mandag 8. mars 2010

Historien om ei lita jente......




Dette sitatet måtte eg berre ha med synes det forklarer ein heil del,
" Mental mastery of a sport is not only about winning - it is about copingwith the inevitable disappointments and using those experiences to come back better and stronger "...
Kelly begynner å nærme seg to år, tida går fort når ein har det kjekt heiter det. For dei som kjenner oss så veit dei at Kelly har ein " storebror "som heiter Ted. Han har alltid vore eit arbeidsjern, han gir absolutt alt, i enkelte sammenhenger litt for mykje. Har du fleire hunder er det veldig lett å sammenlikne dei på godt og vondt. Eg får litt vondt samvit når eg faktisk har gått i den fella og nettopp gjort det. For alle veit at hundar er like ulike som oss menneska, men tydelegvis lett å gløyme. Kelly kom i hus for agility og gjeting primært. Kelly er ein fantastisk sosial og snill hund , og eg følte at eg og hadde god nok kunnskap no om agility og grunntrening til at dette berre kunne bli ein fantastisk agilityhund. Ho lærte riktig nok fort og var flink men det var ein vesentleg ingrediens som mangla det ekstra giret. Så lenge vi jobba med grunnferdigheter og one jump så blei det kjempefint. Vi gjekk og ein del lydighet og dette likte Kelly betre enn agility starten. Eg kjende eg innimellom hadde litt lyst til å gi det opp, det var jo ingen fres der..Men så er det noko som dukkar opp ein ser litt forbetring fortsetter å jobbe og vips så skjer det ting. Eg fekk mange gode råd som feks "bytt hund" og då lurer eg verkeleg på kven er det som sel vekk familiemedlem fordi ein ikkje får dei " til " med ein gong. Eg veit no at med Kelly bunna det ut usikkerhet rundt det å hoppe. Folk ser på meg med eit dumt blikk når eg nemner på at skilnaden før og no er at ho har lært seg teknikken på å hoppe, bedømme avstand, satse riktig og ikkje minst er ho no fullstendig uredd når ho hoppar. Alle hundar KAN då hoppe er ofte svaret eg får, men eg veit at det ikkje er tilfelle. Med Ted og hopping har eg berrre vore veldig heldig, men med Kelly hadde eg faktisk lenge eit reelt problem, Kelly er kun 46 cm høg det vill seie at ho på dei høgaste hoppa må hoppe 65 cm nesten 20 cm meir enn sin eigen høgde . Ho ligger berre tideler bak broremann, og det er heilt fantastisk å sjå den sjølvtilliten når dei får noko til ala når du ser at dei er usikre. For Kelly sin del så blei stevnet på Voss veldig kjekt, det var kanskje litt for opne baner det resulterte faktisk i 4 ulike vegringer, eit i kvart løp (ho fekk 3 2.plassar) Det eg derimot er veldig lykkeleg for er at ho hadde topp felter, ho sitter so fint på starten, ho hoppar nydeleg, finner linjer sjølv så det susar, men denne helga blei eg straffa nokre plassar etter lange strekk der eg ikkje rekker å vere, men herremi for ein hund med henne kunne eg gått rett inn i ei klasse 3 bane og gjort det like bra med som Ted. Men sjølv om ikkje det blei napp denne helga veit eg at med ho er det eit tidsspørsmål før ho får dei nappa som ho treng ( manglar 3 i hopp og alle i agility), og ho er så gøyal å gå med. Kelly er ein hund som eg forhåpentlegvis får mykje glede av...Vel eg hadde jo og tross alt med meg Ted til Voss og, lørdagen vil eg hugse minst mulig frå eg blir ikkje så lett irritert men det er lenge sidan eg har vore så frustert på hundane sine vegne. I regelverket vårt står det at det skal vere 5 meter mellom hindera. Mange plassar telte eg til 3 meter + nokre fotavtrykk, eg kjenner Ted så godt at eg veit at han har ingen mulighet til å komme seg opp, og det kan resultere i stygge skader, etter mi meining var det for kort avstand, stygge vinkler i kombinasjon med høg fart. Det var ikkje bedre at hindera måtte stå på 65 cm, vi var i ridehall og det var iallefall 15 cm med rubb så hundane måtte satse i. Eg veit iallefall at hundane mine er den viktigaste forutsetningen for at eg kan drive på med det eg likar aller best.... Men eg synes neste det verste er at når ein seier i frå på ein fin måte at her skulle det gjerne vore meir avstand så er ikkje det meint som kritikk men det er meint slik at ALLE hundane skal få rettferdige vilkår. Det som redda dagen var den flotte open hopp banen laga av Simon Noel, hundane fekk verkeleg strekke seg å vise dei rundt at for å gå agility så må du i det minste ha rette avstander ellers er det ikkje rart hundane ikkje klarer det...Søndagen var ein mykje bedre dag, eg vart ikkje så usikker når eg såg bana, og det blei til og med flytta eit hinder denne dagen i ag3 banen slik at det iallefall blei 4 m i staden for 3,5.....Det resulterte i det som eg veit at Ted kan klare, eit veldig fint feilfritt løp som Ted vann tett fulgt av Dorthe og Luke, gratulere så mykje og vel fortjent Dorte. Line vann og mellom, knallbra. I hoppen blir det disk der er det eg som ikkje er våken, Ted landar veldig skrått i forhold til det eg hadde briefa ergo ein heilt anna vinkel og dessverre for meg eit heilt anna hinder som blir tatt. Gratulere og til Mette, Katja , Wigdis, Kathrine, Audun og Bodhild som og gjorde gode løp......

onsdag 3. mars 2010

Konkurrer som du trener og tren som du konkurrerer....

Bestevenner

Vel dette sitatet var djupt, men det er likevel til stadighet noko som eg går og tenkjer på....
Kor realistisk er dette eigentleg....
For ei tid tilbake fekk eg telefon i frå ei vennine av meg, ho går lydighet, har konkurrert ein del og no hadde ho liksom mista litt gnisten kunne ho fortelje meg.
Eg lurte sjølvsagt på kva som var gale..... Karianne som venninga mi heiter har ein ung border collie hanne. Opprykket til klasse 2 og 3 gjekk lett så berre det, men etter å ha vore i klasse 3 det ho kaller ALT FOR LENGE så byrja altså motivasjonen å dale. Ho har ein hund som er topp motivert på trening, i det dei derimot entrer ein ring på konkurranse melder hunden seg heilt ut. Dette er vel ikkje eit ukjent problem. Det er klart at når du veit at du har ein flink hund og ein flink fører så kan det vere frustrerende og ikkje få vise noko av dei tinga som ein har trent på. Eg begynte å spørre og grave om korleis ho trente og ho trente åleine eller saman med nokon, om ho ofte var på den same staden når ho trener.Vi kom altså fram til følgende
Trening :
- Trener ofte åleine
- Ergo nesten ingen forstyrrelser
- Ein har mange muligheter til å prøve og feile, det gjer jo ingenting det er jo berre trening
- Masse belønning, nesten for kvart moment får hunden belønningTrivelig og glad fører som virkelig engasjerer seg i hunden og i belønningTreningssituasjonen er velkjent for hunden, den har mange positive asosiasjoner til denne plassen, den veit kven som pleier å vere der...
Konkurranse :
- På konkurranse er det mange mennesker, publikum, dommere andre hunder, lyder, lukter, ergo masse forstyrrelser som hunden ikkje har trent på
- Ein har ein mulighet til å prestere, altså prestere på bestilling noko som slettes ikkje er lett verken i lydighet eller i agility
- Belønning uteblir, hunden får ikkje lenger noko info gjennom belønningNervøs hundeigar vi forandrer oss for hunder som leser kroppsspråk veldig godt så kan det skape stor grad av usikkerhetTotalt ukjende rutiner for hunden

Det seier seg nesten sjølv at dette er for hunden veldig vanskeleg, og det er absolutt ting som ein bør tenke over. Karianne har no begynt å ta tak i ein del av desse tinga og har allerede fått framgang. Konkurranse skal vere ein kjekk ting både for hund og fører, ein må berre sørgje for at ein er godt forberedt og at hunden har ein mulighet til å vite kva som blir krevd av den.... Heime har eg tre hundar som er komen veldig ulikt i livet Bonzo på 13, Ted på 5 og lille Kelly som ikkje har fylt to år enno. Med dei to eldste var eg nok ikkje bevisst på desse tinga, men med Kelly har eg vore veldig nøye. Bonzo sin første konkurranse så husker eg at han luska ut til Bjørnar og sette seg. Eg hadde ikkje trena med forstyrrleser, eg hadde ikkje lært han utholdenhet gjennom å stadig måtte jobbe meir for same belønning, ikkje hadde eg gode rutiner heller og eg var berre så nervøs at eg var heilt utanfor meg sjølv. Stakkars Bonzo ikkje rart han heller ville henge meg Bjørnaren.....MEn Ted har eg vore litt flinkare. Lille Kelly debuterte i konkurranseringen nesten 10 mnd gammal. Eg måtte tåle mykje kjeft, det var uansvarleg av meg å legge slikt press på ein ung hund. Med 178 poeng i debyen så viste kelly at ho ikkje synes det var ei for vanskeleg oppgåve, det var ingenting anna enn det vi hadde trent på. Dei første månadane av Kelly sitt liv trente vi mykje på grunnferdigheter i lydighet og agility, med ein gong eg hadde to grunnferdigheter som ho kunne sånn nokolunde så sette eg det saman til ei kjede, slik at ho stadig måtte jobbe LITT lenger for same belønning, eg bygde sjølvsagt og opp ein enorm drive for ulike belønniger, eg brukte mykje avstandsbelønning når eg jobba med desse små kjedene og dermed kunne eg leggje belønninga utanfor syne slik som i konkurranse. Ta unghunden med seg rundt overlat er og veldig viktig, eg var fast inventar utanfor butikkar og andre plassar der det var liv og røre. Eg lærte henne at uansett kva du blir forstyrra av er det berre å leike og ikkje la seg forstyrre.....Så med Kelly har eg lagt stor vekt på

  • Grunnferdigheter - masse lek


  • Momenter


  • Kjeder


  • Konkurransetrening


  • Rutiner

No har Kelly starta både i lydighet og agility, og det absolutt kjekkaste med ho er forventningen ho får når ho kjem på konkurranse, ho er så glad og har lyst til å vere med. Ein annan ting som eg berre er nøydt til å nevne er dette med rutiner. Dette kom eg på første gong med Ted, når eg skulle gå agilitykonkurranser skrudde han seg slik opp at heile løpet enda i tjuvstart, riv og feltfeil. Etterkvart laga eg meg rutiner før ,under og etter konkurransen. Dette blei mykje lettare for både meg og Ted, vi hadde noko konkret å fokusere på i staden for å berre gå rundt og kvi seg til å starte..Med Ted er det viktig å trene godt opp mot konkurranse gjerne på ting som krever presisjon slik at han verkeleg må konsentrere seg.. Vere tidleg ute på stevnedagen, la han få roe seg ned å bli kjent med miljøet rundt seg... Lydighet er eit nøkkelord, med Ted går eg mykje lydighet før eg skal i ringen, dette hjelper han å komme i rett stressnivå, tørrhandling er og noko som eg har som fast oppvarmingsmønster. Frå å vere ein skikkeleg ubehageleg ting så har no konkurranse blitt ei oppleving, ei reise saman med sin beste venn, gå ut på bana og gjere nettopp det ein har øvd på. Det er ingenting som er så godt som når ein går ut i konkurranse og kjemien stemmer frå A til Å. Det er sjølvsagt alltid ting ein skal og kan bli betre på, det er utruleg mange som har inspirert med på min veg, og det kjem det til å fortsetje med. Dette er på ingen måte ein ting som eg har stått for heilt åleine. Så takk til alle dei der ute som inspirerer meg kvar einaste dag.....Til helga er det agilitykonkurranse på Voss og gitt om eg gledar meg.....

søndag 28. februar 2010

Ein dag i bilder av verdas finaste familie.....

Verdas finaste og beste mann.....
Det blei mykje snø for gamle mann....


Her einliten gjeng som buser i snøen...


Finaste gutten........
Gode kompisar...
To fine bestevenner...
Finaste Tedden..

Ut på tur aldri sur, mammo med ein superfin gjeng..

NYDELEGE......
I farta...

































fredag 26. februar 2010

Gregorianer....

Dette ordet har eg grunna over siste tida, gregorianer. Eg og har vel fått med meg at det handler om dei menneska som kjører Greg Derrett sitt system Vel rundt omkring i Noreg blir det formeleg brukt som eit skjellsord. På dei siste konkurransane eg har gått har eg høyrd mykje rart. feks " denne bana blir ikkje lett å løyse viss du er gregorianer " ( dette var under briefing klasse 3 ). Ein annan god som eg høyrer ofte er at grunnen til at eg ofte får 5 feil med Ted er at eg bruker feil system, hadde eg skifta system så ville til og med eg fått det til. Det meste av tida ler eg berre av desse utsagna, men eg berre undrar meg slik over kvifor andre ser dette systemet som ein trussel. Viss eg er så håplaus på agilitybana og det er systemet eg brukar som gjer det så er vel det verdas beste nyhet for alle konkurrentane mine, då er jo eg bokstaveleg talt ut av spelet. Så undrar eg meg ein annan ting, veit folk kva Greg sitt system handler om eller berre trur dei at det er sånn og sånn....For meg handler det ikkje om kven som bruker kva system, men å finne noko som fungerer for deg, det er jo veldig uheldig at du skal gå rundt å bli uglesett fordi du tilfeldigvis har tru på noko...For meg er det heile ganske enkelt, kvar og ein får bestemme for seg sjølv det er ikkje noko som eg skal blande meg i. Men i allefall veit eg at Greg sitt system er godt og konsekvent, eg har hundar som forstår mine signaler ute i bana og det tenkjer eg må vere hovudmålet........Ikkje bruk tida til å kritisere andre det blir ein ikkje bedre av

mandag 15. februar 2010

Naseprøven....

Eg har lenge tenkt eg skulle leggje ut eit innlegg om naseprøven, som ein finn i lydighetsprogrammet klasse 3 og elite. Slik som eg ser det så deler ein naseprøven inn i to delar sjølve markeringa eller luktdiskrimineringa og apportering av pinne tilbake til fører. På mine to border collies har eg brukt to ulike metodar og fått to vidt forskjellige resultat. Med Ted som er min eldste Border så hadde eg nok litt for lite erfaring og resultatet blei deretter. Ted hadde veldig stor gjenstandsinteresse og dette i kombinasjon med for lite jobbing i forhold til markeringa så endte det opp i kaos, eg har aldri verkeleg klart å få god systematikk i søket med han, pinnane ligg nesten i ein einaste haug når han er ferdig, pluss at han gjerne når han er verkeleg heit berre plukkar ein pinne med. Det som eg ser no er at luktmarkering og apportering er to heilt ulike øvingar som seinare skal setjast saman til ein....Med Kelly så byrja eg med sjølve markeringa, ho hadde jo inne på target på post it lapp og i handa mi, det var derfor veldig enkelt å begynne med nettopp dette. Første kjørte eg berre nokre treningspass med at ho skulle markere handa mi med nasa, kriterie eg hadde var at eg vil kjenne at ho verkeleg trykte meg i handa, så ville eg at ho skulle kunne fryse nasa i handa frå 1 til ca 4 sek.
Når eg hadde dette på plass hadde eg nokre treningpass med at eg klipte ein post it lapp i to og plasserte den først litt i handa og deretter klipte den mindre og festa den på alle mogelege rare plasser på lister og karmer rundt i heile huset. Det vart ein skikkeleg festleg leik, omtrent som
" tampen brenner ". Deretter hadde eg meg ein runde på kjøleskåpet festa seks lappar etter kvarandre på ei rekkje, og flytta rundt på lappane og jobba med å få ho til å markere riktig, dette gjekk veldig fort, samtidig lærte eg ho og eit fast søksmønster som eg ynskte meg at ho skulle ha.
Mitt kriterie for søksmønster var følgjande gå til venstre og søke seg oppover mot høgre, ho skal markere rett med ein gong ho møter rett post it lapp, viss ho gjekk over så begynte eg på ny repetisjon. Dette har gjort at Kelly er veldig nøyaktig når søker, ho rører knapt i ein pinne. Når eg hadde søksmønsteret på plass så veksla eg mellom å ha post it lappane på kjøleskapet og legge dei ned på golvet. Eg gløymte å seie at for å lære ho å gå heilt ned til venstre og begynne å søke seg oppover mot høgre så shejpa eg inn den bevegelsen ut frå fører og ned til første pinne til venstre.
Neste punkt på programmet var å leggje til pinnane, dette var faktisk ingen problem eg testa faktisk å gå frå post it lapp til pinne og det tok ho med ein gong, jobba ei god stund til med sjølve markeringa , begynte då å ta med meg markeringa rundt omkring på ulike underlag og med ulike forstyrrelser, når eg var veldig sikker på at markerte rett pinne så byrja eg å leggje på apporteringa inn til meg sidan kelly har gode grunnferdigheter på apportering så trengte eg ikkje bruke så lang tid på den biten. Når eg skulle få Kelly til å løfte pinnen første gang så holdt eg berre igjen klikket og då tok ho den med seg, alt dette gjorde eg på veldig kort hold i starten , ikkje minst for å kontrollere at kvar repetisjon låg opp til mitt kriterie. Det vi har trent mykje på no siste tida er ein å trene med mange forsyrrelser, ulike underlag, ha naseprøven lagt ut under vanskelege arbeidsforhold, feks i ein pitte liten ring med mange folk og hundar som står bak naseprøven, dette var veldig vanskeleg i starten, har og jobba mykje med å leggje det inn i kjeder, slik som i elite der du først har to apporteringsøvelsar og hunden er heit i toppen så skal den inn på naseprøven å markere rett pinne. Det er då veldig lett for at hunden tenker
" apportering" og berre tar med seg ein vilkårleg pinne. Dette er ein øvelse som det lønner seg å leggje ned god tid i at hunden lærer seg godt å skille di lukt frå andre. Når hunden er sikker på det så kjem dei andre stega veldig fort...... No skal eg og Kelly berre finne oss ein lydighetskonkurranse så vi får prøve det ut......

Det fine med å bruke litt ekstra tid på finne riktig lapp var at den vesle frøkena byrja og bruke NASEN.

søndag 14. februar 2010

Forståelse = fart



Når eg reiser rundt på agilitystevner er det ein del folk som kjem bort og undrer seg over hundane mine at dei springer fort og har gode tider. Eg tenker at med god trening så kan ein god hund bli mange hakk bedre. Kelly er eit godt eksempel på ein hund som har brukt lang tid på å bli bekvem med å hoppe. Kelly er 46 cm på strømpelesten det vil seie at ho må hoppe ca 65 cm nesten 20 cm meir enn sin eigen høgde, ei lita stund holdt eg på og gi opp heile hunden når det gjaldt agility,når ho hoppa på høge hinder var ho totalt i ubalanse ho kasta seg over hinder og det lyste lang veg at ho var usikker på korleis ho skulle hoppe.
Eit vanleg hopphinder er det hinderet på agilitybanen som hunden møter mest, mange har den oppfatning av at eit hopp det er eit hopp og det må no hunden kunne, det er lett. Eg veit som tidlegare sprangryttar at dette slettes ikkje er tilfelle, det er klart at på hesteryggen får det ein heilt anna konsekvens når hesten er i ubalanse, du kan dette av og slå deg stygt. Det vil i realiteten seie at alle sprangryttere som har livet kjært trener hoppteknikk med hesten sin.
I hundeverden er dette heilt annaleis , det er akkurat som at folk ikkje tenker over at det med hund er like viktig, for å få ein rask og smidig hund og ikkje minst for helsa til hunden din. Ein hund som er konstant i ubalanse vil ikkje bli så smidig og ta seg så effektivt framover den vil og gjerne begynne å bruke seg feil belaste andre muskelgrupper, noko som kan føre til skader på sikt....Hunden sin hoppteknikk er avhengig av hunden sin psyke, kroppsbygning og tidligare læring som hunden har hatt i forhold til hoppning. En hund som hopper med bra teknikk legg vekta bakover og er balansert når den tar av. Hunden bør hoppe med lavt hovud og i utgangspunktet bør frambein og bakbein vere paralelle når hunden hoppar. Nakken på hunden bør vere høgaste punkt når hunden kjem over bommen. Det er likevel veldig viktig å tenkje på at og hundar som menneske har ulike stilar det er ikkje dermed sagt at det blir feil. Men eg er av den oppfatning av at hundar helst vil gjere rett. Hundane våre river ikkje med vilje, men dei må vite kva som blir krevd av dei. I eit hopp er det mange ting ein hund må lære seg å bedømme ; 1.veien , hunden må bedømme avstand og vite kor den skal satse før hinderet, kor mange steg trenger hunden for å finne riktig punkt for avspranget. 2. avhoppet, kor høgt er neste hinder, kor mange steg og kor mykje energi må hunden bruke i hoppet, er det ei rett linje eller skal hunden svinge. Viss hunden feks skal svinge er dette informasjon som hunden må ha før avsats på hinderet, hunden må då leggje inn eit ekstra steg. 3.vektforskyvning, i avhoppet skal hunden lene seg bakover og bruke bakbeina, det er realtivt vanlig at hundane blir tunge på forparten, at dei berre slenger seg over hinderet. All energi skal komme fra bakbeina, skyve hunden fram over hinderet. 4. vinkel på avspranget og 5. høgde, hunder er flinke til å rekne ut høgde, viktig å variere til ulike høgder slik at hunden lærer seg kor den skal ta av. 6. få balansen igjen etter landingen, etter at hunden har landa må den få igjen balansen så fort som mogeleg, ein hund som lander på forparten får ofte problem med å gjenvinne balansen, dette kan føre til riv og til at hunden bruker feil muskelgrupper... Som sagt med Kelly har hoppteknikken vore den viktigaste ingrediensen for at ho i dag utstråler stor sjølvtillit på agilitybana, ho hoppar 65 cm så lett så berre det....Ergo har hunden din forstålelse for korleis den skal gjere ting så kjem sjølvtilliten og med den kjem FARTEN og den er du avhengig av om du skal vinne på agilitybanen. Eg skal leggje ut ein filmsnutt med ulike hoppteknikk øvingar......

fredag 1. januar 2010

Bonzo...

Desse to banene blei testa ut i dag i godt selskap...




I dag har vi feira Bonzo sin 12 års dag. Han har fått sin favorittmiddag vom etterfulgt av vafler, det er ikkje akkurat noko slankekost, men pytt.....I desse dagar har eg hatt Bonzo i ni år, det har for det meste vore gode år fylt av mykje god læring. Bonzo var min første utfordring, vi fekk han av nokre som skulle ta livet av han. Han var så fin og snill, men han hadde med seg mykje ballast, han var blant anna ikkje sosialisert så han bjeffa på alt og alle var redd for alt. Det var vanskeleg å ha ein slik hund, heime med meg og Bjørnar var han kjempesnill men ute var han ein katastrofe... I 2002 fekk eg tilbud om å vere med på eit kurs i regi av Canis på Fjellanger. Eg kasta meg med og eg fekk mange og gode erfaringer, denne ideologien som dei lanserte appelerte både til meg og til Bonzo og sakte men sikkert så begynte Bonzo og stole på dei rundt seg. Vi fekk og muligheten til å begynne med agility noko som stryrka sjølvtilliten hans enormt. Eg og Bonzo kom oss i klasse 3 i agility og hadde utruleg mykje kjekt saman. Då Bonzo var ti år måtte eg trappe ned agilitien på grunn av forkalkninger i ryggen. I dag lever han livets glade dager, han er min vikitgaste ressurs på kvalpekursa med både sosialsering og triks......Verdas beste venn, håpar at han skal vere like sprek i mange år framover. I dag har og eg Og Hilde og Charlotte hatt ei lita agilityøkt, kjempemoro.....Her er dei to løypene eg testa, desverre så ville ikkje videokameraet meir på andre runde så det fekk eg ikkje filma....