torsdag 29. november 2007

Det enkle er ofte det beste........

Mammo og Tedden har ein pause ein fin vinterdag......
Denne kombinasjonen har eg øva på i dag.

Det heiter det iallefall i reklamen, og eg trur at det stemmer i mange tlfeller. Dei siste månadane har det vore veldig mykje trening. Det er stadig nye ting som dukker opp som ein berre MÅ trene på. Eg og Ted har mange prosjekt. Det har ført til at vi har vore litt trøtte begge to denne veka. Det er mørkt når eg går på jobb om morgonen og det er mørkt når eg kjem att og det er vanskeleg å finne energi. Når eigar ikkje heilt har piffen så får ikkje hunden det heller.
Vel gjennombruddet mitt kom i går når eg faktisk satt ute på hagemuren og surmula fordi eg ikkje hadde fått gjort noko konstruktivt denne veka og hunden min verka daff.
Bjørnar kom ut og trøsta så godt han kunne, og sa gi han ein dag pause så er det nok betre i morgon. Vel det er ein grunn for at eg høyrer på Bjørnar og det er fordi han stort sett har rett. Han fekk faktisk rett denne gongen og.
I dag har eg og Ted hatt ei enkel og grei treningsøkt med mykje springing der vi var topp motiverte begge to, kjempegøy. I dag har eg vore flink å dele treninga opp i fornuftige bitar og belønna ofte, då vaknar dyret mitt (Ted) Eg merkar spesielt i agility er det lett å bli ein "lumper" i staden for ein "splitter". Det er så lett å ta for mykje. Men i dag klarte vi og gi oss mens hunden var heilt på topp.
Målsetninga med dagens treningsøkt var korte, effektive svingar, samt ein handler som er foutsigbar. Trente og mykje startprosedyre, veksla mellom at han får gå til leike som eg kastar bak han eller få gå på hoppet. Han sit veldig fint no. I dag var alt godt planlagt og vi var godt samkøyrde, då er det supert trene.
Trente og fri ved foten, vendingar og holdt, samt å halde fokus over lengre tid.
Trente og stimuluskontroll på sitt,dekk og stå under marsj. Målet er å få stålkontroll på dette slik at han fint greier å skilje mellom desse øvelsane. Han er flink og skil no veldig godt mellom sitt, dekk eller stå. Men no ventar senga, i morgon er det nok ein arbeidsdag...

Ingen kommentarer: