onsdag 23. januar 2008

Kvifor er den gode leiken så viktig........

Øving med threadle....
Sterke Tedden.....

Fanny leiker med Ted, prøver å få han til å engasjere bakparten.

Vi mennesker er vanedyr (iallfall er eg det). Vi dett lett inn i eit spor der ting blir behagelege og fungerer greitt. Slik har eg og Ted hatt det gjennom tre år, men desto meire hund eg trener desto meir leitar eg etter prikken over i -en.

Det er i bunn og grunn så enkelt at gir du 100 prosent i treninga di så får du nesten alltid hundre prosent tilbake, og der kjem dette med ein god forsterker inn. Kor flinke er vi egentlig til å gjere belønningssekvensen lengre og betre enn krava vi set til hunden ?
Når eg trener hardt på ein ting som eg verkeleg ynskjer å få til så er det faktisk veldig lett å gløyme hunden sin . Eg trudde faktisk at eg var flink å belønne og gjere belønninga spanande for hunden min, men det er lett for at leikinga blir einspora og litt for mekanisk. Du må verkeleg vise hunden at du har det kjekt. Dei merkar veldig godt skilnaden på når du verkeleg leikar med intensitet og når du berre er halveis med.

Vel eg har iallefall bestemt meg for framover at viss det skal trenast på noko, ja då skal eg gå inn i det med liv og sjel, det fortjener faktisk hunden min.
I dag har det ikkje blitt så mykje trening, men vi ahr jobba litt med teknikken i threadle , at hunden skal hentast inn i mellom hindera (sjå figur heilt øverst) .
Greg Derrett uttaler i filmen sin at når du handler ein slik boks med threadles, då begynner du å bli god på det. Dessutan får du sjeldan neir enn 3 hinder med threadles etter kvarandre i ein bane, men eg trur det er veldig smart og trene mot det ekstreme. Så ein av våre mange ambisjoner næraste tida er å bli rå på threadles.
Vel 9 februar skal eg og Ted gå lydighetskonkurranse igjen, vi har ikkje eigentleg fått trent så mykje som ønskeleg, men døgnet har berre 24 timer.
Fri ved foten :
Denne øvinga kjem seg, men eg kjenner eg slit litt med å belønne desse momenta godt nok, slik at du får same fine presisjon. NÅr eg brukar leike blir han inn i mellom litt for heit, medan han blir fort uinteressert når eg brukar godbitar, så her må eg jobbe med å finne ei fornuftig løysning.
Har hatt hovedvekt på raske holdter, høyrevendinger, og fra holdt til springmarsj. Han henger fint med.
1.Stå under marsj
2.Dekk under marsj
3.Sitt under marsj
Desse tre øvelsane jobbar eg mykje paralellt for tida, litt for at eg skal få enda bedre stimuluskontroll slik at han verkeleg må lære seg og høyre etter kommando. Desse tre utgjer jo mannekengen i klasse elite ( snakkar meg om å ha høge ambisjoner). Men det er viktig å setje seg gode, men realistiske mål her i livet....
Avstand :
Dette er ein øvelse vi verkelg begynner å få til. HAn har ein veldig fin teknikk i frå stå til dekk og omvendt og kanskje det han sleit mest med frå stå til sitt. Det begynner å bli riktig fint.
Luktdiskriminering :
Dette er faktisk ein øvelse som eg lurer på om eg nokon gong får til. Tabben i utgangspunktet var at eg og Ted byrja rett på pinnane, slik at han trudde at det var berre apportering dette handla om, så det resulterte i at markeringa vart dårleg. Vel så var det å setje seg ned med nye kriterieplaner, denne gangen begynne i riktig ende nemleg å fryse nasa til riktig post it lapp. No begynner vi i allefall å få noko som liknar på ei markering, så får tida vise kva år denne øvelsen blir ferdig, sannsynlegvis ein gong i 2008. VI gir iallefall ikkje opp.
Vel då skal eg tilbake til Greg Derrett filmen, tenk viss han fekk ein tusen lapp for alle gode poeng han kom med, då hadde han vore rik. Eg har ei lita stund igjen før eg blir så god som Greg å handle, men ein ting er iallefall sikkert at vi skal fortsette å øve og då blir vi garantert bedre....

Ingen kommentarer: