fredag 12. desember 2008

Akkselerasjon versus deakkselerasjon.....

Ein hund må beherkse både akkselerasjon og deakkselerasjon....i ei agilitybane..
Det er faktisk ganske rart og tenke på kor mykje god trening det kjem ut av relativt enkle kombinasjoner.

Denne kombinasjonen har eg køyrd med begge hundane i dag. I starten veksla eg mellom dei ulike bokstavane (A,B,C,D,E) som står skrive ved kvart hinder, eg testa rett og slett ut hunden sin forståelse for min posisjon, dernest og for å belønne hunden for å drive inn til meg (lære hunden å drive inn til meg når eg står i ro).
Når ein hund har gått agility ei stund er det faktisk viktig og av og til teste hunden og berre la den drive inn til deg i staden for å få fortsette, det er ofte slik at hundane forsterker seg sjløv med å berre fortsett, det sier seg sjølv at då tapper du kontrollen som fører. Det at du får belønna og skapt verdi for din eigen posijon og hunden får lære seg at når ein står i ro så er det lurt å søke opp føreren sin.
Eg varma begge hundane med sirkelarbeid, eg er veldig opptatt av at hundane skal ha ein god forståelse for kva dei ulike signala mine tyder. Eg starta med store sirklar på høgre og venstre utvendig eg veksla mellom framforbytter, la inn 360 graders svinger på stedet, dette er og glimrende i forhold til å lære hunden å ikkje blindbytte, deretter akkselere i full fart og bremse kraftig opp, at hunden lærer seg raskt dei ulike overgangane , akkurat som dei vil komme i ei agilitybane. Eg veit iallefall at uten sirkelarbeid så hadde ikkje Tedden vore så flink som han er i dag. Han har lært seg å følgje mine kroppsbeveglser uten å prøve å springe bak ryggen min eller å ta hinder som han ikkje skal ta (dette har tidlegare vore eit stort problem), han springer mykje fortare fordi han veit kva signala betyr og han forstår mine positional cues, og ikkje minst har svingane hans begynt å bli mykje kortare, og dette sparer ein tid på. Med Kelly har eg vore nøye frå starten og ho går så fint, og ho har faktisk enno bedre overganger mellom akkselerasjon og deakkselerasjon, ho får utruleg fine og thigte svinger.
Kombinasjonen ovanfor er glimrande og kjøre økter med akkselrasjon og deakkselerasjon, ein får då og øvd seg på god timing. Alt i alt ei kjempe lærerik økt.... TAnkane mine går i desse dagar til dei som har vore i Malmø i fire dagar og gått agility for Greg Derrett, der skulle eg ha VORE..gitt. Men å ta seg fri i fem dager frå jobb og reise over fjellet vinterstid det er ikkje berre berre...Men at dei har hatt det lærerikt og kjekt det tviler eg ikkje på...

3 kommentarer:

Simen sa...

Det hadde vært kjempegøy, hvor holder dere til og hvilket klokkeslett?

Simen sa...

Hvor er det dere holde til da? :D

TeamBonzo sa...

Ikkje så lang i frå Alversund der eg har kurs. VI kan ringes....