fredag 16. januar 2009

Oppsummering...




Vel eg har ikkje tid til å sitje framfor dataen så eg må nok berre gir ein oppsummering på korleis veka har vore.
Eg begynner med forrige søndag då eg reiste til retrievergjengen dvs Dorthe, Line, Inger E og Rune, nok ein gong hadde Line funne ei perfekt bane med mange fine handlingssekvenser.
Eg tok ein Lead out ved hinder 3 framforbytte frå 5-6 serpentin arm ut av tunnelen på 13-14-15 prøvde eg to ting , først tok eg ei serpentin og dette var nok det raskaste banevalget, etterpå prøvde eg framforbytte ved 14 og deretter push through framforbytte ( dette har eg ein liten filmsnutt av) bortsett frå at det var eit skikkeleg møkkavær og det var utruleg kaldt. På filmen er eg i seinaste laget i to av byttene men eg holdt på å fryse i hjel, det kom seg etterpå når eg hadde sprunge litt, men Tedden er flink han han gjer akkurat det han får beskjed om. Kjekk og inspirerande trening som vanleg...



Kelly fekk og kjøre nokre lead outs + at eg trente ho opp i ridehallen på Stend, ho tok forrstyrrelsane med stor ro og det imponerte meg det var første gong ho var der. Ho jobba godt og konsentrert, eg var veldig fornøyd med økta, fokuserte mest på apportering og fri ved fot. På Stend traff eg Anette, MAri ,Elin og Thomas vi hadde ei kjempekjekk stund...Vel mandag og tysdag har eg jobba med proofing i slalomen, eg sette Ted på nokre vanskelege oppgåver, eg skulle nesten hatt teikna dei ned. Ted gjorde feil nokre gonger men etter som han er ein ganske ettertenksom kar så gjekk det veldig fort for han og forstå kva det handla om. Med Kelly har det blitt mest lydighet, ho begynner å få veldig fin attityd ho jobbar med god energi og konsentrasjon og ho gir aldri opp. I motsetning til TEd som lett kan gi litt opp så står Kelly på til " The bitter end". På onsdag trente eg agility med begge to, sette opp nokre gode kombinasjoner som tester ut forskjellige handlingsmanøvre....Det gjekk veldig fint og Ted hadde ingen problemer med å løyse vanskegradene i banen.Eg var og på ein hyggeleg middag med Thomas og Fanny, Anette, Mari, Silke og May Britt. Det er kjekt å ha nokre å prate hund med. Vel i og med at det blei seint før eg var i seng onsdag kveld så gjekk det så det måtte gå, torsdag vakna eg med migrene, ergo ingen hundtrening, måtte fint finne meg i å liggje på sofaen, men heldigvis hadde eg ein hund i kvar armkrok.....

I dag derimot hadde eg ein time og slå i hjel etter jobb før eg skulle hente Mathias på SFO. Då sette eg opp nokre kombinasjoner frå Gre sin siste dvd....



Litt trening blir det kvar dag, men eg ser veldig klart at det er detaljane i arbeidet mitt som gjer at det til slutt blir eit veldig bra resultat.

1 kommentar:

Zanto'en sa...

Så flink du, Ted'en og Kelly er, Bodil! Jeg er kjempe imponert og bøyer meg i støvet for dere - og lille Kelly som bare er 9 måneder! WOW! Stor klem fra Elín & Zanto