søndag 18. februar 2007

Bursdag og ag-trening søndag 18/2-07





I dag vart ein av " Supermennene " mine 5 år. HAn hadde invitert til stort bursdagsselskap og dette har vore planlagt lenge. Han har skrive seg ønskelister, og han fekk utruleg mykje fint.


No søv han som ein stein etter alle dagens begivenheter. Det er kjekt med bursdag, men og slitsomt. Når barnet var komen i seng og huset opp igjen rydda reiste eg ein tur ned til hallen for å trene. Dei siste dagane har vore litt keisame for hundane sin del, det har vore mykje jobbing og Ted har halta. Vel i går vart han friskmeldt så då bestemte me i fellesskap at i dag ville vi reise og trene. Denne bana her sette med opp. I dag var slalom første hinder, i dag var banen trang og svingete, ei skikkeleg handlingsbane. Det var ikkje meir enn 4 meter mellom nokre av hindera, Ted har tidlegare hatt problemer med å komme over uten og rive når avstandane er veldig krappe, men i dag gjorde han det med stil. På 16 hinder bomma han på sats to gongar ute i bana og det er kjempebra.. Føringa mi begynner å sitte og Ted får svært få bane feil, eventuelt når eg blir ståande litt i vegen for han. HAn er mykje flinkare no til å av passe farten i forhold til vanskegrad. Idag følte eg at alt klaffa og at det var flyt heile vegen.

HAr og trent litt lydighet i dag og eg må seie at grunnferdigheten holde fast begynner å komme på plass. Men no er eg kjempetrøytt så no skal eg rett og slett leggje meg................


Ingen kommentarer: