fredag 31. juli 2009

Ein fin ferie .....




Vel så fort kan ein ferie gå , dagane berre driv avgarde med alle slags gjeremål. Eg ser jo og at viss eg skal oppatere for dei to siste månadane så blir det rett og slett for mykje og skrive om.

Vi har vore mykje på besøk i ferien og riktig kost oss. Vi har gått ein del agility med både opp og nedturar. Eg føler eg har mykje og bevise, at eg og Ted er eit godt team og kan gå god agility, men dessverre går det ikkje alltid vår veg om eg aldri så mykje ønsker meg det. Men nok om det eg håper at det kan løsne framover og at eg kan slappe litt av framover og kose meg med agilitien så tenker eg og at resultata kjem. Eg og Ted har mange gode resultater denne sesongen, men vi presterer for ujevnt og det irriterer meg. Eg har ein god hund og meir enn nok både kunnskap og handling i kroppen til å kunne klare det....Men eg får berre vere flinkt til å fokusere på nye oppgåver framover..
I dag har eg trent hoppteknikk med begge hundane, Ted er ein utruleg balansert og flink hoppar, medan Kelly fortsatt strever, men eg synes at ho har blitt mykje betre. Vi får berre stå på så blir det nok bra.
Har og kjørt igjennom ei agilitybane som funka veldig bra, Ted var igjennom på første forsøk, må nok bli flink til det framover og kjøre mykje konkurransetrening for å øve opp fokus og øve på ulike overganger både når det gjeld handling og fart.
Kelly har eg trent ein del rute med har tatt film som eg skal legge ut det ser veldig fint ut..

søndag 31. mai 2009

Oslo Hundeshow


Jippiiiiiiiiiiiii.

Hipp hurra for Tedden verdas beste hund. Ei helg i agilitien sitt teikn. Kjempeflott selskap, vær og ikkje minst eminente baner av dei to VM dommarane Bernd Huppe og Alf Manuel.......

søndag 10. mai 2009

NKK Kristiansand...







Ted vann begge dagar i Kristiansand, flinke gutten min. Tusen takk til min kjære husbond og sjåfør, og ei stor takk til Hilde som har vore mi moralske støtte og gode hjelper, og ikkje minst til Siv der vi har budd som grevar i hennar nye prinsesseslott. God trening, god mat og godt selskap. Vel dette blir alt for no, god natt.

mandag 4. mai 2009

Verdas beste Bordergutt 5 år....

Bestevenner for alltid...


Tusen takk til Malin for fine bilder...


Utruleg men sant, Ted er blitt 5 år, det føles som han var liten i går, men det er den vegen det går med alle......
Ein fantstisk følgesvenn og atelet......TAkk for alle læreike år, du er ein heilt spesiell venn og eg ber til høgare makter om at eg og deg får vere eit godt team i mange år framover..

onsdag 8. april 2009

Slalom......






Når ein reiser rundt omkring på konkurranser så er det mykje bra og sjå og sjølvsagt ting som ikkje er så bra.
I helga var vi i Stavanger, Ted gjekk nokre fine løp og det kjennes ut som om vi er i rute, han går kjempefint, stopper fint på feltene, tar alle signaler. Eg prøvde meg til og med på sitt som startprosedyre, det " funka" kjempefint, han sat så fint så. Vi fekk dessverre fem feil i tre løp, to vegringer der eg blir litt for sein med beskjed videre og han får for liten plass til å satse. Vi fekk ein andre og to tredje dessverre med fem feil i kvar, men det kjendes veldig bra, han hadde godt over fem meter i sekundet både i hopp og agility.
Dommar Per Berg Kirkevold hadde gjort ein jobb, fine baner med gode linjer og mykje handling. Eg likte og det han sa over høgtaler " vær rettferdige med hundane ". Synes det er fint når dommarar statuerer eksempel og seier klart i frå om at dei ikkje vil ha ubehag inne i ringen....
Det eg eigentleg ville skrive litt om er eit spesielt hinder på banen som heiter slalom. Det er heilt utruleg å sjå for nokre krumspring og omveier vi mennesker lager så hunden skal få ein enklare slalominngang, i staden for å gå i gang å trene slik at hunden er i stand til å ta den sjølvstendig. Handling blir mykje enklare når hunden kan sin del av jobben, og du sparer utruleg med tid. Ein hund som du kan sende i slalom og stikke i frå for å plassere deg gjer at du rekker opp i neste kombinasjon uten stress. Eg har ført statistikk på Ted sine slalominnganger og han har aldri hatt feil på dette hinderet i konkurranse, no er det ikkje slik at ein god slalom kjem gratis, det ligg mykje jobb både med inngangstrening og proofing.
Ted har lært slalom med sheiping, det har vore ein lærerik og ganske lang veg, men resultatet er eg godt nøgd med. I desse dagar har eg nettopp byrja med Kelly, vi har hatt fem korte økter. Med henne er tanken å bruke 2*2 slalom, her anbefaler eg Susan Garett sin slalom dvd som er heilt knall...Fordelen med denne metoden er at hunden lærer seg både å gå slalom+ alle innganger. Med Ted så lærte eg han først å gå slalom deretter byrja eg med ulike innganger. Kelly er ei jente som er lett å jobbe med, ho er lett å belønne, har mykje energi, og ho er sheiping klok, ho er utruleg utholden og ho dett ikkje i do om ho ikkje klarer det på første repetisjon då prøver ho berre endå hardare, det er ein stor fordel. Eg skal prøve og leggje ut ein film som eg har laga, i mellomtida får eg gå inn igjen i senga, har faktisk ikkje vore så forkjøla og dårleg på lenge,. I dag hadde eg 40 i feber, og Bjørnar ropte meg fint inn igjen når eg prøvde og snike meg ut og trene med Kelly. Vel det er nok sikkert lurt og holde senga, men i alle dagar kor kjedeleg det er ......God påske til alle ...



lørdag 28. mars 2009

Kelly 1 år....

6 veker gammal....
Ca 3 mnd....Foto av Fanny Gott



Ein ordentlig god leiksak....


Burleiker....Eg veit ikkje kven av oss som er ivrigast....


Kelly 6 mnd..


Trøtt etter ein lang dag.....Kelly 7 mnd


Kelly 10 mnd....

Kelly 11 mnd...


Verdas finaste jenta er no blitt eit år, tida den flyr skal eg seie dåke.....Kelly er ein super hund, ho er blid, glad og arbeidsvillig. Ho er lett å ta med seg overalt utan at det blir trøbbel. Når eg har kurs ligg ho fint i buret sitt, og når eg treng at ho skal vise ting så viser ho villig vekk ting ho kan..

No om dagen har vi ein del prosjekter gåande, i går vart eg ferdig med med 12 min fellessitt på litt over ei veke, vi fekk og testa ut fellessitt på fellestreninga, ho sat som ei dronning med elitehundane. (då berre i 2 min).

Ellers så tenkjer eg på nasedutter, running contacts og slalom både i våken tilstand og når eg søv.

Eg er litt usikker på kortid eg skal stille ho første gong i agility, vi får rett og slett sjå det litt an. Lydighet klasse 2 skal vi i allefall gå lørdag 2 mai viss alt går etter planen, eg var eigentleg tenkt å gå i Kvam til helga, men då skal eg og TEd til Stavanger for å gå agility, jipppppi...

Vel det får bli alt for no, hestane må få mat..God helg til alle saman.










mandag 9. mars 2009

Vinterferie....

Belønning er viktig....
Spøkelseshunden Ted....


I farta...........





















Vel ordet ferie skulle ein vel assosiere med med å minst ein dag ikkje gjere på nokon verdens ting, men som alltid så har vi hatt ein nokså " TRAVEL " vinterferie. Dei første dagane begynte eg og Mathias på ei liten runde på kino, badeland og diverse aktiviteter som ikkje hadde noko med hund og gjere. Veldig godt innimellom og berre gjere heilt andre ting. Mathias sette i allefall stor pris på det. Tysdag, onsdag og torsdag gjekk med til kurs i anledning at Sylvia Trkman kom til Bergen i regi av Line, (tusen takk Coucheron for det initiativet).
Det var eit intensivt og godt kurs. Sylvia tok opp mange interessante emner som korleis få hunden til å svinge thigt, running contacts og så triks. Det var morosamt og sjå kor flink hunden hennar LA var. Banene ho hadde med var spanande og utfordrande, og eg fekk ein veldig klar formeining om kor eg har mine styrker og kva eg må jobbe litt meir med. Summar summarum er eg veldig godt fornøyd med eigen presatsjon, TEd gjekk som ei klokke. Ting eg må jobbe endå meir med er thigte svingar når eg er på avstand og feltene må eg alltid ha gode kriterier. Dette kom seg veldig utover i kurset når eg blei enig med meg sjølv koritd eg skulle belønne og kortid han skulle få gå videre i banen. Gode og utfordrende baner som eg lærte mykje av. Eg var positivt overraska over TEd kor godt han forstår dei ulike siganla ute i bana og han er berre rå på innganger på slalom.
Men det er mykje å jobbe med, får sjå om eg får lagt ut noko film...
Fanny var og med på kurset med Shejpa, dei var kjempedyktige og hadde flotte running contacts, takk for besøket det var kjekt at du kom. Mathias han snakker om Shejpa enno....
Det var og utruleg kjekt med alle dei flotte observatørane som var med, kjempekjekt å hå dåke der (Simen, Mari, Kerstin, Elin, Silke, Charlotte, Hilde, Trine osv........)
I helga var vi i Son med endå meir agility hos Fanny, spanande og lærerikt, og frykteleg snilt at Bjørnar kjørte meg over fjellet det var skikkeleg dårleg vær noko som førte til at vi måtte reise tidleg på søndagen....
Det var ein kjekk gjeng og er ser fram til mykje god inspirasjon gjennom året.......
Tusen takk til Sylvia som heldt eit inspirerande og kjekt kurs og takk til alle som var med og gjorde det triveleg.