søndag 4. februar 2007

Fredagstrening på Varden 2 februar


I dag tok eg med meg Mathias og begge hundane til Bergen for å trene i Retrieverklubben .
Det er viktig å skifte treningsarena ofte slik at ein får ein hund som blir sikrare på det å oppsøke ukjende plassar. Dessutan føler eg meg veldig velkomen og innkludert i retrieverklubben. Det er mange som har same type hund som eg har sjølv og då vert det naturleg at ein har litt meiningsutveksling.
Denne bana sette vi opp i dag, det er ei agilitybane, dvs at feltapparata er med. Det er ytterst sjeldan at eg trener med felt inni ei bane, , men av og til må ein teste hunden i henhold til konkurranse, at feltatferden funker. Eg valgte å køyre banen og avslutte med stigen,. Baklengskjeda først stigen slik at eg gir hunden mulighet først for å utføre siste atferden i kjeden og bli forsterka ein 3-4 gonger. Ted har ein to på to av atferd, han har to labbar på feltet og to i grusen. Å jobbe for å få gode felter er eit langvarig og systematisk prosess, der ein må ha liten feilmargin for å få ein stabil øvelse. Ted får aldri forlate feltet før han får kommando " køyr ". Eg køyrde heile kombinasjonen frå hinder 1-18. Det gjekk så det suste etter. Stor takk til Dorthe og Line som står og kommanderer meg ute i banen og alltid er like engasjerte, dette er utruleg motiverande. Ted har no veldig fin felter, nydelege innganger fra alle sider i slalomen og fine fremsendinger. Når ein ein sjeldan gang set alt saman så er det veldig spanande. Han er nydeleg på felta no, ein kvikk liten stopp før han suser vidare. Vellukka runde.
Neste runde gjekk eg tilbake til delmoment og små kombinasjoner. Det er veldig viktig å variere tida som hunden skal stå på felta, i konkurranse skal det gå så fort som mogeleg, medan ein på trening må leggje opp til at hunden skal tåle alle typer felter og at fører skal kunne vere i alle typer posisjoner. Viktig å oppretthalde ein god forsterkningsfrekvens.
Fekk og tre frivillige til å ta tannvisning på Ted, dette gjekk kjempebra. Eg har veldig lyst no til å stille han i lydighet, men først skal han ut i agilitykonkurransar, og det skal bli kjempespanande og sjå kva vi kan få til. TEd manglar eit napp på opprykket til klasse 2.
Men det viktigaste av alt er og ha den gode følelsen når ein går og god flyt.
Målet vårt var å ha høg intensitet, gode innganger på slalom og så liten feilmargin som mogeleg på felta. Dette klarte vi faktisk. I morgon skal eg og Ted på konkurransekurs i agility med Titti Hovig, og det gledar eg meg utstyrteleg til.....................



Ingen kommentarer: