søndag 15. februar 2009

Konkurranse og rutiner.....


Det er heilt utruleg kor viktig gode rutiner er for eit godt resultat på konkurranse. Eg har tre hundar som er veldig forskjellige når det gjeldt rutiner.
Forrige helg var Tedden og eg på Moelv for å konkurrere i agility. Resultatmessig var det ikkje det store å skryte av, men det er veldig lite som skal til før vi når heilt til topps, vi må fortsetje å briefe godt, der har eg mykje å hente. Eg blir lett stressa når det er mange på breifinga, du får liten plass å bevege deg på og det er ikkje så lett å få lagt inn ulike handlingsmanøvre. Men dette må eg berre venne meg til for det er ein del av det å konkurrere, men det er heilt klart ein ting som eg må få betre rutine på. Ein annan ting som vi taper stort på i konurransesammenheng er stressnivået til Ted. Han elskar agility, og enkelte ganger kan det vere veldig vanskeleg å nå inn. For å kunne gå gode løp er det viktig at både fører og hund er fokusert på arbeidsoppgåva, då spelar og stressnivået ein stor rolle. Rutiner for TEd er alfa og omega. Våre rutiner før vi går inn i ringen kan sjå slik ut , varme op i 15-20 min med ulike lydighetsøvelser dette hjelper han å konsentrere seg og ikkje å sjå på dei som går agility, då girar han seg berre opp. Deretter varme kroppen godt, leggje inn litt tørrhandling, sirkler, akkselerasjon/deakkselerasjon. Legge han vekk i buret, hente han når det er ein ca 10 starter igjen.
Denne helga har eg og lille Kelly vore og konkurrert i lydighet klasse 1. Kelly skil seg ganske mykje i frå TEd, ho har lært frå ho var lita at av og til er det aktivitet, medan ein andre gongar berre legg seg ned i buret for å sove. Dette gjer at ho er veldig fin å ha med seg rundt omkring, ikkje bråkar ho med andre hundar, ho legg seg til ro i buret, og ikkje minst er det full guff når du tar ho ut av buret.
Det eg hadde lova meg sjølv i forhold til konkurransen var at med teikn til dårleg attityde så ville eg trekkje meg.
Fekk først beskjed om at eg skulle vere med i første fellesdekk, men eg hamna i siste, ikkje mykje å gjere med det.
Kelly låg fint i fellesdekken og tannvisninga gjekk og greitt. Ho fullførte ein fint program tykkjer eg, det er klart det er ting å jobbe med men ho har upåklageleg attityde og eg er veldig stolt av henne.
Ho enda på 175,5 poeng eit og eit halvt poeng bak vinnaren. Flinke jenta mi, no er det fokus på agility framover.
Gratulere og så mykje til MEtte og Thessa, godt jobba jenter. Sonja og Torunn gjekk og flotte program men var uheldige å fekk ein null, stå på neste gong klarer dåke det.....
Tusen takk til dei som stilte opp og såg på det set eg umåteleg stor pris på Kerstin, MAri, Silke, Simen, Tore, Grethe og Sofrid.
Vel i dag har vi feira bursdag til Mathias som allerede er sju år, heilt utruleg at tida kan gå så fort.......

7 kommentarer:

Zanto'en sa...

Gratulerer SÅ mye med super flott resultat og opprykk til Kl II! Bøyer meg i støvet for deg og vakre, lille Kelly! Dere er så dyktige, og fabelaktige forbilder :o) Stor klem fra Elín & Zanto

Anonym sa...

Ja du og Kelly var kjempeflinke!! Jeg må si som Elin, dere er veldig gode forbilder for oss:)

Anonym sa...

Gratulerer så mye med flott resultat på vesle Kelly! Dette blir bra. Ser for meg at de rasar oppover i LP klassane no!!
Hilsen Hilde, Happy & Saga
http://www.hasaty.com

Anonym sa...

Stort grattis till förstapriset, ni är duktiga! Det ska bli jättespännande att se vad ni kan göra på agilitybanan och i lydnadsringen i framtiden. Gratulera också Mathias från Shejpa och mig!

Maria H sa...

Jättegrattis Bodil och Kelly!
Snyggt jobbat!

Anonym sa...

Gratulerer med opprykk!!!!!
Masse hilsener fra meg og Kry :D

Silke sa...

Gratulerer!!!!
Dere var virkelig kjempe flinke ;)
Kjempe bra hvordan "Baby Kelly" jobbet tross alt høytaleren & all de andre vanskelige forstyrrelsene i hallen ;)
Klem Silke & Luka