fredag 4. juli 2008

Agility, ein stor lidenskap

Badeliv er i grunnen ganske kjekt det og.....

Ted speider etter måkene...
Fine Kelly har hatt ein svømmetur...


Vel no har det faktisk blitt så gale at eg tenker på agility når eg står opp og siste tanke før eg legg meg til å sove om kvelden. No har eg brukt nokre dager til ferie og bading slik som alle andre vanlege mennesker. Neste veke blir det agility heile veka. Eg er så heldig at eg skal til Thomas og Fanny på agilityleir, og før eg reiser heim skal eg teste den nye kunnskapen på Lillehammer neste helg. Då er det agilitystevne og det trur eg blir kjempegøy. Ted gir alt og det kan du vere SIKKER PÅ AT EG OG SKAL....
Ved sida av agilitytreninga med TEd er det mykje trening med Kelly.
Vi har komme godt i gang med mange grunnferdigheter (mest i agility).
Desse tinga har vi jobba med dei siste vekene :
- Nouse touches og travel plank ( eg har ein ide om at eg skal øve inn løpende felt, parallelt så skal eg øve inn to av to på).
- Eksplosive starter i frå stå dekk og sitt. Dette blir viktig i startprosedyrer både i lydighet og agility. Sitt kjem til å blir Kelly sin startposisjon.
- Leikutvikling, her er ho blitt veldig flink, leiker godt med ulike gjenstander og har fått ein fin slipp kommando, har og vorte veldig flink å komme tilbake med leiken og oppfordre til ny drakamp. Veldig fin vektforskyvning. Lært seg til å ta leiken på ta den kommando.
- Appportering, ho er veldig glad i å bære, har fått prøvd Ted sin store metallapport, den bær ho så fint avgarde.
- Klossen, ho går kjempefint inn på både venstre og høgre side både på klossen og på bakken
- Rygging , vi har brukt mykje trappa heime til å rygge opp, ellers berre å rygge bakover på golvet.
- Fri ved foten og vendingar, ho har veldig god bakpartskontroll ho rygger i firkant og har veldig fine vendinger, ho har og sideforflyttninger både til høgre og venstre heilt facinerande å sjå det vesenet kor konsentrert ho er no ho jobbar. Ellers så tilbyr ho frivillig ein veldig fin fri ved foten god attityde og mykje energi.
- Mykje innkalling med både framforbytter, oppbremsing, og snu 180 grader.
- Tørrhandling, ho går no fint i sirkel rundt meg både høgre og venstre utvendig og høgre og venstre innvendig.
- Crate games, dette har vi grunn fått jobba alt for lite med, men vi er komen i gang og ho har relativt fint driv inn i buret. Det blir bedre for kvar dag som går.
Kelly er flink og har god arbeidskapasitet. Gledar meg no til reise avgarde å få ny inspirasjon og nye idear til kva ein kan gjere bedre.
- Feltene til Ted har eg og begynt å ta tak i , han har ein heilt grei stopp med to av to på, men eg ser at han belaster kroppen for mykje i stoppen, har ikkje god nok vektforskyvning, eg jobbar og med nouse touches med han slik at han lettare skal kunne drive inn i rett posisjon, senke hovudet.
Vel til resten gjenstår det berre å seie god ferie vidare no blir det iallefall bloggtørke ei veke.

Ingen kommentarer: