tirsdag 4. desember 2012

For the Win Bolt....

Ingenting er så spennande som å bli kjend med ein ny hund, ein ny personlighet. Nye måter å tenkje på, nye ideer på korleis man kan gjere ting, ny treningsinspirasjon. Eg har fra før av hundar som bugner over av arbeidsmoral og treningsvilje, men det er noko eige med ny hund. Bolt er allerede passert 16 mnd og eg anar ikkje kor tida har vorte av.Eg har ofte tenkt at eg skal skrive eit blogginnlegg om alt vi trenar på, og no lovar eg meg sjølv at eg skal oppdatere jevnleg. Bolt er verkeleg vakker både på innsida og utsida, han vil helst ha kontakt heile tida både med tobeinte og firbeinte, han og pappa Bjørnar delar lenestolen heime i stova.     Bolt har utvikla seg veldig mykje denne hausten, han har vokse seg ferdig og fått musklar ser ut som ein skikkeleg hund rett og slett. Han har og utivkla gode treningsferdigheter, i staden for å tulle å stikke av med leiksaker så er han blitt ein hund som er blitt veldig flink å trene. Han er komen godt i gang med utdanninga både i agility og lydighet og rundering. No når vi endeleg har fått norsk stamtavle så har vi meldt oss på lydighetskonkurranse i rom jula og agility debut blir på heime bane i februar, han har hatt veldig fin progresjon heile høsten. Eg har fått ein del innspel at han gjerne er for stor å gå agility, men eg ser at han allerede begynner å ta inn på storebror Ted og søster Kelly. Prosjekter framover blir å trene ferdig løpende møne, ( har foreløpig stopp på alle feltene) og få ferdig naseprøve, rute og apportering med dirigering.
Bolt skal og få vere med å oppleve ein del konkurranser i vår slik at han venner seg på miljøet og stresset rundt ringen...Og eg er så glad for at denne hunden er min og eg gledar meg til å begynne på nytt med ny hund i klasse 1, alltid spennande å lage seg nye erfaringar....Om du vil sjå ein liten filmsnutt av Bolt så har Line laga ein liten film frå trening...

http://www.youtube.com/watch?feature=player_embedded&v=TRBFI3lPgtg








Ingen kommentarer: