mandag 22. november 2010

Nordisk...


I skrivende stund sit eg og Bjørnar i bilen på veg heim i frå København, og sidan det ikkje er så mykje å finne på så kan eg likegodt skrive litt. I helga har vi vore i nordisk i København for min del første gang med landslaget, sjølvsagt spanande nok i seg sjølv. Fredag og lørdag var det internasjonale klasser, det passa bra. Med to dagar med bilkjøring for hundane var det godt å få ut litt energi og få testa underlage. Det er heilt klart ein stor ulempe at ein store delar av året går på grus og ikkje får testa ut innendørs underlag, det gjer at hundane må ha litt tilvenning. Fredag skulle Ted gå agility, veldig fin bane og godt fornøyd med korleis eg løyste banen 6 plass med fem feil, Ted sklir i satsen og tar med seg ein pinne. Lørdag skulle eg gå med både Kelly og Ted. Først ut agility Ted går eit fint feilfritt løp og blir nummer 6,, eg bestemte meg for på forhånd at eg skulle ha ein god stopp på alle felter for å kunne leggje litt taktikk for søndagen. Så var det klart for vesle Kellymora nok ein gong ein suveren agilitybane, med stopp på feltene var det over fem sekunder til neste mann. Eg er veldig glad i Kelly ho gir meg god sjølvtillit, ho har nesten same tempo i kroppen som Ted men ho har meir presisjon i kroppen , dette har jo sjølvsagt med treninga å gjere. Kelly er ein mjuk og veldig manøverbar hund som eg mest sannsynleg får mykje glede av. Eg er veldig fornøyd med løpa mine både fredag og lørdag. På lørdagskvelden var det festmiddag, veldig triveleg og sosialt. Det var ein heilt topp gjeng som reiste i lag, flinke med å bakke kvarandre opp og skryte, veldig veldig kjekt. Søndag tidleg opp og veterinærsjekk, hadde kvidd meg litt til det , men det gjekk som ein draum, Ted oppførte seg heil eksemplarisk heile helga. Søndagen må eg seie at eg handlingsmessig er veldig nøgd med. Det var veldig lange dagar og eg kjende på slutten at fokuset endra seg, det var forferdeleg varmt og mykje støy. TEd var optimal heile helga og heldigvis for meg så kom aldri dei heilt store nervene. Takk til heile landslagsgjengen, Petter, Lise og Nina som kvar på sin måte var viktige.. Og ikkje minst min bedre halvdel som køyrer meg verda rundt og som ALLTID har trua på oss.
NO kjenner eg meg heilt tom og ustlitt, eit lite bakombytte frå å bli Nordisk mester i agility, men det skulle vel slik vere, gøy å vere med var det i allefall....














5 kommentarer:

Lise sa...

Dere var fantastisk flinke og gjorde en fantstisk debut i nordisk!

Anonym sa...

Du og hundene dine er bare helt fantastisk dyktig!
Gratulerer

Wigdis sa...

Gratulerer så mye med flott innsats. Ted og du er et flott team

Therese & Rina sa...

Gratulerer med en kjempefin debut! Fikk tårer i øynene av løpene, du og Ted har et så vanvittig fint samspill! Det er helt rått å se på. Stå på videre!

trippelm sa...

Blir helt imponert Bodil! Det ser så fint ut hele veien. Du er en fantastisk god handler og Ted er jo bare helt rå. Så bra at du har lagt ut filmene, de har jeg mye glede av :)