mandag 28. mai 2012

Om å vere medgangssupporter...

Eg reiser litt rundt i Norge på hundestevner, og det er spesielt ein ting som gjer meg veldig trist og betenkt.
Når det går bra resultatmessig så er vi oppmerksomme mot hundane og berømmer dei for god innsats, men blir det feil ein stad i banen så er det hunden som ikkje hører etter og då SPASERER EIN BERRE ARROGANT AV BANEN , mens hunden jobbar videre. Når eg ser slikt får eg lyst til å grine. Eg tenker at skal ein holde på med konkurranse idrett så skal du vere rettferdig. Det kan vere skuffande og ikkje få dei resultata som du ønsker deg, MEN DET ER IKKJE HUNDEN SIN FEIL. Folk står og diskuterer alle plassar der hunden gir dei fingen og rett og slett ikkje hører etter. For min del er det såre enkelt, anten har eg som handler gjort noko som kan misforsåast eller så har eg bede hunden min om kunnskap som den kanskje ikkje har. Det er EG som er veiledar og skal sjå til at hunden min kjem trygt gjennom banen. Og er det ein ting eg veit alldeles sikkert så er det at hundane gir 150 % ute i banen, då er det ikkje mykje forlangt at vi skal gjere det same, dette skal vere kjekt for både tobeinte og firbeinte.