mandag 5. februar 2007

Konkurransekurs i agility laurdag 3 og søndag 4 februar.

Når det gjeld bloggen no så ligg eg vist litt i bakleksa, dei siste dagane har gått fort i svingane.
Vel i helga var Titti Hovig og besøkte oss for å halde kurs. Ho er ein av dei ypperste i Noreg i agility, blei nummer to i NM i 2006 i Vikingskipet.
Ted er så ny med agility at han ikkje har vore på eit reint handlingkurs enno. Det var derfor med stor spenning at eg køyrde opp til ridehallen på Aase laurdagsmorgon.
Til mi store overrasking hadde Titti nett vore på kurs med mitt store forbilde Greg Darett, det var hovudsakleg hans metodar kurset handla om.
Eg har gått og tenkt på no ei stund at eg liksom ikkje heilt har fått det til på agilitybana, det har blitt mykje feil og misfortåingar mellom hund og førar. Dessutan er eg veldig avengig av å jobbe etter struktur og systematikk, noko Greg legg opp til i alt han gjer.

Det vart ei fantastisk helg og Titti var ein kjempeinspirasjon. For fyrste gong med Ted fekk eg eit tydeleg og systematisk handlingssystem som eg har lett etter i lange tider. Det rare var at Ted reagerte umiddelbart på føringa mi og det var ein underleg følelse, for første gang opplevde eg det ein kallar for flyt ( las det i canis i dag), det var berre ein fantastisk følelse.
Det var ei utruleg lærerik helg og eg har mest sannsynleg lært meir i agility enn eg nokonsinne har gjort.
Titti var veldig begeistra for felta til Ted og skrytte over måten eg hadde lært det inn ( ved hjelp av baklengskjeding sjølvsagt). Vel helga var vert kvar krone og eg har bedt Titti instendig om å komme igjen etter at ho har vore på kurs no hos Susan Garett i april. Vi har så mykje gode forbilder der ute som kan mykje. Vel pass på no vert ikkje eg og Ted lette å fortså oss på.


Tusen takk Titti for ei lærerik helg som til liks med klikkertreninga har endra verdsbilete mitt.

Ingen kommentarer: