lørdag 13. mars 2010

Om hunder og generalisering....


Eit høgt elska utsagn å høre rundt omkring i allefall på konkurranser er " eg forstår ikkje kvifor han ikkje gjer det i konkurranse han gjer det då alltid på trening ". Det vil gjerne seie det er ofte snakk om felter og starter i agility, og dette er eit emne som ein kan diskutere her i fra til Oslo og ikkje bli bli einige. Eg meiner at all trening handler om ein


  1. Vær konsekvent - det vil seie at du veldig godt på trening viss du ser etter vil sjå når hunden din er i ferd med å tjuvstarte, du får kanskje ingen potebevegelse i starten, men hunden skifter vekta frå bak til fram ( kviler vekta på framparten)Ein annan viktig ting med å være konsekvent er at hunden må ikkje få lov ein einaste gong å få starte før den har fått klarsignal. Mange elevar som eg sjølv har hatt på kurs synes kanskje det er kjedeleg å trene på starter, men skal du ha ein god hund er du avhengig av kunne gå ut i banen og plassere deg, dessutan treng du som fører ro og konsentrasjon i konkurranse, det får du ikkje når du allerede på starten skal KRANGLE med hunden din....

  2. Kriterier - mitt kriterie i agility for å få lov til å starte er ingen bevegelse i potane + hunden skal sitje med vekta bak, dette er ikkje berre for at hunden ikkje skal få lære seg å tjuvstarte, men og for at hunden sit mykje bedre i balanse før han skal starte.....då unngår ein kanskje riv i allefall å første hinder..
  3. Miljø og førersignal - ofte tilegner vi hunden for mykje kunnskap, har det utført ein atferd rett nokre gonger på kommando, ja så kan han det og hundeførere blir då heilt forskrekka på konkurranse når hunden då ikkje utfører same kommando. Eg trur at mange gonger blir det mest logiske å sjå seg rundt i miljøet. Har eg ein apportbukk er det veldig sannsynleg at vi skal apportere, står det eit hopphinder er det eit signal til hunden om at den kanskje skal hoppe, når vi står rett opp og ned og hunden står framfor oss setter den seg ned eller går inn på plass. Hundane er ekspertar på finne ut av ulike mønster. Eg fekk meg feks ein skikkeleg aha opplevelse. Eg var på lydighetstrening, eg hadde ute rute, hopphinder, det låg apporter som eg skulle bruke seinere, det stod kjegler som eg skulle bruke til markører i innkallinga. Kelly berre såg på meg og sa, kva er det eigentleg eg skal gjere. Når vi skulle begynne med fri ved fot så stirra ho blindt på kjeglene der ute. Alle som trenar lydighet veit at det handler om trening og å venne hunden til at det til ei kvar tid er mykje forstyrrelser rundt, men for meg seier det viktigheten av å vere klar over kor godt hundane les oss...Ergo miljø og førersignal er sterkt for hundane, mange ganger sterkare enn ein verbal kommando...
  4. Generalisering - vel dette er viktig, det er stor skilnad på å sitte fint å vente på startstreken når du er åleine utan forstyrrelser på klubben enn når hunden sitter på konkurranse, du er så nervøs at du heldt på å dø, du forventer at hunden skal sitte, hunden er ein dritthund når den ikkje gjer det, men du som fører har ingen støtte å gi hunden anna enn kjeft for å at du kanskje ikkje har trent hunden din for slike situasjoner... Så eg tenkjer tren godt på alle atferder, ha gode kriterier, vær konsekvent, belønn det som er verdt å belønne ikkje alltid berre gå videre ( husk god belønning er spesifikk informasjon til hunden om kva det var som var riktig)proofing tren hunden på alle mogeleg forstyrrelser som du kan komme på, då blir det som oftast ingen overraskelser i konkurranse. Det er veldig lett for i allefall når en trener starter at hunden alltid får lov til å starte, då er det jo heilt klart at hunden har lyst til å tjuvstarte, når den alltid får lov til å gå. Ein annan ting som ein skal vere klar over er mykje belønning og gå tilbake til hunden rundt første hinder, i det du då beveger deg utover til kanskje 3 og 4 hinder lar du heller hunden starte i staden for å gå tilbake å belønne, og hunden veit då at går du forbi første hinder då er det berre å snike seg avgårde. Eg brukar mykje tid for å skape verdi for å sitje i ro på starten, klarer hunden å innfri mitt kriterie ja då blir det både julafta og nyttårsafta på ein og samme gong. Hundane må vere heilt sikker på kva det er vi krever av dei før du kan få pålitelege atferder ut av det. Får du alltid berre ein pølsebit for å sitje igjen på start, og det for hunden har mykje større verdi å springe ute i banen, vel då blir reknestykket lett då vil hunden prøve å snike seg til fordelar.. Trener du mykje one jump og hoppteknikk så er det ein ypparleg ting for unghunden å minne den på å sitje/stå korrekt, då får den mange repetisjoner....

Til slutt nokre tanker om felter, pålitlege, raske felter det er eit must for ein god agilityhund. Berre for å ha sagt det så er det eit livsprosjekt. Det er mange måter å trene inn felter på, og eg trur at alle som har gode felter må vere konsekvente i treninga si for å oppretthalde desse feltene.... Med Ted har feltene alltid vore ein kamp, er har mange ganger vore usikker på om han ville utføre felltatferden korrekt¨. Dette handlar mest om meg sjølv at når eg fekk Ted var det mange ting eg ikkje var kalr over som feks viktigheten av at hunden kun får forlate feltet på min VERBALE kommando, ikkje bevegelsen min slik som Ted trudde i starten. Heldigvis er det slik at vi lærer så lenge vi lever. Både Kelly og Ted har to av to på atderd, Ted har hovudet fritt medan Kelly har nasedyttar. Sjølv om Ted har gode felter, så ser at Kelly sine er mykje bedre. Ted har dårlegare fart på feltene fordi han tidlegare har vore veldig usikker på sluttatferden på feltet og med usikkerhet så dett farten. Med Kelly har eg trent mykje nasedytter så når ho blei klar for å setje det i kombinasjon med feltene så var ho kun oppsatt på ein ting, komme seg fortast mogeleg til enden av feltet å dytte, ho har og ein sikrare feltatderd fordi ho har ei konkret oppgåve ho skal fullføre. I og med at Ted alltid har hatt hovudet fritt så føl han meg mykje meir med blikket og har gjerne gått før han skal for å nå meg igjen......

Så mine råd i forhold til felter er følgende

  1. Skape mykje verdi for den sluttaferden hunden skal utføre på feltet, slik at hunden er heilt sikker på kva den skal gjere.
  2. Jobb mykje med verbal kommando, hunden skal kun forlate feltet på din kommando, aldri på bevegelsen din, dette er ein stor utfordring i allefall i konurranse.....
  3. Skap større verdi for å VÆRE på feltet enn å få lov til å forlate det, la hunden gjerne ha drakamp med deg på feltene, at hunden må dra bakover mens den står i posisjon...
  4. Sist men ikkje minst jobb uendeleg mykje med tidleg å vere i ulike posisjoner i forhold til hunden din, det er veldig lett for at du jobber mykje i nokre få ulike posisjoner, når hunden då møter ein ny posisjon blir den usikker , det blir akkurat som ein ny øvelse for hunden din. Gå gjerne inn å sjå på ulike baner frå klasse 1 til klasse 3 og sjå kva posisjoner hunden din må kunne. Gjer oppgåva til hunden SOLEKLAR, så skal du sjå kor knallkjekt det blir å gå agility.....

Ha ei strålande helg.....

1 kommentar:

lenelabanoglux sa...

dette var en nyttig blogg:)