onsdag 28. desember 2011

Hoppteknikk - et nødvendig onde ?

Distance grid :
Basic grid :

Energien skal komme bak ifrå, hunden skyver i frå med bakbeina...
God hoppestil : hunden skyver seg over hinderet(vekta ligger bak) , nakken høgaste punkt og paralelle bein..
(Frå VM i Lievin)
Frå eg var 6 år gammal og til eg blei 20 , så var hest den store interessa. Hest og sprangridning var det eg levde for. Kvar einaste dag året igjennom holdt eg på med hest. Som med alle andre sportar så var det veldig variabelt kor seriøst ein dreiv, men for meg var konkurranse ein veldig viktig bit av dette. Ein av dei viktigaste tinga eg har tatt meg meg frå hesteverden er 1. Kor viktig grunntrening er og 2. Kor viktig det er at dyret er fysisk frisk og god kropp ( riktig bygd, god muskelmasse og elastiske). Eg hugsar trenaren vår alltid sa at å ri konkurransar er ikkje ein tredjedel av jobben. Vi jobba mykje med hestane på bakken, bygde musklar og teknikk utan ryttar. Ein hest som ikkje har musklar og som ikkje har kunnskap om sjølve hoppet er farleg å sitje på, så ein kvar sprangryttar jobbar mykje med å lære hesten avstand, satse riktig, få igjen balansen etter hoppet og avstand og vinkel til neste hopp. I tillegg sit ryttaren oppe på hesten noko som gjer at når ryttaren er i ubalanse så må hesten iallefall vite korleis den skal vere balansert ellers så kan det ende i stygge fall der både hest og ryttar blir skada. Ein openberring som iallefall er vanleg å høyre i agilitymiljøer rundt omkring er at hoppteknikk ikkje er nødvenig, anten kan hunden hoppe eller så kan han det ikkje. Når eg høyrer slik så undrer eg meg over om dei er heilt klar over kor mange hundar som slit med avhopp og å finne igjen balansen etter hoppet, ein ser og mange eksmepler på at hunden fysisk ikkje er sterk nok i kroppen til å hoppe.. Å ikkje kunne noko om hoppteknikk det er ein ting, men å seie at det ikkje er nødvendig det stussar eg veldig på...
Målsetninga med hoppteknikk er at hunden skal lære seg å få rett teknikk slik at den sparer kroppen sin for belastning, spare tid , det hjelper den med å ha lange effektive steg i staden for mange små rundt ein bane, byggjer styrke og spenst og utholdenhet gjennom å bygge opp viktige muskler som hunden treng for å kunne hoppe og bruke seg riktig.
Når hunden hoppar er det fleire ting hunden må tenkje på samtidig
1. Veg
Hunden må bedømme avstand og kor den skal satse. Kor mange steg treng den for å finne riktig punkt for avspranget? Må den korte inn stega eller ta lengre steg?
2. Avhoppet
Kor høgt er neste hinder? Kor langt er det? Kor mye kraft må hunden bruke? Skal hunden svinge eller skal den fortsette rett fram? For å klare å svinge skarpt må hunden vere klar over dette før den skal satse, og allerede ha begynt å svinge når den satser.
3. Vektforskyvning
I avhoppet skal hunden lene seg bakover, og bruke bakbeina. Den skal ikkje kaste seg over hinderne ved å kun bruke frambeina. Nokre raser er bygd slik at dette blir vanskelig. Eksempler på dette er: Hunder som har mykje muskler i forparten iforhold til i bakbeina. Hunder med lang rygg har og større problemer med dette. F.eks. dachs og corgi. Unge hunder av desse rasene har ofte fleksibel rygg, og klarer vektforskyvning då, men får gjerne problem når dei blir eldre.
Viss man får opp maks fart på ein ung hund før den har lært seg å hoppe ordentlig, vil det lett føre til at den får dårlig vektforskyvning.
4. Vinkelen på avspranget
Hvis hunden skal fortsette rett fram kan den ha ganske svak vinkel på opphoppet. Hvis den skal svinge må den ta av nærmere hoppet og har derfor ein skarpere vinkel.
5. Høyde
Hunder er flinke til å vurdere høgden. Utfordre hundane med forskjellig høgde heile tida. Ellers blir høgden raskt ein vane, og hunden hopper utan å sjå på pinnane.
6. Få igjen balansen i landinga
Etter at hunden har landa må den få igjen balansen så fort som mulig. Viss hunden har kasta seg over med frambeina og/eller har (alt) for høg fart, lander den ofte med vekten for langt framover. Då sliter den ofte med å få igjen balansen, og denne måten å lande på sliter mykje på kroppen.
Så det å hoppe er nok meir komplisert enn dei fleste tenkjer over, hundane våre må vere gode på multitasking, i tillegg har dei ein handler som og gjerne gir siganala for seint.
Det er kjempeviktig at hundane er godt fysisk trent. For å klare å hoppe og lande riktig og med minimal slitasje på kroppen, treng hunden både sterke bevegelsesmuskler og sterke stabiliseringsmuskler . Har ein hund problemer i hoppteknikken kan det skuldast at dei rett og slett ikkje har nok muskler. Har hunden lite muskler sliter den gjerne med å ta imot støtet frå ei landing. Har ikke hunden nok stabiliseringsmuskler i ryggen og hofteområdet, blir ofte fråsparka ustøe og hunden kan vegre seg for å sparke hardt ifra fordi den mister balansen. (Og da få problemer med å gjøre ein ordentlig vektoverføring, ta lange steg og hoppe høgt) I tillegg kan hunden legge mest vekt på eitt av bakbeina så hoppet ser skjevt ut bakfra. Hunder som nesten alltid beveger seg i raskt tempo, f.eks. border collier har ofte sterke bevegelsesmuskler, men svake stabiliseringsmuskler. Desse musklene aktiveres ved å gå i skritt i ulendt terreng, balansere på ulike ting som steiner, stokker eller ulike balanseleker, samt endel spesifikke øvelser man enten kan lære hunden å gjere sjølv eller løfte beina for den:- diagonale benløft- løfte ett og ett bein- la hunden stå opp på noko med bakbeina og løfte eitt og eitt forbein (og motsatt)- reise seg opp.
Å strekke hundens ryggrad ein gang om dagen er og bra og gjere..Lokk eller lær hunden å ta nasa mot hoften, og mellom beina. Dette heldt ryggrada fleksibel, den stivner ellers fort til med åra
Ein annan ting som er bra med hoppteknikken er at du får jobbe mykje med gode starter at hunden skal sitte med vekta bak og ikkje med den på framparten. Er hunden for framtung i starten så fører det ofte til dårleg balanse når hunden tar av og du ser det gjerne på at hunden river hinder 1 eller 2. Er hunden framtung er det lett at hundane slenger seg over hoppa i staden for å vektforkskyve slik at det er bakbeina som skyver i frå....
Eg legg med til slutt nokre øvelsar som eg brukar mykje (sjå heilt oppe)
Dette er berre eit lite utdrag frå hoppteknikkens verden, eg meinar iallefall at det er noko vi burde ha kunnskap om i forhold til å ta vare på våre firbeinte....
For dei som er interessert blir det dagskurs i hoppteknikk i Fjellangerhallen søndag 15 januar

mandag 17. oktober 2011

Dagen i dag...

Trur du eg kan bli like flink som deg ein gong Ted ?





tirsdag 4. oktober 2011

Bolt...



Ja då har Bolt vore min i fire veker alt. Allerede har vi opplevd mykje saman, vi har trena og sosialisert oss, vi har vore rundt på konkurransar med storebror Ted og veslesyster Kelly.


Han er ein fin og uredd fyr som elskar og trene. I helga var vi Kongsvinger på Norwegian open som var eit utruleg godt gjennomført og kjekt stevne. Mykje god agility å sjå. For min eigen del var tanken at vi skulle bort å berre befeste for oss sjølve at det å gå agility det er vi gode på. Slik gjekk det dessverre ikkje for vår del, mange ruskete resultat og då naturlegvis ganske lav sjølvtillit på vegen heim. Vanlegvis går slikt som dårleg sjølvtillit over etter nokre dagar, men når eg tenker at til helga er det VM så passa det rett dårleg..Men slik er livet det går opp og ned og i helga var eg ganske enkelt ikkje i form.....Håper det endrar seg til helga

mandag 5. september 2011

tirsdag 23. august 2011

Bolt......



Har lånt nokre bilder frå Fanny sin blogg For the Win Bolt verdas finaste kar.



Eg veit at vi skal få det kjekt i lag.....

mandag 20. juni 2011

Sommar...



















Tida går fort og det nærmer seg ferie... Det blir sjølvsagt mykje konkurranse på våren og sidan sist har vi vore både i inn og utland, og resultata ja dei er jamt over bra med begge hundane.


I byrjinga av juni reiste eg , Mathias, Rune , Dorte og Line på tur til Sverige og vakre Falkenberg. Og eg seier berre ein ting at svenskane dei kan dette med å gjennomføre stevner. Været , banene og ikkje minst brukshundklubben der vi var var rett og slett suverent. Ein av dommarane vil eg gjerne trekke fram Petter Nordlien frå Norge som etter mitt syn er ganske genial når det gjeld banesetting. Gode, tekniske baner der du må ha mykje godt verktøy for å løyse dei, inspirerande enkelt og greitt. Dommarane er ikkje uviktige for å seie det slik....Kelly hadde to feilfrie flotte løp i ag 2 fin trening og gode baner. Aller høgast hang nok 2 plassen i hopp 3 stor der ho konkurrerte mot hundre andre store hundar, ho er fin den små hunden min. På veg heim var det stopp i Drammen der Ted og Kelly fekk henholdsvis 1 og 3 plass i hopp 3 (Kelly hadde beste tid men med eit riv). I ag 3 gjekk Ted eit fint løp men blei noko overivrig ned av mønet, og sidan det nærmar seg uttak så måtte han nok opp igjen på..Flott tur og mange gode erfaringar rikare.....

Forrige helg var eg på enkelt stevne på Stord , flott bane , nydeleg vær og gode baner..




Kelly vann ag 2 og hopp 3, dermed fekk lille Kelly mora siste napp til klasse 3 ag...Ted gjekk feilfritt ag 3 og fekk 2 plass bak søstera si i hopp 3. Ein vellukka dag på alle måtar....

Denne helga har det vore stevne i Bergen, veldig gode baner av godaste Bernd Huppe. To nye feilfrie løp i ag 3 med Kelly naseduttane blei verkeleg utprøvd i helga og det begynner å sjå bra ut heldigvis, flott feilfritt løp i hopp 3 og feilfritt lagløp. Ted gjekk og feilfritt hopp og agility og lag. Handlingsmessig er eg veldig godt fornøyd veldig gode felter på begge hundane i helga, og gjer eg ein skikkeleg jobb så ligg eg ikkje tilbake for nokon. Veldig spennande synes eg det er at Kelly begynner å finne formtoppen ho er ein fantastisk liten hund som GIR alt....Til helga er det uttak og det er alltid spanande , vi får sjå kven som drar lengste strået. Eg skal iallefall gjere mitt, og eg har to gode hundar det er iallefall sikkert....God sommar alle der ute....

fredag 10. juni 2011

Førstemann...


Eit lite stilstudie av ein fin border collie.....