mandag 14. april 2008

Dagens Quiz........


Denne kombinasjonen har eg jobba med i dag......

I helga har det vore stevne og eg trur faktisk ikkje eg kan huske å ha gjort det så dårleg nokon gong. Så i dag er eg rett og slett sliten og ikkje mykje motivert for noko eigentleg. MEn kva er det det heiter, etter alle slag så må ein opp igjen på hesten.
Eg har fundert mykje siste døgnet på kva det er som går gale. Eg kjem fram til ein ting som kanskje er det viktigaste, spring som om du har styggen i helane, satse på at hunden følgjer med. Dette er eit viktig poeng, viss eg nøler eit lite mikrosekund ute i banen då resulterer det som oftast i ein disk, pluss at viss du snur deg mot hunden i banen så er skuldrene ute av posisjon, det skal ikkje så mykje til. Ein annan ting er at tenkinga må vere unnagjort i briefinga, det er viktig å leggje mykje energi ned i briefinga. Når løpet ditt begynner må du vite nøyaktig kvar føtene dine skal vere til ei kvar tid.
I tillegg har vi vore arrangørar og då har du hovudet ditt fleire plassar, du spring heile dagen, hit og dit. Men det kjem fleire sjanser.......

I dag har eg jobba med kombinasjonen som står ovanfor...
Tok den tre gonger der slalom vart første hinder så tunnel og deretter grinda med tre hinder der eg veksla mellom serpentin, threadle og push through.
Enkel og grei øvelse som iallefall bekreftar at han har full kontroll på kva dei ulike signala betyr. Ted er utruleg dyktig, det er berre så utruleg synd at føreren ikkje klarer å følgje opp.....
Resten av dagen skal gå med til å jobbe med heilt enkle ting slik at vi kjem oss litt ovanpå igjen...........

1 kommentar:

Marianne sa...

Det går opp og ned i dette gamet, det er i allefall helt sikkert. Stå på!