Veit ikkje heilt kva vovven tenkjer her......
Mathias er flink å klatre i tre...
Tur høyrer med. Her har eg alle hundevennane med på tur...
To tøffe guttar som er berre er rå på sykling.
To tøffe guttar som er berre er rå på sykling.
Eg og Ted har jobba med bakombytter dei siste dagane. I bakombytter er det mange finesser å tenke på, men til gjengjeld når du verkeleg får dei til så får du ikkje finare og skarpare svinger.Stort i alle baner må man utføre bakombytter så det er like godt å få det inn i verktøykassen først som sist. Men det krevst innsats og ikkje minst nokon til å sjå at bakombyttene blir korrekte. (stakkars BJørnar han er snart bedre enn meg på bakombytter iallefall i teorien)Men videokamera gir mykje viktig læring, kva du må øve meir på og kva du faktiske er god til.
No når vi begynner å få det til så synes eg det berre er så kult....
Denne veka har vi jobba med mykje forskjellig både i lydighet og agility. 1 gong i veka er det fast konkurransetrening, dette for å jobbe med min konsentrasjon og det faktum at alt skal klaffe den eine gongen ein går gjennom banen. Det er mange små detaljer som skal fungere i heilhet.
På ons dag sette vi pp ei ag 3 bane av årets VM dommer Allan Hansen, ganske utfordrande, men veldig morosam.
Ted gjekk feilfritt på første forsøk, det var vi så fornøyd med at vi berre jobba med små plukk resten av dagen.
HAr hatt veldig fokus på startane til Ted siste tida. Då vi konkurrerte for fjorten dagar sidan så kjende eg at startane føltes veldig mykje bedre ut. Det herska ro over starten, dette er viktig. Ein god start er alfa og omega for meg og Ted. Eg har fokusert veldig på å at han i staden for å dra meg inn i aglitybana skal gå fint fri ved fot fram til første hinder. Det er heilt utruleg kor små detaljer bringer nye, viktige element inn i treninga.
Ted har og hatt lydighetsoppvisning denne veka der han viste rute, innkalling med stå, apportering over hinder med tre og metallapport, sitt,stå, dekk under marsj, fri ved fot. Dette gav meg litt lydighetsinspirasjon, så eg har faktisk denne veka fokusert litt på ruta med begge hundane. Ted har i grunn ganske fin rute, men eg har litt lyst å eksprimentere for å sjå om eg kan finne bedre løysningar. Denne metoden er det vel Fanny som har utvikla.
Det var veldig morsomt med Kelly ho tok det med ein gong, at ho skulle springe inn i ruta vende opp og bli stående i ro. Kelly har bedre forståelse for It s yer choice (sjølvkontroll ) og Doggie zen enn det Ted har, men når han fekk ei lita stund til øve seg så tok han det fort. Vi er heilt i startfasen så det er for tidleg å seie noko om korleis det blir, men så langt ser det fint ut. Kelly kan eg sende frå alle sidene, eg har sett på kjeglene. Ho går like fint inn kvar gong og stiller seg opp. Ho er litt meir ettertenksom enn det Ted er, Ted han rusjer avgårde og må gjerne gjere feil ein eller to ganger før lyset går opp for han.
Med Kelly har eg jobba mykje med proofing på innkallinga og fri ved foten. Ho heldt godt fokus og har fin attityde, har øva litt på legge til venstrevendingar på rett strekk, eg la og litt holdter inn.
Kelly synes det er vanskeleg å konsentrere seg når det skjer mykje rundt, men dette blir nok litt bedre med tida.
Har og trent på dekk under marsj som begynner å sjå bra ut.
Eg har og reist litt rundt denne veka i ulike miljø for å trene på fellessitt og dekk med forstyrrelser. Eg har begynt no heime med at eg går i skjul. Ho sit så fint, det verkar som omho har forstått at for den som sitter pent og klarer å beherske seg så vanker det kanskje drakamp etterpå....
Ellers så prøve eg å vere så uforutsigbar som eg kan i treninga, men som Bjørnar så det så ironisk her om dagen, ; skal du gå fire skritt kvar gong. Så eg er nok ikkje så flink til det som eg trur...
Men iallefall ha ei strålande helg alle saman.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar