mandag 19. oktober 2009

Tur til Tønsberg.....

Vill og vakker.............


Vel lørdags ettermiddag kasta familen Wiik seg i bilen, og turen gjekk denne gang til Tønsberg for å gå stevne EIN DAG, kan du tenke deg å vere så GAL......På formiddagen på lørdag kom Hilde og Charlotte innom og dei veit å sette deg i godt humør, to timar flyg fort når ein er io godt selskap. Eg skulle eigentleg tenkte eg vere heiagjeng for Dorthe og Line då uttak til nordisk skulle vere. Sidan Line ikkje var i form så reiste vi i lag med Dorthe og Simon. Vi kom fram seint lørdagskveld til Tønsberg, då vi kom fram til hyttene blei vi positivt overrraska for å seie det mildt. Eg spurte verten om det var vatn på hyttene og då lo han av meg. Og faktisk har eg aldri budd så fint i heile mitt liv, så Furulund kro i Tønsberg er stedet....
Søndag var det tidleg opp og innta ridehallen på melsomvik. Til å vere ridehall er det vel ein av dei beste dekke eg har godt på.. KElly mora mi var først ut i hopp 2 , det var ein ganske fin bane av Peter Holmberg. KElly knalla til og vann likegodt heile klassen, flinke voffen....Til tross for ein vanskeleg slalominngang så tromma ho rett inn. Eg synes Kelly eigentleg går litt seint, det følest ofte slik, men tida var klinkande klar ho gjekk på 5 meter i sekundet og det er ikkje verst for ein ung og uerfaren liten voff.
Neste var Tedden i hopp , bana var i og for seg grei nok, men eg var litt usikker på eit punkt og det er når dommarane legg opptil avstander på fire meter. Ted er ein hund med ganske stort steg, han stusser alt han kjem over, og veldig ofte får vi riv på denne distansen , han prøver virkelig, men han kom seg ikkje opp og med fem feil så er løpet kjørt, men elles veldig fornøyd med løpet. Så var det agility neste fekk og der eit riv tidleg i banen og lufta går litt ut av ballongen dessverre, klarte og holde kriterier på felt og det blei sånn nokonlunde.

Gratulere så mykje vil eg derfor gjere til Dorthe som gjekk to feilfrie løp, knallbra dåke er så flinke dåke to. Så då har vi i allefall to bergensere med til nordisk , gratulere så mykje og vel fortjent. Så kom siste mulighet til å setje eit feilfritt løp, agility åpen, vi gjekk først ut i og med at reisa til Bergen er lang. Vel banen var ikkje verdas vanskelegaste men ein skal likegodt gå feilfritt og det er akkurat dei same utøvarane ein skal slå. Ted vann med nesten to sekunder over JAn Egil Eide, det var gøy. Men neste gang får eg slå til når det gjelder nemleg offiselt. Vi viser innimellom at vi kan.....Tusen takk for ein kjekk tur Dorthe og Simon....

mandag 14. september 2009

NKK Stavanger

Vel på dette tidspunktet er klokka eitt om natta og Ted er slettes ikkje interessert i fotografering.
Han er trøytt og vil leggje seg seier han etter ei lang helg.
Ted vann søndag og ....


Lille Kelly fekk lov å gå to hoppløp nede i Stavanger, og fekk med seg to andreplassar heim igjen, to napp og dermed klar for klasse 2 i hopp.
Takk til John og Karin for nydelege overnattingsfasiliteter...........

fredag 4. september 2009

Mannekengen.....

I går sette eg sammen mannekengen for første gong. Vi har jobba mykje med signal på sitt, stå og dekk under marsj, men likevel var eg litt usikker. Men Kelly er flink til å overraske mor gjekk mannekeng som om ho aldri skulle ha gjort noko anna. Skal prøve å leggje ut filmen.
Så dagens motto; er grunnen bra er det ikkje så vanskeleg å byggje resten.

tirsdag 1. september 2009

Nytt kamera....


Vakre Kelly ...

Har trent felter i dag, Ted har to av to på medan han frys nasa til bakken, funker fint det.

Ted likar å gå slalom, men her må han stoppe litt og smile til fotografen..
No tar Kelly kvelden seier ho...
Min kjæraste Bjørnar har kjøpt meg eit nytt speilreflekskamera med 70-300 mm linse. Er veldig fornøyd, men no må det slutte og regne her på Vestlandet slik at ein kan ta skikkelege bilder...Vel dagen i dag har vore ganske innholdsrik kva hundetrening angår. Eg har hatt fri i dag og då har eg hatt ein dag med eindel hundetrening.
Dette har eg prioritert i dag :
- apportering av tre og metall over hopp
- ruta ny plass
- fri ved fot (attityde+proofing) Mathias spelte fotball rundt ho dette var veldig vanskeleg men etter kvart gjekk ho riktig fint og konsentrert
- 2 min fellessitt
- sitt under marsj
- hoppteknikk Kelly (jobba med hopp i sving i dag) synes at ho beveger seg ganske fint og uanstrengt.
- slalominnganger med Kelly
- nasedutter med Kelly
- felter med Ted
- 5 min dekk med skjult fører (låg i lag med Ted i dekken). Bjørnar var dommer og gjekk litt i mellom dei medan dei låg der.
Bygde ein kombinasjon som eg gjekk med begge to, jobba mykje med serpentin i starten, å få dei til å komme inn på armen uansett vinkel+samt å sende dei på baksida av hopp på avstand.
I morgon er det running, nasedutter og luktdiskriminering som står på agendaen.....Skal prøve å få filma feltene til Kelly, det går i allefall framover.
Eg er godt fornøyd med begge to, dei er konsentrerte og jobbar fint.

lørdag 29. august 2009

Flinke Kelly....

Kelly er sliten etter ein lang dag....

I dag har vi vore på konkurranse i regi av Nordhordland hundeklubb, og er det iallefall noko som er heilt sikkert så er det at vi ikkje har hatt været med oss.

Det er jo alltid litt spanande når ein skal gå lydighet kva vær det er, og i dag har det vore skikkeleg møkkavær det har regna i strie straumar og sjølvsagt blir ein då uroleg for om hunden legg seg eller ikkje eller rett og slett finn ut i fellesdekken at i dette været er det ikkje verd å ligge, men eg trengte ikkje uroe meg. Kelly gjekk eit flott program og været kosta oss nokre poeng men eg er kjempefornøyd med henne. Ho vann klasse 2 med 170 poeng og dermed får vi gå heim og finpusse meir på klasse 3 øvelsane...., kjekt...


Så var det duka for litt agility, eg hadde berre meldt ho på i hopp. Eg har nok drøya det ei stund fordi ho har hatt veldig dårleg hoppteknikk, dårleg sjølvtillit på det å hoppe , slenger seg over hoppa. Noko av dette kjem nok av at ho er lita.. Vi har dei siste vekene jobba mykje med hoppinga hennar og gledeleg nok for oss så svevde ho over hoppa i dag, og det såg ut til at det var ein hund med stor sjølvtillit som suste rundt på banen. Kelly vann sin klasse og dermed vesle jenta sitt første napp. Vi får sjå kortid neste mulighet byr seg, men i mellomtida er det alltids noko verdt å trene på. I morgon er det barnedåp, dermed ein dag utan hund...

Ha ei fin helg alle saman..

fredag 14. august 2009

Running Contacts...

Ted i ein to av to på. Mathias har allerede blitt ein dreven handler... ( Fanny har tatt bilde)..
Kelly er heldigvis friskmeldt så denne veko sa har vi hatt tre ulike arbeidsområder, ruta ( har reist rundt heile veka og flytta ruta rundt, og ho har blitt kjempeflink, har og begynt å jobbe resten av kjeden, at ho skal legge seg seg på kommando i ruta og komme til fri ved fot posisjon når eg ropar). Det vi har jobba mest med er nok running contacts, eg har reist planken opp frå bakken, ho har flott fart og intensitet. Hadde laga ein filmsnutt,men den klarte eg sjølvsagt ikkje å leggje ut ( kanskje eg tar i mot tilbudet ditt Siv og flytter til Sørlandet så kan vi trene hund og fiske krabbe, og så kan du hjelpe meg med alle tekniske duppedingser). I allefall blir det spanande og sjå korleis det utvikler seg framover, det er kjekt å prøve seg på noko nytt, med Ted har eg den tradisjonelle 2 av 2 på og det funkar fint, så det blir kjekt å sjå om dette blir like bra. Vel når det gjeld hoppteknikken såblir eg nok ikkje utlært med det første, men det er veldig kjekt og lærerikt, og ein lærer seg å sjå og observere litt bedre kvar gong, og eg ser faktisk stor skilnad på Kelly på ei lita stund.
Ho har problemer når pinnane ligg på 55 cm, ho er ikkje heilt bekvem med å hoppe, men no ser det mykje bedre ut. Har jobba mykje med Set point med oxer både rett fram og i sving til venstre og høgre. Ho har blitt flinkare til å skyve vekta bakover i det ho satsar og er dermed meir i balanse i hoppet.....Er i skrivende stund på veg til Oslo i lag med min finaste Bjørnar, turen har faktisk to hensikter, eg skal hente dei nye feltapparata mine, tjo hei då har eg heile agilitybana, og når eg sjølvsagt er i Oslo så kan eg jo like godt vere med på NKK Bjerke som er denne helga å sjå om vi kan gjere nokre gode løp.....
Vel vi snakkast over helga....

torsdag 6. august 2009

Ny heimeside


Har prøvd å lage meg ei heimeside med veldig blanda resultat, den er langt i frå ferdig men med min tekniske innsikt så er faktisk dette ikkje så gale..