tirsdag 10. juli 2012

Siste tida.....




Vekene fyk av gårde og eg er allereie midt i sommarferien. Det har vore eit travelt halvår både heime og på jobb... På agilityfronten har vi gjort ein heil del, reist rundt og konkurrert både i innland og utland., mange nye  vener rundt omkring. Vi har vore på uttak til landslaget, eg var så heldig å komme med med Ted. Kelly var nokre fattige poeng unna. Eg synes eg i år har vore veldig flink å få gode resultater med begge hundane mine. det krevst mykje både treningmessig og fokusmessig...
No er det EO som står for tur, eg reiser med både Ted og Kelly det blir verkeleg moro. Har nettopp kome heim frå ei strålande veke i Stavanger, kjempeflott arrangert stevne og utruleg lærerike baner med mykje fart og teknikk i . Det er nok ein ny trend, stor fart i banene og mykje teknikk, detter setter oss handlere verkeleg på prøve, men gøy er det. Svinaktig moro når det går så fort, kjenner at eg utvikler meg mykje på handling og det å finne gode vegar i banen for hundane mine.
I august er det Nordisk som står for tur på Bjerke , blir spanande og sjå kva vi kan få til der. Så er det ein tur til Tsjekkia i oktober og representrere Norge i VM, det blir lærerikt og eg er heldig som får ta del i det.
I tillegg til å ha to supre konkurransehundar har eg ein unghund, Bolt under opplæring. Foreløpig er eg veldig fornøyd med han, han er ein fin og ettertenksom hund som mest i agility har jobba med hoppteknikk. I dag har han byrja på løpende felt. Eg har bestemt meg for det dels på grunn av ein ny treningserfaring og dels fordi eg ser på dei andre hundane mine at full stopp er alt for belastende for hundane...Har tenkt å leggje ut treningsdagbok her i bloggen på korleis det går...