tirsdag 23. september 2008

Supermannen min......

Flinke TEdden gjorde det godt i helga og.....Fine tekniske baner der vi fekk bryne oss på det meste i handling...
Ikke det at medaljane viste så godt på dette bildet....



Ei lita treningsøkt vart det i går lell.......
Snakes, ha ei fin veke alle saman

torsdag 18. september 2008

Litt småplukk...







Når ein driv og konkurrerer ein del er det viktig å drive forebyggjande arbeid. Teste ut at hunden har like god forståelse for min posisjon, for felter og starter. Agility kan sjå veldig tilfeldig ut i innimellom, men eg har erfart at det er ein enorm jobb å få ein stabil hund som har forståelse for for førers posisjon og signaler.

Eg las i Karine sin blogg om ulike posisjoner i ein bane, eg måtte sjølvsagt teste dette ut, takk KArine.
Synes faktisk at det er ganske imponerande at Ted leser signala mine perfekt, når eg stiller meg i LOP posisjon ser du at han heilt i starten lager ein god og effektiv sving mot hinder 3. Når eg står i posisjon nummer 4 Som er serpentinposisjon så har problemet vore at han prøver å stusse og ikkje leggje inn ekstra steg, men no har det blitt mykje betre . Når eg står med tunnelen så går han. Det er så kjekt med gode huskereglar....
På tysdag var eg og TEd på uoffisiell agilitykonkurranse på Varden. Line Choucheron hadde laga nokre flotte baner til oss, har her tatt med hoppbanen som var veldig festlig. Kjempekjekk kveld med masse agility, kan det bli bedre. Eg føler at vi er i rute til konkkurranse i morgon, vi skal gå ut og gjere vårt beste Tedden og eg.
I går jobba eg med dobbeltboks for å drille meg sjølv og teste forståelse. Dette har eg filma, håper berre eg får det til å leggje det ut.
Lille Kelly har eg jobba mykje med akkselerasjon og deakkselerasjon til bur, og det begynner å blir riktig bra.
Ho begynner å få god forståelse for mine signaler, har og trent One jump denne veka, skille mellom fri og ta den som ho no er blitt veldig flink til. Ellers heldt vi ein del på med apportering, det er så lett for å berre lulle seg inn i agilityen. Eg hadde jo faktisk lova meg sjølv at Kelly og skal gå lydighet.
Ha ei strålande helg alle saman, det skal i allefall eg ha.......

mandag 15. september 2008


WATCH OUT TEDDEN ER I KLASSE 3......

Eg hadde i grunn avskrive å gå konkurranser i helga. Eg hadde berre meldt meg på søndag, men så sier Bjørnar kom igjen kjerring så reiser vi , og vi så gjorde sjølv om eg både var trøtt og sliten.

Banene var gode og tekniske og det likar eg, det var ein av mine favorittdommarar Jan Egil Eide som hadde laga banene og han er flink til å lage utfordrende baner synes eg.

Første bane ut var ei litt vanskeleg å krøkkete agilitybane, Tedden stoppa nydeleg på feltene, og kanskje det eg var mest imponert over var slalominngangen han tok, den var det mange som bomma på, eg fekk og mykje bruk for threadle arm og det funka kjempebra.

Det eg var mest imponert over var hoppløpet han gjekk så det suste. Ted vann 3 av 4 løp.

Eg eg så imonert over gutten min, eg ser og at eg har veldig gode redskap i banene, der andre gjerne må springe i i framforbytter kan eg foreta ein serpentin, samme med Lead out pivot. Eg sparer mykje tid med å vere effektiv. Eg måtte og foreta ein del bakombytter i helga, dei sit godt no, TEd får så fine svinger.

fredag 12. september 2008

Bruk av Threadle arm (false turn)

" And the winner is......"
Kelly har blitt ei fin ung dame....

Mykje trening på dobbelboks fortida.....alle slags variasjoner av dobbeltboksen, både framforbytter og bakombytter...



Push- through framforbytter og diagonale framforbytter har eg og brukt mykje tid på. Eg kjenner at byttene min er mykje meir presise og at eg har ein mykje betre automatikk på det eg gjer.
Denne veka har eg og Ted trent på mange ting blant anna bruk av threadle arm. Dei siste hoppbanene eg har gått siste tida har det vore mykje rett fram og at hunden på slutten av eit rettstrekk skal i motsatt tunnelinngang.
Eg ser at mange førere prøver å løyse det med å legge inn eit framforbytte ( som ofte blir på ei rett linje, aldri framforbytter på rake linjer). Framforbytter og bakombytter betyr faktisk at hunden skal skifte side, hunden SKAL reagere på armskifte. Bytter du på rette linjer så ber du hunden om å oversjå armsignala dine, så du gjer ikkje deg sjølv ei tjeneste som handler med å ta bytter på rette linjer ( kun i sving).
Men tilbake til saken, bruk av threadle arm gjer at eg faktisk kan ligge ganske langt bak og likevel reagerer han på ein threadlearm. Ein av våre svakheter har nettopp vore 25 meter rett frem og i motsatt tunnelinngang ( det forstår nok dei som har ein tunnel maniac til ein hund). Dette har vi øvd mykje på og blitt rimeleg gode på.
Eg trener mykje på å veksle mellom ulike signal slik som serpentiner, springe inn i framforbytter, bakombytter, threadles and push througs, samt akkselerere på ei linje for så å deakkselerere inn ein trang kombinasjon. Dette gir resultater og bedre forståelse.
Eg har planar om å få lagt ut nokre filmer om dette, viss eg ein gong får tid......

tirsdag 2. september 2008

Tar med Marianne sine gode råd
Fokus nå blir derfor
1. Tren og konkurrer fordi det er GØY, ikke fordi du MÅ!
2. Ha tro på det du gjør
3. Våg å mislykkes
4. Sett deg delmål på veien mot hovedmålet
5. Og ikke minst- det er i motgang det går framover!

Det er veldig lett for at presset blir for stort i konkurransesammenheng.
Takka vere hjelp frå gode venner begynner eg sjølv å få trua på at ein treng ikkje nødvendigvis gå i klasse 3 for å vere flink til å trene hund.....
Det er veldig lett for at du går konkurranse for å vise andre at du duger, no har eg snudd på flisa og eg og TEdden går konkurransar fordi det er kjekt og fordi ein då gjerne kan vises folk at det å trene konsekvent er bra
Vi er nok i klasse 3 rundt neste hjørne, håper eg......

Viktigheten av forståelse......

Den vidunderlege hunden min som alltid gir alt.........

Dei to siste helgene har eg og Ted vore og konkurrert i agility, han vann 3 av dei 4 fire løpa han gjekk.
Farten på siste hoppløpet i helga låg på 5,7 meter i sekundet, det var det ingen som var i nærheten av, i agilitien låg han på 5,4. Det går unna i svingane og dermed set det store krav til både handlinga mi og ikkje minst treninga som eg legg ned i hunden min for å få meir sjølvstendighet og forståelse for mine signaler. Folk har veldig lett for å samanlikne ekvipasjer. Då kjem ein ofte feil ut, hunder og førere er veldig forskjellige, og det tar ei stund å trene opp ein hund til å utføre så mykje så mulig sjølvstendig i ein agilitybane, sjølv om det ser lett ut så er det uttaligge arbeidstimer som ligg bak ein god hund.

No etterkant gjer eg meg ein del viktige refleksjoner om ein hunds forståelse for linjer og signal i ein agilitybane.
For ei stund tilbake vart det mykje disk på oss, vi kom oss sjeldan og aldri gjennom ei bane, no derimot er vi igjennom så godt som alle løpa våre.

Dette skuldast nok mange ting, men den vikitgaste endringa ligg i hundetreninga, vi har tatt tak i mange ting.
Det nyttar faktisk ikkje å tru at du kan føre ein slik hund rundt ei bane på slump.
Denne sommaren takka vera Fanny har eg fått muligheten til å setje meg inn i og forstå viktigheten av eit godt og konsekvent handlingssystem. Når du har gode verktøy blir det mykje enklare å handle, og ikkje minst blir det mykje lettare for hunden å forstå kva som betyr kva ute i ein bane.
Det siste året har vi tatt for oss mykje jobbing med serpentiner, threadles, lop (lead out pivot), push through, akkselerasjon og deakkselerasjon, bakombytter ( som faktisk for min del er eit veldig viktig verktøy, eg trur ikkje eg har gått ein einaste bane siste tida der eg ikkje har hatt bruk for eit bakombytte).
Ted er rask og elskar å springe, men det eg vil fram til er at med den forståelsen som han no har for mine signaler og at han faktisk går sjølvstendig ute i banen det gir meg store fordelar og det gjer og sitt til at han faktisk går ennå raskare fordi han forstår kor han skal videre i banen.
Ein liten oppfordring til slutt ikkje skuld på hunden for at du ikkje tar tak i hundetreninga. Det ser ein mykje av rundt om på alle stevner at føreren gir hunden ansvaret, så gå ut og tren godt og ver ikkje redd for å søke ny kunnskap, det har redda meg og TEdden......

søndag 3. august 2008

God tur og lykke til.....

Sidan eg ikkje får til å skrive kommentarer i Marianne sin blogg så får eg krinkaste meldinga i min blogg
Lykke til i Lærdal i dag Marianne, du kjem til å knuse dei fordi du er superdyktig og eit godt forbilde.
Vil og ønske dei som skal til Sølen ei god og inspirerende veke, send ein liten tanke til oss som ikkje er der...........