onsdag 28. mars 2007

Flyt !!!!!!

NY BALL TIL TRENING !!!!!!!!
FINE TENNER !!!!!!


No er det jammen lenge sidan sist eg har blogga. Det går i sus og dus og eg har faktisk ikkje hatt tid til mykje arbeid på dataen. Sidan sist har eg vore i Oslo på første klikkerinstruktør samling. Det var kjempekjekt, men og litt skremmande å tenkje på kva eg faktisk skal setje meg inn i dette året. Kjekk gjeng og flinke instruktørar.Vel sidan kurset 17-18 mars har eg og Ted trent flyt i absolutt alt vi har holde på med. Det rare er at eg ser han faktisk kan stå midt i ein folkemengde og tilby atferder så berre det til og med når hundar spring agility ved sida av og det er sterkt for Ted. Men den atferden eg ser best at vi har fått flyt er apportering + inngangar, no er han rask og presis, skikkeleg stilig og sjå på.

Han hadde ein fantastisk apportsekvens i dag. At Ted skulle lære seg å apportere, kven skulle tru det ! Ellers har vi jobba med dekk u marsj, der har han fuska litt, albogane var litt opp av bakken. I dag hadde han kjappe og fine neddekk. HAr og trena på stimuluskontroll på sitt opp i utg.posisjon. Du verda kor fort ein klikkerhund sprett opp igjen frå dekk.

Fri v /fot, begynner å bli veldig bra, har variert mellom sakte marsj og springmarsj i dag , samt lagt på ein del vendinger og holdter. Dette takla han veldig fint.

Så var vi ein lynkjapp tur innom ag trening. I dag har eg øva meg på å føre med mest mulig ro i kroppen, samt jobba med gitte linjer. I agility er og flyten i høgsete om dagen, med ein gong flyten forsvinn blir det stopp og feil. Det er om å gjere treninga enkel nok til at du får flyt.

Og det er berre det og seie at det er ein herleg følelse når Ted fyk over hindera, han har berre blitt utruleg flink. Men det har jo kosta meg ein del fritid og nokre tusen arbeidstimarå få det til.
Fin bane i dag, Ted suste igjennom, men det eg må huske framover er å gi han plass når han skal lande, spesielt i framforbyttene for då blir det ofte hårfine riv. det må eg bli flinkare til, samt kortid eg skal køyre på og kortid eg må gi han ro i bana til å jobbe. Dette er ein hårfin

balansegang. Som Marianne sa til meg på treninga i dag : Bodil du må ha litt is i magen !!!!!

Vel det går i allefall framover og vi gledar oss ustyrteleg til å komme ut på konkurransebanene.

No har alle gått til ro i huset, hundane ligg og søv etter ein lang dag med diverse aktiviteter.

søndag 11. mars 2007

Helgekos.................



På fjelltur med svigers. Denne helga har vore heilt topp, i to heile dagar har vi vanka i herleg terreng på fjellet, berre kopla av og storkost oss. Litt regn, men stemingen var på topp. Fekk lagt ut ein del spor og hundane har storkost seg.
Men vi måtte sjølvsagt heim til agilitytrening søndag klokka 18.00. Det er fast rutine.
Ag treninga idag gjekk bra vi trener eindel på detaljer om dagen, eg ynskjer at Ted skal vere mest mogeleg sjølvstendig, og det eg faktisk ser er at han trivst godt med å jobbe på avstand. Det som ikkje alltid er like lett er timinga. Når alt går så fort så set det store krav til føraren,
dette slit eg ein del med enno, eg blir enkelte gonger litt for sein. Det vert veldig lett riv når ein er for sein.Men det går betre og betre.
Har ikkje fått trent så mykje lydighet men det kjem seg nok ut i veka, skal på første klikkerinstruktør samling til helga. Det vert jo veldig spanande og utfordrande........
Eg gledar meg veldig.

onsdag 7. mars 2007

Lydighet here we come .........

SJEKK DET UTRYKKET !!!!!
FLINKE VOFFEN, NYDELEG FAST GREP.......

