torsdag 17. januar 2013

Telemarkstevnet...

Årets første stevne er passert. Vi reiste fredag til Bø for å besøke Ingerid og Sigurd og å delta på Telemarkstevnet i Bøhallen. På grunn av snø og kulde blir det dessverre for lite trening, men vi stilte no til start. Eg skulle gå for Jan Egil Eide, Sascha Grunder og Harald Shjeldrup.



Bestevenner

 
Kelly er klar



Blide hunder på stevne.....

I tillegg til at Ted og Kelly skulle gå, så skulle eg debutere i agility og hopp med Bolt som i helga fylte 18 mnd. Med ein ung hund så var det primært to ting som eg ynskte å teste, det eine er å ikkje få noko skilnad mellom trening og konkurranse,teste ut om startrutinar og felter endrar seg på konkurranse. Det er og litt interessant å sjå korleis ein unghund takler alt  rundt ein konkurranse, det få ein god startrutine, lære hunden til å springe til ekstern belønning etter endt løp, perfekt stressnivå for å prestere.. Dette var eg veldig nervøs for, men eg hadde ingen grunn til å bekymre meg. Bolt han tok alt på strak labb. Han brydde seg ikkje om andre hundar som sprang agility, han var fullstendig fokusert på meg både før , under og etter løpet..Det å gå med tre hundar skal nok bli litt travelt og interessant framover. Bolt er utruleg kjekk å gå med, han er den av hundane mine som har gått minst kombinasjoner, men som likevel har best kunnskap om korleis han skal bevege seg. Han er utruleg lydhør og mjuk og følger meg veldig godt. Av fire løp så blei det to disk og to løp med fem feil, hadde ikkje eg vore så forsiktig i handlinga mi så trur eg nok han hadde hatt fire napp, men det er ting som kjem. Med Ted og Kelly følte eg at fekk til veldig mykje bra, tre seire blei det og det var fryktlig nære at det ikkje blei meir. Eg fekk meg nokre vegringar i helga som var veldig unødvendige. Men eg synes vi går godt og offansivt, hundane mine er utruleg lydhøre og flinke og eg klarer å teste ut det vi har trent på noko som eg er godt fornøyd med.




Med Bolt er meininga at eg skal ha både stoppfelt og løpende felt. I helga fekk eg testa begge delar , eg synes han er kjempeflink.....Eg har lagt ut nokre filmar av han på facebook, dei to andre har eg dessverre ikkje film av som vanlig.