torsdag 18. september 2008

Litt småplukk...







Når ein driv og konkurrerer ein del er det viktig å drive forebyggjande arbeid. Teste ut at hunden har like god forståelse for min posisjon, for felter og starter. Agility kan sjå veldig tilfeldig ut i innimellom, men eg har erfart at det er ein enorm jobb å få ein stabil hund som har forståelse for for førers posisjon og signaler.

Eg las i Karine sin blogg om ulike posisjoner i ein bane, eg måtte sjølvsagt teste dette ut, takk KArine.
Synes faktisk at det er ganske imponerande at Ted leser signala mine perfekt, når eg stiller meg i LOP posisjon ser du at han heilt i starten lager ein god og effektiv sving mot hinder 3. Når eg står i posisjon nummer 4 Som er serpentinposisjon så har problemet vore at han prøver å stusse og ikkje leggje inn ekstra steg, men no har det blitt mykje betre . Når eg står med tunnelen så går han. Det er så kjekt med gode huskereglar....
På tysdag var eg og TEd på uoffisiell agilitykonkurranse på Varden. Line Choucheron hadde laga nokre flotte baner til oss, har her tatt med hoppbanen som var veldig festlig. Kjempekjekk kveld med masse agility, kan det bli bedre. Eg føler at vi er i rute til konkkurranse i morgon, vi skal gå ut og gjere vårt beste Tedden og eg.
I går jobba eg med dobbeltboks for å drille meg sjølv og teste forståelse. Dette har eg filma, håper berre eg får det til å leggje det ut.
Lille Kelly har eg jobba mykje med akkselerasjon og deakkselerasjon til bur, og det begynner å blir riktig bra.
Ho begynner å få god forståelse for mine signaler, har og trent One jump denne veka, skille mellom fri og ta den som ho no er blitt veldig flink til. Ellers heldt vi ein del på med apportering, det er så lett for å berre lulle seg inn i agilityen. Eg hadde jo faktisk lova meg sjølv at Kelly og skal gå lydighet.
Ha ei strålande helg alle saman, det skal i allefall eg ha.......

Ingen kommentarer: