onsdag 3. desember 2008

Kurs med Maria Hagstrøm.......

Gjengen samla rundt ein av dei mog mange interessante øktene vi hadde.....Maria er ein enormt kunnskapsrik

og behageleg instruktør..

Eg hadde med meg lille Kelly på kurs denne gangen, og ho er dyktig denne lille voffen...


Lek og vektforskyvning



Start på fri ved fot....


Vi jobba ein del med korte kjeder..


Trine og Thea....


Mari og Billy..



Elin og Zanto....


Trine sin fine jaktlabbe..


May Britt og Yatzy.......



Tone og Skipper...


Fine Priscilla voffen til Vigdis flink lydighetshund og ypparleg agiltyekvipasje........
Kerstin og Synnøve var og med men i og med at eg gjekk før Kerstin så varma eg hund no ho var inne.
Flinke Synnøve var camera woman og konstruktiv observatør..
Vel sjølve kurset var utruleg bra, eg trur faktisk ikkje at eg har vore på mange kurs der eg har lært så mykje nytt og viktig. I tillegg er Maria ein enormt behageleg person, mykje kunnskap og flink til å lære i frå seg.
Dette var i bunn og grunn lille Kelly sitt første kurs. Ho holdt utruleg godt i desse to dagane, eg fekk mange gode bekreftelser at vi er på god vei. Med Kelly har eg vore flink til å gjere ting i frå grunnen, tanken er at eg skal gå ho opp i elite i lydighet og vi skal sjølvsagt konkurrere i agility. Fordelen til Kelly er at ho har lært seg dette med kjeding heilt i frå starten av, at hunden må gå stadig lengre før belønninga kjem. Dette er jo for å trene hunden til å tåle eit konkurranseprogramm seinare. Personleg har eg hatt veldig gode erfaringer med det. Ein annan ting Kelly er flink til er å starte opp treninga, ha bra fokus og attityde når vi trenar.
Dette var Maria veldig opptatt av. Kelly er og dessutan veldig lett å belønne, eg har vore flink til å variere belønning frå ho var lita, så no leiker ho med kva det skal vere. Vi hadde mykje om korleis ein kan konkurransetrene, gjere treninga så like konkurranse som mogeleg . Ein annan vikitg ting er dette med forstyrrelser tidleg i treningen, at det er berre å holde seg i skinnet så kjem belønninga.
Ho snakka og om " spelet" arbeid-belønninger og å bygge verdi for kvar enkel atferd slik at hunden utfører atferder med god attityde og forståelse. Viktig og å være nøye på å skilje mellom aktiv og passiv belønning, at hunden kan være i full eksplosjon det eine øyeblikket og være totalt i ro i det neste øyeblikket.
Ein god lydighetshund må kunne veksle fort mellom passiv og aktiv med god attityde.
Eg var imponert over lille Kelly, ho har blitt veldig fin på fri ved fot, vi har jobba mykje med vendingar som begynner å sjå fine ut, ho fekk og vise apportering av metall og fjerndirigering, ho har fine bevegelser no når eg står heilt nære.
Vi har og jobba mykje med å ta fleire momenter etterkvarandre før belønning og arbeidsmoralen hennars er upåklageleg. Eg prøver å variere belønning slik at det ho ikkje alltid skal få forventning at det kjem belønning etter endt moment, nokre gonger belønner eg overgangane til nye momenter.
Vi jobbar og mykje med agility, eg skal prøve no å få leggje ut nokre filmsnutter av henne..Men det får eg komme tilbake til....Topp kurs og flinke deltakere...
Så skal du ha ein instruktør med engasjement, kunnskap og forståelse så prøv å booke Maria, ho er berre kjempedyktig...











Ingen kommentarer: