mandag 14. mai 2007

Fortsatt i live!!!!!!!!!!!!!!!!!

I svevet.............................
Seiersklemmen, matmor stolt over gutten sin.........................

GAmle mann i stilfull positur over muren, han er alltid like fornøyd.



Vel dette var i grunn ei forferdeleg overskrift, men for dei som måtte lure så spinn det liv, men bloggen har lege død bortimot 1 mnd. Det har heldigvis ikkje treninga gjort.............Vi står på som aldri før, det utfordrande med hundetreninig er forøvrig at viss ein løyser ei utfordring får ein ti nye.
Ja ja på den måten er ein konstant i arbeid mot nye mål, og det er jo bra.
Vel eg kan ikkje akkurat begi meg til å oppsummere site månaden her på bloggen, då vert eg sikkert sitjande her til i morgon. Men eg kan vel summere det viktigaste.
Forrige helg var det duka for første konkurranse i agility for vårt vedkommande. Vi har trent veldig bra i vinter og eg var utruleg spent på korleis Ted ville reagere. Han var spent som ein felestreng då vi kom fram. Eg lufta han, og vi apporterte litt bjørkepinnar som eg har laga meg.
Vi har spesielt måtta jobbe med starttrening denne vinteren då han stadig kom fram over og det gjekk ikkje med matmor sin strenge kriteriesetjing, ingen bevegelse. Men dette ser no til å fungere veldig bra. Eg har jobba mykje i vinter med agilitymessig trening, det vil seie høg intensitet og liten feilmargin. Det er utruleg kor utfordrande det kan vere å setje gode kriterier, spesielt når mange av dei ein trenar med ofte tar heile baner, det er veldig fristande inn i mellom å verkelg vise dei andre kva han kan.Det er ikkje akkurat imonerande når eg og Ted kjem med små kombinasjoner. Men det viktigaste av alt er at denne treninga gir resultater.
Eg har oppnådd å få ein veldig sjølvsikker hund som aldri er redd for å gjere feil. Eg hadde ei veldig god kjensle då eg gjekk til startstreken. Ted var første hund ut, og målsetninga mi var ikkje å vinne men å oppnå flyt i alle ledd på banen. Eg sette Ted igjen på startstreken, dei neste 23 sekunda var magiske, det er ei utruleg kjensle å gå med ein slik hund, han gir absolutt alt...........................Han forserte det eine hinderet etter det andre og druste i mål. Tida hans var det ingen som kunne slå, han var 14 sek framfor hund nummer 2 i mål.
Det beste av alt er kjensla av kjemi og flyt og at ein lukkast maksimalt med eit løp. Vel klasse 2 here we come.....Det var ein kjekk start på sesongen. Ellers så blir det nok ikkje så alt for mange konkurranser dette året då eg ynskjer å bruke energien på å klare klikkerinstruktør utdanninga.
Dette set store krav til mine trenerferdigheter. Eg må innrømme at det ikkje alltid er like lett, men å gi opp er det ikkje snakk om. Apporteringa går i allefall mykje lettare no apporterer han alt i frå brusflasker til lommebøker og hansker.
I dag har eg faktisk hatt meg ei lita økt på skulen med starttrening ( sjå teikning ovanfor).
Det gjekk veldig bra han sit dønn i ro no, og eg har blitt mykje flinakre til å vere effektiv i banen utan at eg har meir bevegelse i kroppen. Lydighetsdebuten min blir vist utsett og utsett, det er så mykje i agilityverda eg ikkje kan gå glipp av, men no har eg bestem at 2 helga i juli på Lillehammer skal det skje uansett. Det er kjekt å trene lydighet, og momenta begynner å sitje so pass bra at eg trur vi berre må hoppe i det.
Men no er det seint og det er på høg tid å hoppe i loppekassen. PÅ torsdag vender eg nasa mot Trondheim og ny klikkersamling. Det vert kjekt og inspirerande.............

Ingen kommentarer: