torsdag 15. februar 2007

Innetrening

FLINKE VOVVEN !!!!!!!
I dag starta ikkje dagen heilt med hell. Når eg stod opp i dag og skulle lufte hundane la eg merke til at Ted halta, han ville ikkje la meg få sjå på foten.
Dermed bar det avgarde til veterinær før eg skulle vere på arbeid klokka 08.00. Veterinæren kunne ikkje påvise noko, men han ba meg ta det med ro og trene lett.
Vel i dag hadde eg tenkt å trene slalominnganger heime, men det kunne eg berre gløyme.
Heldigvis er det visse øvelser ein kan trene med vondt i foten.

I dag har vi tatt øktene våre innendørs. Tinga vi har jobba med er fri v/fot, luktdiskriminering og apportering. Eg er kjempeimponert over han, han har jo blitt den lydighetshunden, Ted som
" berre " skulle bli ein agilityhund. Slik kan det gå når du blir inspirert av desse Canis folka.....
Ted heldt no apportbukken utan problem både framfor førar og i utg.posisjon, kan og gripe frå bakken. Utfordringa i dagane framover no blir å gå medan han har apporten i munnen. Med ein gong det blir litt beveglelse så hender det at han slepp. Men øvelse gjer mester, har eg kome så langt så skal eg greie dette og. Luktdiskrimineringa går supert. Eg har brukt mykje post-it lappar, og no er han veldig flink å finne rett lapp med ein gong. I dag hadde eg 6 lappar og han fann den rette med ein gong. Fri v /fot begynner vi så smått å få litt dreisen på, no i dag har han faktisk gått 50 skritt med fokus og det er ny verdsrekord for oss. HAr og trent ein del på vendingar, han føl veldig fint.....

Vel det går på framover.........

Ingen kommentarer: