det slik....Kelly hadde to feilfrie flotte løp i ag 2 fin trening og gode baner. Aller høgast hang nok 2 plassen i hopp 3 stor der ho konkurrerte mot hundre andre store hundar, ho er fin den små hunden min. På veg heim var det stopp i Drammen der Ted og Kelly fekk henholdsvis 1 og 3 plass i hopp 3 (Kelly hadde beste tid men med eit riv). I ag 3 gjekk Ted eit fint løp men blei noko overivrig ned av mønet, og sidan det nærmar seg uttak så måtte han nok opp igjen på..Flott tur og mange gode erfaringar rikare.....

Forrige helg var eg på enkelt stevne på Stord , flott bane , nydeleg vær og gode baner..




Kelly vann ag 2 og hopp 3, dermed fekk lille Kelly mora siste napp til klasse 3 ag...Ted gjekk feilfritt ag 3 og fekk 2 plass bak søstera si i hopp 3. Ein vellukka dag på alle måtar....

Denne helga har det vore stevne i Bergen, veldig gode baner av godaste Bernd Huppe. To nye feilfrie løp i ag 3 med Kelly naseduttane blei verkeleg utprøvd i helga og det begynner å sjå bra ut heldigvis, flott feilfritt løp i hopp 3 og feilfritt lagløp. Ted gjekk og feilfritt hopp og agility og lag. Handlingsmessig er eg veldig godt fornøyd veldig gode felter på begge hundane i helga, og gjer eg ein skikkeleg jobb så ligg eg ikkje tilbake for nokon. Veldig spennande synes eg det er at Kelly begynner å finne formtoppen ho er ein fantastisk liten hund som GIR alt....Til helga er det uttak og det er alltid spanande , vi får sjå kven som drar lengste strået. Eg skal iallefall gjere mitt, og eg har to gode hundar det er iallefall sikkert....God sommar alle der ute....

fredag 10. juni 2011

Førstemann...


Eit lite stilstudie av ein fin border collie.....