mandag 4. oktober 2010

Mot nye mål.....

Ted tar seg ein liten kvil
Kelly på veg heim 9 veker gammal....Ei lita stjerne


Heile gjengen min ,vi er eit samensveisa team





Verdas beste treningskompis, han blir aldri lei av å henge saman med meg...






Når ein får seg ny hund har ein ofte mange planer for den og for framtida men ein anar ikkje korleis det vil ende (heldigvis). Min målsetning er å bli veldig god i agility, i ein nokså travel kvardag er det ikkje lett å få tid til alt, men som det heiter " alle munnar drar" og er det noko eg føler at eg har fått bevist så er det at det er bedre å trene litt å ha kvalitet i treningen enn mykje og ikkje vite kva du vil ha. Eg har mange gode støttespelarar rundt meg så god åleine har eg ikkje blitt. Men endeleg har ting løsna litt for oss . Kelly har gått ti feilfire hoppløp på rad , så no har eg flytta ho opp i klasse 3 eg har bekymra meg veldig over hoppteknikken men det ser ut som om det har løsna no. Kelly er ein suveren hund å gå med uansett kva vinkel ho får på eit hopp er ho like elegant over ho er utruleg førarvar og stoppar som ein gud på feltene. I ho har eg ein hund for dei store mesterskap, målet er å stille i Vm uttak med ho neste år. Ho fekk dessverre akkurat ikkje vere med i NM i år då ho manglar eit napp i agility, men berre vent til neste år...Kelly gir meg ein enorm sjølvtillit, eg vil anta at den mentale biten i agility tel iallefall over halvparten. Eg føler og at eg og Ted er på hogget, han har godt jevne og fine løp siste tida, han har blitt norsk hopp champion og om ei veke skal vi vere med på uttak til nordisk. Det blir veldig spanande, eg veit at Ted er ein hund som er rask nok til å gjere det store men vi må gå for null og det er ikkje alltid like lett. Utfallet av uttaket veit ein ingenting om , men kjempe ja det skal vi eg og verdas beste Ted.. Gledar meg til neste veke då er det husmorferie og agilitytrening i lag med Couchereon og Nåtas alltid like lærerikt og inspirerande,
Ha ein suveren fredagskveld.............


fredag 3. september 2010

Nok ei veke....

Gjengen min
Lille Kelly


Masse bær fann vi på vegen

På turen ned igjen heimbygda vår......









Gamle far var og med





Å kor glad eg er i desse gutane....






Nydelege.....


Førstemann til boka , Mathias fann seg til og med eit par briller slik at han kunne lese men han fann ut at han ikkje såg noko som helst

Denne veka har vore trasig på mange måtar eg har lege heile veka med migrene det vil seie at det du får gjort med hundane er veldig begrensa, men det er dessverre ingen ting å gjere med skulle berre ønske at eg hadde mykje meir energi....

Men eg har vore på ein fantastisk fjelltur og det var ein stor opptur. I helga blir det kurs ein veldig kjekk og lærenem gjeng.

tirsdag 27. juli 2010

Å gjøre som det lønner seg......


Verdens beste guttar......

På nesten alle kurs eg har er det to ting som nesten alle kursdeltakere synes er vanskeleg og etter mitt syn så heng desse to områdene saman, starter og kontaktfelter ( hovudsakleg to av to på). Stoppfelter i agility krever ein god endeatferd som er sjølvsagt for hunden når du beveger deg inn i alle posisjoner du må bruke lang tid på å generalisere nye felter, plasser for å se om hunden forstår. Mange trener med skål eller annan påvirking på trening, i konkurranse endrer kriteria seg skåla/ påvirkningen skal vekk og plutseleg kan ikke hunden feltatferden lenger, det er ikkje så rart.
  • Velg en feltatferd som blir lik både på trening og i konkurranse, då gjer du det lettare både for deg sjølv og ikkje minst din firbeinte venn

  • Kriterier - når hunden har lært seg korleis den skal stoppe så handler det om å ALLTID oppfylle kriterie for å gå videre , og eg har ein anelse om at det er her det skjærer seg for enkelte. Ein er nøye på trening med at hunden berre får gå på verbal kommando " fri ", i konkurranse er ein gjerne nervøs, starter hunden før ein skal eller at hunden starter uten din kommando, plutseleg får ein et problem som oppstår på stevner, fordi du ikkje klarer å holde ditt eget kriterie. Ein annan ting eg opplever problematisk er at folk generelt belønner hundene sine for å få forlate feltet, og då tenker eg at når det kun lønner seg å springe videre hvorfor skal hunden da stoppe på feltet når det eneste som lønner seg er å springe videre. Fra hunden sitt synspynkt er det jo logisk. Eg veit berre at før eg begynte å belønne Ted for å virkelig stå på feltene hadde han ingen som helst forståelse, for han var det berre trangen etter å få lov å springe videre. Eg trur det er mange som opplever det samme, så min oppfordring må da være AT LA DET LØNNE SEG Å STOPPE , BELØNN HUNDEN NÅR DEN STÅR PÅ FELTET.
  • Gjør det samme på trening som på konkurranse slik at hunden får et klart bilde av hva som er rett repetisjon og gal. En annen ting eg pleier å gjere viss hunden forsøker å slurve med kontaktfeltatferden på konkurranse er å stoppe på et kontaktfelt og springe ut å belønne. Det er nok litt surt i starten å ødelegge det som kunne blitt et godt løp, men på langsikt tenker eg at eg vil få betalt for strevet. Hunden lærer seg da at det nytter ikke å slurve en utfører alltid atferden korrekt det er forutsetingen for å få lov til å bevege seg videre i banen. Er man konsekvent så blir feltatferden bra.
  • Samme sak gjelder for startene, la det lønne seg å sitte tilbake, la hunden av til få starte andre ganger få gå til leksak feks som ligger bak den.
  • Variasjon er også et stikkord når det gjelder felter og starter, varier din egen posisjon mye slik at hunden lærer at uansett hvor langt du går ut eller hvilke hinder som kommer etter feltene så er det akkurat det samme kriterie.
  • Rundt på stevner ser man mye " krangling " på startstreken, hundene prøver seg på å tjuvstarte, føreren går tilbake gang på gang og legger hunden ned igjen for at hunden likevel får bestemme når den skal få gå. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har sett at hundene da river første eller andre pinne fordi den er helt i ubalanse. Dessuten forsvinner fører sitt fokus for det som skal skje ute i banen når man skal bruke så mye energi i startene.
  • Legg så mye trening i disse atferdene at det blir selvsagt for hunden hva den skal gjøre - hold deg til kriterie ALLTID.............Med andre ord la det lønne seg

søndag 11. juli 2010

Vegen vidare...

To månader sidan forrige blogginnlegg det er god statistik vel fritidsproblemer har vi ikkje. Det er i allefall veldig godt å ha ferie. Ferie betyr mykje kvalitetstid med familie og gode venner , og ikkje minst hundetrening...Når det gjeld agility så har det blitt nokre stevner siste stevne var på Oslo hundeshow der Ted gjekk fleire feilfrie løp. Eg og Ted har etterkvart blitt eit godt team ikkje i den forstand at vi alltid går feilfritt men det føles så bra når vi går det flyter og han er ein fantastisk hund å gå med han gir absolutt alt, eg elskar den hunden. No har eg og Mathias nettopp kome heim frå Lillehammer der vi har gått stevne det har nok ein gong gått opp og ned Kelly vann agility 1 over 48 hunder på fredag ho er herved då i klasse 2 i agility, eg har halde ho vekke frå agilitykonkurranse no i 2 mnd eg er veldig i tankeboksen når det gjeld feltene hennar skal eg fortsette med to av to på eller running. To av to på er veldig vanskeleg å administrere hunden skal kun løysast ut på kommando og ikkje på kroppen din, dette synes eg faktisk er vanskeleg. Ein anna ting eg synes er vanskeleg er at eg med Kelly heilt frå starten av har kjørt mykje handlingsbaner, det vi har møtt av konkurransebaner har vore det motsatte lange strekk rett fram det eg såg fort med Kelly var at ho snart blei meir opptatt av å springe enn å opprettholde kontaktfeltadferden dette er jo ikkje så rart når ho ikkje er vant til å møte slike baner på trening, og er det noko eg ikkje skal ha så er det ein hund som hopper kontaktfelter det er Kelly alt for god til. Det var då eg bestemte meg for å sløyfe agilitykonkurranser der banene berre handla om å springe fra tunnel til tunnel. Fredag så hadde Petter Nordlien laga ein suveren agilitybane, eg skulle berre ut å kikke litt på den og bestemte meg fort for at denne banen skulle meg og Kelly gå. Vel både handling og felter satt som eit skudd og Kelly vart vinner av klassen. Ho er to ulike hunder får eg baner som faktisk inneheld handling så går ho som ein drøm, får eg baner der vi to må kappspringe så fører det berre til at ho legg hjernen igjen på startstreken.Resten av helga har det berre vore rett fram og eit bytte i banene og då stod vi over og det angrar eg ikkje på. Så til eg veit heilt sikkert kva felter eg skal ha så skal eg ikkje gå agilitykonkurranser med Kelly. Det er utruleg mange som sliter med feltene, og kor lett er det for hundane når dei er dårleg grunntrente det blir forventa at dei skal springe det fortaste dei kan og etter 20 meter med kappspringing så skal hunden stoppe, hunden kan ikkje atferden godt nok og eigarane blir sure og sinte og spør oppgitt dette pleier då ikkje hunden min å gjere. Ein anna ting eg har sett meg forarga på er belønning av hunden etter løpet, det er utruleg mange som berre lenkar opp hunden og berre tar han med seg. Eg blei kraftig provosert i dag når det blei uttalt at leikane som låg rundt teltet burde ligge i bosset. Dette klarer eg berre ikkje å bli klok på er det heilt forferdeleg etter endt løp at hunden får springe til belønninga si , eg synes det motsatte er forferdeleg, hunden yter sitt beste og får ingenting i betaling.

Ted vann agility 3 og han begynner å bli suverent god i agility eg vil faktisk hevde at han har utruleg gode felter eg blei litt urettvist i dei andre løpa mine dømt for oppgang på stige og nedgangen på mønen til tross på at eg hadde det på film og at han heilt klart hadde feltet, det er veldig surt når vi går så god agility som vi gjer, men det er ingenting å gjere med det. Eg og Ted har hatt litt opp og nedturer denne våren. Vi satsa mot Vm uttak men der kom vi ikkje med på grunn av ateg var for seint ute med rabies vaksinen det var veldig leit for eg vil så gjerne vise at vi duger ellers har eg gått så mange gode løp i år men liksom ikkje blitt belønna for det, som Dorte brukar å seie det er nok nokon som vil teste din indre styrke , ja enkelte gonger føles det faktisk slik, men ein ting veit eg at bedre blir vi heile tida og eg er fast i trua på at vi skal lukkast. Eg har to utruleg gode hundar som eg kan nå verkeleg langt med og eg tenker å sette alle kluter til for å nå mine mål.

tirsdag 4. mai 2010

Nok eit stevne.....

Viss du lurer på korleis ein hund bør hoppe så sjekk ut dette bildet som Ronald har tatt av Kelly...Nydeleg synes eg
Ted har vakre felter...

Nydelege gutten min..


Kelly i fint driv i hopp 2



Shit var den den veien du sprang her får vi fem feil i agility søndag, vegring ellers nydeleg løp




Finaste Kelly som ikkje bryr seg lenger kva høgd som står på hindera




Ingenting i vegen med arbeidsmoralen...


Førstemann i mål........






Dei fine bildene er tatt av Malin Hvidsten, tusen takk Malin
Nok eit stevne og nok ei helg passert i agilitiens teikn. Vi har hatt stevne på heimebane og for ein gongs skuld var det kjekt å ikkje ha 10 timar å køyre heim etterpå.. Veldig koseleg stevne med mykje kjekke folk og hundar og fint vær . Resultatmessig så har det nok ein gong vore skivebom 5 feil i alle løp med Ted og feilfri i uofisiell hopp.. Urettferdig eller ikkje slik er det, men eg hadde lyst til å skrike på lørdag når det datt ein pinn i bakken fleire sekunder etter at Ted hadde passert hinderet det blas frykteleg den dagen. Dette er ingen forsøk på unnskylde meg fordi det treng eg faktisk ikkje, med unntak av agilitien søndag der eg plasserer med dårleg etter røret og Ted oppfattar ikkje min bevegelse og eg får ei vegring. Noko anna er det rett og slett ikkje å utsette han tar alle felter sjølvstendig, eg kan ligge på lang avstand og han utfører likevel perfekte kontaktfelter.. TEd går så godt at det er utruleg at vi ikkje har ti feilfrie løp i år i staden for 10 med fem feil-. Men ein ting kan ingen ta fra oss vi er veldig stabile vi er i gjennom alt vi går det manglar berre den siste finshen om det kjem det veit eg ikkje men som Bjørnar så klokt sa det kos deg med dei flotte hundane dine, og kanskje er det mykje rett i det. Når ein konkurrerer om å vere best så det mykje alvor og nederlaga blir desto større når du heile tida er så nære....Når det gjeld Kelly så må eg berre flire ho er ein heilt eksepsjonelt god hund, ho storkosar seg ute på agilitybana...Eg trur det kjem til å gå ei stund før vi kjem oss opp i klasse 3, til no i år har vi berre møtt opne baner med lange strekk utan handling. Ho har fine felter, starter og går som ei kule, men den eine plassen i banen du får litt handling er du så langt bak at du misser hunden din anten vegring eller disk og slik har det vore heile denne helga og...Med Kelly har eg store framtidsutsikter som eg ikkje kjem til å skrive ned her, ho er ein utruleg god hund...Det er alltid mange gode råd når det gjeld agility. Det beste rådet denne helga vart sagt om Kelly " berre hold deg farmfor henne i heile banen så får du det nok til til slutt ". Vel for dåke som har sett ho gå og som veit kva baner eg siktar til så skulle du nok hatt vinger viss du skulle klare det.........Men ein ting er eg i allefall skråsikker på og det er at eg har to av dei beste hundane i Noreg, eg får kanskje ikkje vist det til verden i dag,,men ein dag så......










mandag 26. april 2010

Livet er av og til urettferdig.....

Som Greg Derrett så fint sa om Ted " he takes his job very seriously "


Vel alle veit jo det at livet inni mellom kan vere urettferdig, og dette er ikkje meint som noko SYTE innlegg frå mi side. Men eg tenkte at eg kanskje med den frustrasjonen eg har i kroppen i dag kanskje kan skrive det av meg , nullstille meg å vere klar til neste helg og nytt stevne....

Dette er tredje stevnehelga på rad eg reiser heim igjen med 5 feil i bagasjen, viss eg var ein slurvete handler og ikkje låg noko tid i å trene hundane mine så skulle eg fortstått resultata, men i helga har eg gjort alt som ein god handler skal gjere , springe rundt ein bane på raskeste og mest effektive sett, men uansett kva som skjer så snik det seg inn 5 feil, og som mange sa til meg i helga og som berre forsterker den hjelplausheten eg no sitter med , herregud for ei tid du har, ja Ted ligger alltid foran dei beste i Noreg tidsmessig, i helga var han alt i frå 2 til fire sek framfor sine konkurrenter, men kva hjelper det når det går ein bom i bakken, og det verste av alt er at eg veit ikkje kvifor det går ein bom i bakken. I tillegg er det mange som har tankar rundt dette, ein av dei beste utsagna som eg fekk i helga var "at du er berre ikkje god nok " og då tenker eg verkeleg kven er det då i Noreg som er god nok og kva er det å vere god ? Akkurat det same skjer med Kelly prikkfritt agilityløp nest siste pinn før mål den går i bakken.....
Av og til har eg frykteleg lyst til å kaste inn handklet, men som Bjørnar så sant sa det i går anten får du gi deg med agility eller så får du komme tilbake, trene endå meir og vise kva god agility skal handle om. Sjølv om det ikkje føles slik i dag så veit eg at fornuften seirer til slutt, så eg går nok for alternativ 2....
Fokus fram mot helga SKAL vere

  • Fokuser KUN på deg sjølv, det du skal gjere og hunden din, om folk skulle komme med nokre velmeinande råd lukk det ute


  • Fortelle meg sjølv inni mellom at eg faktisk er GOD.....og å hå klokketru på at slik eg trener fører faktisk fram

Når det er sagt så har eg verdas beste hundar dei gir absolutt ALT ALLTID. Eg får tårer i augene når eg ser dei gå. Så for å seie det slik kunne eg ikkje hatt eit bedre utgangspunkt. Eller som ein sa til meg i helga du får visst berre raske hundar du, til detvil eg berre seie ein rask hund er ikkje noko du berre får DET ER NOKO DU MÅ TRENE DEG TIL.....
Grattis til Dorthe som med Pytt viste kva god trening handler om (2 feilfrie løp) Til meg sjølv seier eg berre bedre lykke neste gang....

fredag 9. april 2010

Våren er komen.....























No har vi nettopp passert påske og det er heilt utruleg at vi allerede har kome til april, men i allefall er snøen vekke og det betyr at agility er ein av dei mange aktivitetane som står på timeplanen...

Mange gode økter har det blitt med agility...Charlotte har tatt bildene...