tirsdag 8. april 2008

Tur til Sandane.....

I helga reiste eg og Anette opp til Sandane for å besøke Marianne. Vi tok ut fredagskveld og Marianne tok godt i mot oss, like blid som alltid. Når det gjeld lydighet så er faktisk Marianne mitt store forbilde. Tenk å bu slik til , trene mykje åleine og likevel vere så god, det sier litt om karakterstyrken hennas.
På lørdag jobba eg med fri ved foten, Ted har no ein veldig god attityde som eg er godt fornøyd med. Vi jobba mykje med temposkifte. Anette og Marianne meinte eg måtte gjere noko med den sakte marsjen min, ligna meir på vanleg marsj. Dette kan eg vere godt einig i , eg har det ofte for travelt. Trente og rute, innkalling, luktdiskriminering og fellesdekk. HEilt topp og trene fellesdekk med framande hundar. På lørdagskvelden sette eg meg opp ei provisorisk agilitybane av Marianne sine solstolar, snakkar om frekkhet.
Helga gjekk som ein røyk, mange gode innspel på kva eg må jobbe meir med.
Marianna og Joffen var perfekte vertar på hotell Sandane, mykje god mat og drikke.
Tusen takk til Anette for godt reisefølgje og gode tilbakemeldingar.
Eg ser allerede fram til gjentakelse...........
Anette har forresten ENDELEG somla seg til ein blogg, BRUKSHUNDEN.

1 kommentar:

Marianne sa...

ja, det var en kjekk helg! Dere er hjertelig velkommen tilbake-anytime!