torsdag 6. august 2009

Ny heimeside


Har prøvd å lage meg ei heimeside med veldig blanda resultat, den er langt i frå ferdig men med min tekniske innsikt så er faktisk dette ikkje så gale..

mandag 3. august 2009

Konkurransetrening.....

Tok med bana som han suste gjennom feilfritt, mest forsterkende det ..........

Vel kva er det det heiter "Ein god latter forlenger livet "....



Vel dei to siste dagane har vi fokusert på konkurransetrening, mest av alt har eg tenkt på å få alt til fungere på første forsøk, det er KUN eit forsøk ein får og då må fokus vere på plass.

Eg har gått fire ulike baner over to dager to med felt og to hoppbaner, eg har sett det opp konkurranselikt, eit forsøk, dommar, det einaste vi ikkje hadde så mykje av var publikum, men det får vi leige inn til ein annan gang. Tusen takk for hjelpa Mette kjekt å trene i lag med deg...
Resultata blei som vanleg litt variabelt to feilfire baner, ei disk og ei med fem feil. Det eg ser heilt klart er at tronge, vanskelege handlingsbaner går veldig bra, der får ikkje Ted opp den største farten. Problema våre oppstår ofte når du skal gå i frå full akkselerasjon og til mykje handling då stressar eg ofte for å nå i posisjon og då blir eg ofte belønna med eit riv og då er fem feil eit faktum...Eg har ein veldig god hund og vi skulle så absolutt vore igjennom fleire løp enn det vi gjer, og eg kan liksom ikkje heilt forklare alltid kva det er som går gale, anna enn at marginane er veldig små og det er fullt av små overganger i banene det vekslar mellom akkselerasjon og deakkselerasjon, threadler og pusher, serpentiner og bakombytter, og dette skal du gjere i stor fart og det er ingen rom for feil "då går det rett åt skogen". Ein annan ting som eg berre må ta tak i er felten, då spesielt vippa, der er det stor " fusk prosent ", han får ofte i konkurranse gå før han har fått signal...Men eg trur det aller viktigaste som må skje framover er ein holdningsëndring hos meg sjølv, ha tru på at eg kan, tru på at eg kan klare å hevde meg.

Det psykiske i konnkurransesammenheng er ein stor bit, og dette heng jo sjølvsagt sammen med korleis ein ser på seg sjølv. Når ein reiser rundt og går stevner så verkar det som om mange har ei fantastisk tru på egne evner og det kunne eg og gjerne tenkt meg. Det verkar ikkje som folk har vondt for å skryte over egne prestasjoner og misforstå meg rett dei har all grunn til å skryte over gode prestasjoner, men eg ville så gjerne vore i stand til det sjølv.
Men det er berre å fortsetje å øve så tenkjer eg det blir bedre med tida......Neste stemnet blir Bjerke får prøve meg på stor certet igjen og sjå om vi klarer å innfri, eg trur nok eg framover ikkje skal fokusere på resultater, men å gjere ein god jobb og vere 100 prosent fokusert når eg går, og ikkje minst ha tru på det eg gjer så går det nok vegen....
Lille Kelly blir det ikkje mykje agility på om dagen, ho skar på eit glassskår i vegkanten forrige veke, frykteleg irriterande. Ho har dei siste dagane trent litt lydighet, ruta, grep på apport, fri ved fot, vendinger, og operasjon fellesdekk og fellessitt med forstyrrelser....

fredag 31. juli 2009

Ein fin ferie .....




Vel så fort kan ein ferie gå , dagane berre driv avgarde med alle slags gjeremål. Eg ser jo og at viss eg skal oppatere for dei to siste månadane så blir det rett og slett for mykje og skrive om.

Vi har vore mykje på besøk i ferien og riktig kost oss. Vi har gått ein del agility med både opp og nedturar. Eg føler eg har mykje og bevise, at eg og Ted er eit godt team og kan gå god agility, men dessverre går det ikkje alltid vår veg om eg aldri så mykje ønsker meg det. Men nok om det eg håper at det kan løsne framover og at eg kan slappe litt av framover og kose meg med agilitien så tenker eg og at resultata kjem. Eg og Ted har mange gode resultater denne sesongen, men vi presterer for ujevnt og det irriterer meg. Eg har ein god hund og meir enn nok både kunnskap og handling i kroppen til å kunne klare det....Men eg får berre vere flinkt til å fokusere på nye oppgåver framover..
I dag har eg trent hoppteknikk med begge hundane, Ted er ein utruleg balansert og flink hoppar, medan Kelly fortsatt strever, men eg synes at ho har blitt mykje betre. Vi får berre stå på så blir det nok bra.
Har og kjørt igjennom ei agilitybane som funka veldig bra, Ted var igjennom på første forsøk, må nok bli flink til det framover og kjøre mykje konkurransetrening for å øve opp fokus og øve på ulike overganger både når det gjeld handling og fart.
Kelly har eg trent ein del rute med har tatt film som eg skal legge ut det ser veldig fint ut..

søndag 31. mai 2009

Oslo Hundeshow


Jippiiiiiiiiiiiii.

Hipp hurra for Tedden verdas beste hund. Ei helg i agilitien sitt teikn. Kjempeflott selskap, vær og ikkje minst eminente baner av dei to VM dommarane Bernd Huppe og Alf Manuel.......

søndag 10. mai 2009

NKK Kristiansand...







Ted vann begge dagar i Kristiansand, flinke gutten min. Tusen takk til min kjære husbond og sjåfør, og ei stor takk til Hilde som har vore mi moralske støtte og gode hjelper, og ikkje minst til Siv der vi har budd som grevar i hennar nye prinsesseslott. God trening, god mat og godt selskap. Vel dette blir alt for no, god natt.

mandag 4. mai 2009

Verdas beste Bordergutt 5 år....

Bestevenner for alltid...


Tusen takk til Malin for fine bilder...


Utruleg men sant, Ted er blitt 5 år, det føles som han var liten i går, men det er den vegen det går med alle......
Ein fantstisk følgesvenn og atelet......TAkk for alle læreike år, du er ein heilt spesiell venn og eg ber til høgare makter om at eg og deg får vere eit godt team i mange år framover..

onsdag 8. april 2009

Slalom......






Når ein reiser rundt omkring på konkurranser så er det mykje bra og sjå og sjølvsagt ting som ikkje er så bra.
I helga var vi i Stavanger, Ted gjekk nokre fine løp og det kjennes ut som om vi er i rute, han går kjempefint, stopper fint på feltene, tar alle signaler. Eg prøvde meg til og med på sitt som startprosedyre, det " funka" kjempefint, han sat så fint så. Vi fekk dessverre fem feil i tre løp, to vegringer der eg blir litt for sein med beskjed videre og han får for liten plass til å satse. Vi fekk ein andre og to tredje dessverre med fem feil i kvar, men det kjendes veldig bra, han hadde godt over fem meter i sekundet både i hopp og agility.
Dommar Per Berg Kirkevold hadde gjort ein jobb, fine baner med gode linjer og mykje handling. Eg likte og det han sa over høgtaler " vær rettferdige med hundane ". Synes det er fint når dommarar statuerer eksempel og seier klart i frå om at dei ikkje vil ha ubehag inne i ringen....
Det eg eigentleg ville skrive litt om er eit spesielt hinder på banen som heiter slalom. Det er heilt utruleg å sjå for nokre krumspring og omveier vi mennesker lager så hunden skal få ein enklare slalominngang, i staden for å gå i gang å trene slik at hunden er i stand til å ta den sjølvstendig. Handling blir mykje enklare når hunden kan sin del av jobben, og du sparer utruleg med tid. Ein hund som du kan sende i slalom og stikke i frå for å plassere deg gjer at du rekker opp i neste kombinasjon uten stress. Eg har ført statistikk på Ted sine slalominnganger og han har aldri hatt feil på dette hinderet i konkurranse, no er det ikkje slik at ein god slalom kjem gratis, det ligg mykje jobb både med inngangstrening og proofing.
Ted har lært slalom med sheiping, det har vore ein lærerik og ganske lang veg, men resultatet er eg godt nøgd med. I desse dagar har eg nettopp byrja med Kelly, vi har hatt fem korte økter. Med henne er tanken å bruke 2*2 slalom, her anbefaler eg Susan Garett sin slalom dvd som er heilt knall...Fordelen med denne metoden er at hunden lærer seg både å gå slalom+ alle innganger. Med Ted så lærte eg han først å gå slalom deretter byrja eg med ulike innganger. Kelly er ei jente som er lett å jobbe med, ho er lett å belønne, har mykje energi, og ho er sheiping klok, ho er utruleg utholden og ho dett ikkje i do om ho ikkje klarer det på første repetisjon då prøver ho berre endå hardare, det er ein stor fordel. Eg skal prøve og leggje ut ein film som eg har laga, i mellomtida får eg gå inn igjen i senga, har faktisk ikkje vore så forkjøla og dårleg på lenge,. I dag hadde eg 40 i feber, og Bjørnar ropte meg fint inn igjen når eg prøvde og snike meg ut og trene med Kelly. Vel det er nok sikkert lurt og holde senga, men i alle dagar kor kjedeleg det er ......God påske til alle ...