torsdag 8. februar 2007

LYDIGHET ER GØY..................





No har eg nettopp kome heim i frå lydighetstrening i ridehallen. Det var i allefall ikkje den store miljøtreninga, eg var der heilt åleine, ikkje så veldig inspirerande det.

Bjørnar kunne heller ikkje vere med å filme i dag. Å filme er viktig, det er heilt utruleg kor mykje rart ein gjer som ein ikkje er klar over.
Vel i dag hadde eg hovudfokus på fri v/fot, dette har vi øvd alt for lite på så no har eg lagt meg i selen for å få det til.
Eg er veldig fornøyd med innsatsen i dag. Ted gjekk kjempefint og var heilt fokusert. Han begynner å bli veldig flink på vendingane no, ganske stilig om eg må seie det sjølv. I dag var vi oppe i 30 steg på det meste og det er ny rekord.

Ellers har eg sett igjennom terminlista i dag og funne ut at eg og Ted skal ut i vår første lydighetskonkurranse 15 april.
Det blir kjempespanande om vi får det til. Ellers blir det og mange agilitykonkurransar, så det skal bli kjempekjekt.
I dag køyrde eg to øvelser etterkvarandre før han fekk belønning, dette har eg ikkje gjort før. Eg brukte avstandsbelønning. Eg køyrde dekk frå holdt og stå /under marsj etter kvarandre, spesielt stå under marsj er eg veldig fornøyd med.
Vi tok og eit par repetisjoner på hopp over hinder, det er litt greitt at han ikkje raser over det som ein agilityhund. Litt agility vart det faktisk og, vi jobba litt med boksen i dag og, og det er heilt utruleg kor mykje betre vi kommuniserer no, og kor flott flyten er.
Sjølv om ingen var til stades å fekk sjå den flotte treningsøkta var, så får vi berre berømme oss sjølv. No skal me ut på måneskinstur i snøen, det er sikkert 10 minus og kjempeflott vær. Det er godt for oss bergensarar å få litt anna enn regn.

Ingen kommentarer: