torsdag 25. november 2010

Styrketrening....

Å gå agility krever styrke

Rar overskrift tenker du kanskje, vel eg tenker å forklare kvifor eg tenkjer det er så viktig. Eg har alltid vore veldig opptatt av hundane mine, flink til å trene dei på fysisk og psykisk, varme dei opp og gå dei ned. Ein ting eg har tatt veldig mykje tak i siste året og som eg trur gjer at eg har blitt meir stabil er omsynet til mi eiga helse både fysisk og psykisk. Eg har jobba knallhardt med meg sjølv, fokusere på dei rett tinga på konkurranse, for meg er det rutinane mine som gir meg og hundane trygghet, samt at eg alltid sørger for å ha mykje god trening i ryggen. Før eg reiste til nordisk hadde eg nokre baner som for sikkerhets skuld inneheld 42 hinder i ein bane. Vel eg kom meg fint igjennom, men det krever enorm konsentrasjon og kondisjon. Kondisjon er nettopp ein faktor som eg har tatt tak i . Eg begynte for nokre månader sidan å springe, i byrjinga var det utruleg tungt, men eg tenkte som så at yter hundane alt så må eg trene meg slik at eg kan yte 100 %. Eg er ganske sikker på at ein del av løpa mine med fem feil tidlegare har skuldast at eg ikkje er rask nok i posisjon, dette fører til at du trur at du er tidsnok, men i realiteten er du akkurat for sein med å bremse inn. Femten kilo lettare så veit eg at eg hadde rett, ein kjem seg i posisjon og hunden min kjem til sin rett. Å trene meg sjølv kjem eg til å fortsetje med, vi er eit team det hjelper ikkje at hundane mine er dyktige viss eg ikkje sjølv yter alt. Ein annan ting som slår meg veldig er alt pratet om finnane og om offansiv handling .

Dette er heilt rett dei er offansive, men dei er og så profisjonelle på så mange andre områder oppvarming feks. Der meiner eg at det er stort forbetringpotensiale , eg var heilt åleine ute og varma hund i København og eg veit at for min og Ted sin del så er oppvarminga meir enn halve løpet. Eg såg nokre som kasta leiken nokre gongar til hunden og så inn å springe. Då undrar eg meg over veit folk kva skade dårleg oppvarming kan føre til. Vi menneska skal tross alt berre springe rundt banen, men hunden skal bruke langt fleire muskelgrupper.. Tilbake til finnane, det er utruleg kjekt å sjå på dei ikkje berre fordi dei er gode i agility, men dei er og gode på grunntrening, varme hundar og ikkje minst trene seg sjølv, dei er idrettsutøvere. Å gå agility er ein veldig liten bit av helheten, for at hunden skal kunne komme seg gjennom ei bane må grunntrening vere på plass, hunden må ha muskelmasse slik at han lett kan bere si eiga vekt utan å få belastningsskadar ( hoppteknikk er heilt uvurderlig)....og ikkje minst må vi vere fysisk og psykisk tilstede. Eg synes det er alt for mange som gir hunden ansvaret...... Vel til helga er det NM, noko om utfallet skal eg ikkje spå, men det skal satsast alt både av fører og hundar........

mandag 22. november 2010

Nordisk...


I skrivende stund sit eg og Bjørnar i bilen på veg heim i frå København, og sidan det ikkje er så mykje å finne på så kan eg likegodt skrive litt. I helga har vi vore i nordisk i København for min del første gang med landslaget, sjølvsagt spanande nok i seg sjølv. Fredag og lørdag var det internasjonale klasser, det passa bra. Med to dagar med bilkjøring for hundane var det godt å få ut litt energi og få testa underlage. Det er heilt klart ein stor ulempe at ein store delar av året går på grus og ikkje får testa ut innendørs underlag, det gjer at hundane må ha litt tilvenning. Fredag skulle Ted gå agility, veldig fin bane og godt fornøyd med korleis eg løyste banen 6 plass med fem feil, Ted sklir i satsen og tar med seg ein pinne. Lørdag skulle eg gå med både Kelly og Ted. Først ut agility Ted går eit fint feilfritt løp og blir nummer 6,, eg bestemte meg for på forhånd at eg skulle ha ein god stopp på alle felter for å kunne leggje litt taktikk for søndagen. Så var det klart for vesle Kellymora nok ein gong ein suveren agilitybane, med stopp på feltene var det over fem sekunder til neste mann. Eg er veldig glad i Kelly ho gir meg god sjølvtillit, ho har nesten same tempo i kroppen som Ted men ho har meir presisjon i kroppen , dette har jo sjølvsagt med treninga å gjere. Kelly er ein mjuk og veldig manøverbar hund som eg mest sannsynleg får mykje glede av. Eg er veldig fornøyd med løpa mine både fredag og lørdag. På lørdagskvelden var det festmiddag, veldig triveleg og sosialt. Det var ein heilt topp gjeng som reiste i lag, flinke med å bakke kvarandre opp og skryte, veldig veldig kjekt. Søndag tidleg opp og veterinærsjekk, hadde kvidd meg litt til det , men det gjekk som ein draum, Ted oppførte seg heil eksemplarisk heile helga. Søndagen må eg seie at eg handlingsmessig er veldig nøgd med. Det var veldig lange dagar og eg kjende på slutten at fokuset endra seg, det var forferdeleg varmt og mykje støy. TEd var optimal heile helga og heldigvis for meg så kom aldri dei heilt store nervene. Takk til heile landslagsgjengen, Petter, Lise og Nina som kvar på sin måte var viktige.. Og ikkje minst min bedre halvdel som køyrer meg verda rundt og som ALLTID har trua på oss.
NO kjenner eg meg heilt tom og ustlitt, eit lite bakombytte frå å bli Nordisk mester i agility, men det skulle vel slik vere, gøy å vere med var det i allefall....














mandag 18. oktober 2010

Du og jåg Ted,du og jåg......



Jippi VI SKAL TIL NORDISK.........

mandag 4. oktober 2010

Mot nye mål.....

Ted tar seg ein liten kvil
Kelly på veg heim 9 veker gammal....Ei lita stjerne


Heile gjengen min ,vi er eit samensveisa team





Verdas beste treningskompis, han blir aldri lei av å henge saman med meg...






Når ein får seg ny hund har ein ofte mange planer for den og for framtida men ein anar ikkje korleis det vil ende (heldigvis). Min målsetning er å bli veldig god i agility, i ein nokså travel kvardag er det ikkje lett å få tid til alt, men som det heiter " alle munnar drar" og er det noko eg føler at eg har fått bevist så er det at det er bedre å trene litt å ha kvalitet i treningen enn mykje og ikkje vite kva du vil ha. Eg har mange gode støttespelarar rundt meg så god åleine har eg ikkje blitt. Men endeleg har ting løsna litt for oss . Kelly har gått ti feilfire hoppløp på rad , så no har eg flytta ho opp i klasse 3 eg har bekymra meg veldig over hoppteknikken men det ser ut som om det har løsna no. Kelly er ein suveren hund å gå med uansett kva vinkel ho får på eit hopp er ho like elegant over ho er utruleg førarvar og stoppar som ein gud på feltene. I ho har eg ein hund for dei store mesterskap, målet er å stille i Vm uttak med ho neste år. Ho fekk dessverre akkurat ikkje vere med i NM i år då ho manglar eit napp i agility, men berre vent til neste år...Kelly gir meg ein enorm sjølvtillit, eg vil anta at den mentale biten i agility tel iallefall over halvparten. Eg føler og at eg og Ted er på hogget, han har godt jevne og fine løp siste tida, han har blitt norsk hopp champion og om ei veke skal vi vere med på uttak til nordisk. Det blir veldig spanande, eg veit at Ted er ein hund som er rask nok til å gjere det store men vi må gå for null og det er ikkje alltid like lett. Utfallet av uttaket veit ein ingenting om , men kjempe ja det skal vi eg og verdas beste Ted.. Gledar meg til neste veke då er det husmorferie og agilitytrening i lag med Couchereon og Nåtas alltid like lærerikt og inspirerande,
Ha ein suveren fredagskveld.............


fredag 3. september 2010

Nok ei veke....

Gjengen min
Lille Kelly


Masse bær fann vi på vegen

På turen ned igjen heimbygda vår......









Gamle far var og med





Å kor glad eg er i desse gutane....






Nydelege.....


Førstemann til boka , Mathias fann seg til og med eit par briller slik at han kunne lese men han fann ut at han ikkje såg noko som helst

Denne veka har vore trasig på mange måtar eg har lege heile veka med migrene det vil seie at det du får gjort med hundane er veldig begrensa, men det er dessverre ingen ting å gjere med skulle berre ønske at eg hadde mykje meir energi....

Men eg har vore på ein fantastisk fjelltur og det var ein stor opptur. I helga blir det kurs ein veldig kjekk og lærenem gjeng.

tirsdag 27. juli 2010

Å gjøre som det lønner seg......


Verdens beste guttar......

På nesten alle kurs eg har er det to ting som nesten alle kursdeltakere synes er vanskeleg og etter mitt syn så heng desse to områdene saman, starter og kontaktfelter ( hovudsakleg to av to på). Stoppfelter i agility krever ein god endeatferd som er sjølvsagt for hunden når du beveger deg inn i alle posisjoner du må bruke lang tid på å generalisere nye felter, plasser for å se om hunden forstår. Mange trener med skål eller annan påvirking på trening, i konkurranse endrer kriteria seg skåla/ påvirkningen skal vekk og plutseleg kan ikke hunden feltatferden lenger, det er ikkje så rart.
  • Velg en feltatferd som blir lik både på trening og i konkurranse, då gjer du det lettare både for deg sjølv og ikkje minst din firbeinte venn

  • Kriterier - når hunden har lært seg korleis den skal stoppe så handler det om å ALLTID oppfylle kriterie for å gå videre , og eg har ein anelse om at det er her det skjærer seg for enkelte. Ein er nøye på trening med at hunden berre får gå på verbal kommando " fri ", i konkurranse er ein gjerne nervøs, starter hunden før ein skal eller at hunden starter uten din kommando, plutseleg får ein et problem som oppstår på stevner, fordi du ikkje klarer å holde ditt eget kriterie. Ein annan ting eg opplever problematisk er at folk generelt belønner hundene sine for å få forlate feltet, og då tenker eg at når det kun lønner seg å springe videre hvorfor skal hunden da stoppe på feltet når det eneste som lønner seg er å springe videre. Fra hunden sitt synspynkt er det jo logisk. Eg veit berre at før eg begynte å belønne Ted for å virkelig stå på feltene hadde han ingen som helst forståelse, for han var det berre trangen etter å få lov å springe videre. Eg trur det er mange som opplever det samme, så min oppfordring må da være AT LA DET LØNNE SEG Å STOPPE , BELØNN HUNDEN NÅR DEN STÅR PÅ FELTET.
  • Gjør det samme på trening som på konkurranse slik at hunden får et klart bilde av hva som er rett repetisjon og gal. En annen ting eg pleier å gjere viss hunden forsøker å slurve med kontaktfeltatferden på konkurranse er å stoppe på et kontaktfelt og springe ut å belønne. Det er nok litt surt i starten å ødelegge det som kunne blitt et godt løp, men på langsikt tenker eg at eg vil få betalt for strevet. Hunden lærer seg da at det nytter ikke å slurve en utfører alltid atferden korrekt det er forutsetingen for å få lov til å bevege seg videre i banen. Er man konsekvent så blir feltatferden bra.
  • Samme sak gjelder for startene, la det lønne seg å sitte tilbake, la hunden av til få starte andre ganger få gå til leksak feks som ligger bak den.
  • Variasjon er også et stikkord når det gjelder felter og starter, varier din egen posisjon mye slik at hunden lærer at uansett hvor langt du går ut eller hvilke hinder som kommer etter feltene så er det akkurat det samme kriterie.
  • Rundt på stevner ser man mye " krangling " på startstreken, hundene prøver seg på å tjuvstarte, føreren går tilbake gang på gang og legger hunden ned igjen for at hunden likevel får bestemme når den skal få gå. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har sett at hundene da river første eller andre pinne fordi den er helt i ubalanse. Dessuten forsvinner fører sitt fokus for det som skal skje ute i banen når man skal bruke så mye energi i startene.
  • Legg så mye trening i disse atferdene at det blir selvsagt for hunden hva den skal gjøre - hold deg til kriterie ALLTID.............Med andre ord la det lønne seg

søndag 11. juli 2010

Vegen vidare...

To månader sidan forrige blogginnlegg det er god statistik vel fritidsproblemer har vi ikkje. Det er i allefall veldig godt å ha ferie. Ferie betyr mykje kvalitetstid med familie og gode venner , og ikkje minst hundetrening...Når det gjeld agility så har det blitt nokre stevner siste stevne var på Oslo hundeshow der Ted gjekk fleire feilfrie løp. Eg og Ted har etterkvart blitt eit godt team ikkje i den forstand at vi alltid går feilfritt men det føles så bra når vi går det flyter og han er ein fantastisk hund å gå med han gir absolutt alt, eg elskar den hunden. No har eg og Mathias nettopp kome heim frå Lillehammer der vi har gått stevne det har nok ein gong gått opp og ned Kelly vann agility 1 over 48 hunder på fredag ho er herved då i klasse 2 i agility, eg har halde ho vekke frå agilitykonkurranse no i 2 mnd eg er veldig i tankeboksen når det gjeld feltene hennar skal eg fortsette med to av to på eller running. To av to på er veldig vanskeleg å administrere hunden skal kun løysast ut på kommando og ikkje på kroppen din, dette synes eg faktisk er vanskeleg. Ein anna ting eg synes er vanskeleg er at eg med Kelly heilt frå starten av har kjørt mykje handlingsbaner, det vi har møtt av konkurransebaner har vore det motsatte lange strekk rett fram det eg såg fort med Kelly var at ho snart blei meir opptatt av å springe enn å opprettholde kontaktfeltadferden dette er jo ikkje så rart når ho ikkje er vant til å møte slike baner på trening, og er det noko eg ikkje skal ha så er det ein hund som hopper kontaktfelter det er Kelly alt for god til. Det var då eg bestemte meg for å sløyfe agilitykonkurranser der banene berre handla om å springe fra tunnel til tunnel. Fredag så hadde Petter Nordlien laga ein suveren agilitybane, eg skulle berre ut å kikke litt på den og bestemte meg fort for at denne banen skulle meg og Kelly gå. Vel både handling og felter satt som eit skudd og Kelly vart vinner av klassen. Ho er to ulike hunder får eg baner som faktisk inneheld handling så går ho som ein drøm, får eg baner der vi to må kappspringe så fører det berre til at ho legg hjernen igjen på startstreken.Resten av helga har det berre vore rett fram og eit bytte i banene og då stod vi over og det angrar eg ikkje på. Så til eg veit heilt sikkert kva felter eg skal ha så skal eg ikkje gå agilitykonkurranser med Kelly. Det er utruleg mange som sliter med feltene, og kor lett er det for hundane når dei er dårleg grunntrente det blir forventa at dei skal springe det fortaste dei kan og etter 20 meter med kappspringing så skal hunden stoppe, hunden kan ikkje atferden godt nok og eigarane blir sure og sinte og spør oppgitt dette pleier då ikkje hunden min å gjere. Ein anna ting eg har sett meg forarga på er belønning av hunden etter løpet, det er utruleg mange som berre lenkar opp hunden og berre tar han med seg. Eg blei kraftig provosert i dag når det blei uttalt at leikane som låg rundt teltet burde ligge i bosset. Dette klarer eg berre ikkje å bli klok på er det heilt forferdeleg etter endt løp at hunden får springe til belønninga si , eg synes det motsatte er forferdeleg, hunden yter sitt beste og får ingenting i betaling.

Ted vann agility 3 og han begynner å bli suverent god i agility eg vil faktisk hevde at han har utruleg gode felter eg blei litt urettvist i dei andre løpa mine dømt for oppgang på stige og nedgangen på mønen til tross på at eg hadde det på film og at han heilt klart hadde feltet, det er veldig surt når vi går så god agility som vi gjer, men det er ingenting å gjere med det. Eg og Ted har hatt litt opp og nedturer denne våren. Vi satsa mot Vm uttak men der kom vi ikkje med på grunn av ateg var for seint ute med rabies vaksinen det var veldig leit for eg vil så gjerne vise at vi duger ellers har eg gått så mange gode løp i år men liksom ikkje blitt belønna for det, som Dorte brukar å seie det er nok nokon som vil teste din indre styrke , ja enkelte gonger føles det faktisk slik, men ein ting veit eg at bedre blir vi heile tida og eg er fast i trua på at vi skal lukkast. Eg har to utruleg gode hundar som eg kan nå verkeleg langt med og eg tenker å sette alle kluter til for å nå mine mål.