Vel eg begynner å få slik sjølvtillit at det nesten er ekkelt, berre tullar. Men det er ustyrteleg kjekt å trene hund.


I dag har vi jobba litt med handling og tunnel, drive hunden i motsatt rørinngang, det kan jo vere ei lita utfordring når du har ein hund med slik framdrift som Ted. Det gjekk faktiskt kjemepfint når eg tenkte på å ha blikket retta i den rørinngangen hunden skal . Denne treningsøkta gjekk kjempefint og ikkje ein feil inngang.


HAr og trent lydighet i dag, nokre økter med metallapporten, han har eit mykje betre grep no og då blir det sjølvsagt mykje lettare for han og halde apporten stabil. Tok og ei økt fri v /fot, 50 skritt med fullstendig fokus og ulike tempovekslingar. Det er eg kjempenøgd med.


Men ikkje meire hundetrening for i dag, god natt....

Bytur !!!!

IKKJE SÅ VELDIG GODT BILETE.........................


Reiste til retrieverklubben i dag i Bergen. Dorthe, Simon, Line, Mette, Inger Elise, Sara og meg sjølv var på trening. Som mange gongar før vart det sett opp det som skulle vise seg og bli utfordrande bane. Fram til tunnel gjekk det kjempebra, mottak etter tunnel gjekk fint, men eg klarte ikkje på hinder 6 som var røret å stå i ro, det resulterte sjølvsagt i at han gjekk i feil rørinngang fleire gongar på rad. Det var berre ein ting å gjere, TA SEG SAMAN !!!!!!!

Når eg klarte å stå i ro gjekk det heilt strålande. Plutseleg feide vi i gjennom bana og det gjekk unna, raskaste tid på 22,2 sek, det høyrer med til i historia at han reiv ein pinne. Men eg er utruleg fornøyd med han. Går han feilfritt er det ingen som slår han, så det er berre å trene. Veldig kjekt å trene i retrieverklubben dei er veldig engasjerte og flinke til å sjå løysningar. Trente litt felter før eg gav meg. Eg føler verkeleg at vi har noko på gang......

mandag 5. mars 2007

Metallapport !!!!!!!!!!!!



Vel no tenkjer du vel kva i alle dagar har ei agilitybane med metallapport å gjere, vel ingenting.
Men før agilitytrening i går hadde eg meg ei lydighetsøkt, og så tenkte eg som så at eg måtte ta fram metallapporten og i allefall prøve. Det gjekk over all forventning, eg klikka han nokre gonger for å smake på og gripe over, vips stod han med apporten i munnen som om han aldri skulle ha øva på noko anna. Eg hadde sett for meg at eg verkeleg berre kunne starte heilt på nytt når metallapporten skulle på plass. Det er mykje som gjenstår men vi har kome langt på veg, og eg gir meg ikkje før eg har fått det til !!!!!!!!!Sjekk bilete over vi tok av litt begge to når belønninga kom, eg er veldig glad for at eg ikkje kom med på bilete, det hadde blitt passe teit.
Hadde meg og ei fin økt med fri ved fot. Han går veldig pent og han har blitt mykje flinkare på temposkifte.
Agilitybana var ei hoppbane . Det vart nokre tronge boksar det var ca 4 meter mellom hindera, og det har vore vanskeleg for Ted før men i går løyste han det heilt perfekt. HAn gjekk raskt og effektivt og best av alt utan riv. Han begynner å få ein god hoppteknikk no med bakbeina, og han riv sjeldnare og sjeldnare. Eg tok bana på begge hender. Det er løye med oss mennesker , vi er flinkare å handle på eine sida enn den andre, men eg har bestemt meg for lenge sidan at eg skal handle like mykje på venstre som høgre side. Eg tok nokre framsendningar, ei rett linje fram til tunnel. Eg stod igjen og berre sendte han framover. KJekt å sjå ein så flink hund i aksjon.
Men utruleg nok det eg var aller best fornøyd med var metallapporten....