tirsdag 6. februar 2007

Tysdag 6 februar

I dag har eg trent på litt forskjellige ting. eg har trent ein god del på denne boksen, på å få Ted til å forstå signala mine, kortid han skal bevege seg ut i boksen og kortid han skal komme inn i boksen. Treninga i dag har gått kjempebra, ingen riv i byttene mine heller og det betyr at han begynner så smått om senn og venne seg på det at eg tar bytte framfor han.
Eg føler faktisk at det går veldig på fram no når det gjeld handlinga, og det ser eg ikkje minst på farten til hunden min som har auka på fordi han får tydelege signal om kva som skal skje.
Vi har og hadde to økter med slalom, det eg jobbar med no om dagen er at han skal gå slalomen ut uansett kor eg er i forhold til han. Titti tipsa meg om å halde blikket på han til han har gjort seg ferdig. Dette har faktisk resultert i at eg kan gå på ganske lang avstand, eg kan ta framforbytter og bevege meg ut frå slalomen utan at han føl etter, skikkeleg flink hund!!!!!
Har og jobba med grunnferdigheten å holde. No har han inne at han kan holde apportbukken fint framfor førar og i utgangsposisjon. HAn heldt fint i 10 sek. I dag har vi jobba med at han skal gripe. Eg holdt apportbukken først og la han deretter gradvis ned mot bakken, og han greip om apportbukken kjempeflott, det blei ein real jackpot. Har og øvd på lineføringa. Der må eg berre ta meg i saman. I dag var han faktisk veldig flink vi avanserte frå 5 skritt med fokus i går til at han i dag faktisk gjekk nokre meter, han var kjempeflink.
Veldig fornøyd i dag........................

Ingen kommentarer: