søndag 30. mars 2008
Attityde.....
mandag 10. mars 2008
Vinn eller forsvinn...
- Startane hans, han sit så fint og balansert med vekta på bakparten
- Gjekk inn i utg.pos både på høgre og venstre side (innsitt på høgre side har han nettopp lært) Det er berre heilt utruleg at eg ikkje har tenkt på å lære han dette før.
- Feltene, han hadde nydelege og nøyaktige felter, gjekk på fri kommando
- Flink å lese linjer
- Veldig lydhør og fin
Sjølv om eg var litt rusten så er eg veldig fornøyd med TEd. Det er mange ting som skal klaffe, det gode er at no får vi berre leggje oss i selen og trene endå meir. Vi må rett og slett skaffe oss litt meir rutine. Neste stemne er 12-13 april her heime, så går turen til Arendal etter det......I dag har eg og TEd sysla litt med burleikar og det begynner sakte men sikkert og ta form. Bjørnar har og hatt ein runde med meg der han har tagga meg for riktig armbruk over hindera, eg slurvar ein del med det. Men det blir betre og betre.
Eg sier som Susan Garrett "you can t have speed without understanding".......Fornuftig dame.....
torsdag 6. mars 2008
Lead Out Pivot.......
Begynte på venstre hånd og bytte til høgre mellom 3 og 4. Dette var ei kjekk lita øving for oss, og det gjekk kjempebra......
Ted i kjend positur, han følgjer alltid ivrig med....
- Lese linja når armen min kjem opp
- Sitt(skal vere rak i kroppen, og med vekta bakover når han skal starte)
Fordi eg har hatt for dårlige kriterier i forhold til startane mine så må eg no slite med smådetaljer som skulle vore på plass for lenge sidan. Ted har ikkje hatt vekta bakover, han har hatt den framover, dette gjer at han har klart å lure seg til å ha hasane opp i frå bakken, dette er ikkje så lett å sjå. Så no har vi jobba ei tid med at han skal sitte i balanse, og det begynner å sjå bra ut. Han sit rakt og fint. Har og øva mykje på at han skal finne linjen når handa mi kjem opp.
I starten var han litt forvirra, han kikka litt på meg og så eit skrått blikk på hinderet. NO har han fortstått poenget, når eg løfter handa så finn han linja. Dette er veldig viktig å få ein hund til å fokusere frem dit den skal og ikkje kikke opp på eigar og risikere både riv og vegringar fordi hunden ikkje har berekna.
Tørrhandling : Har og jobba med tørrhandling i dag. Dette gjorde eg lite når Ted var liten, og det har eg fått svi for. Vi har jobba med sireklarbeid på høgre og venstre innside. Sette og ut over kjegler der eg veksla mellom høgre utside og venstre innside, veldig god trening. Eg trur det må vere derfor bakombyttene mine rett og slett er dårlege, eg har aldri lært hunden min det skikkeleg. Snakke meg om å gjere ting i feil rekkefølgje, men eg har i allfall tatt med meg mange gode erfaringer med TEd og vi lærer mykje kvar dag. Ein må berre våge å utfordre både seg sjølv og hunden....det har iallfall vi lært utruleg mykje av.....