torsdag 1. februar 2007

Lydighetstrening på Åse



Torsdag 2 februar 2007
Vel bestemte meg vel eigentleg i går at eg skulle til Åse for å trene lydighet i dag. Åse er ein praktfull gard utanfor Bergen der hundeklubben er så heldige at dei leiger både utebane og stor ridehall der vi trener inne. Supre forhold for hundetrening.
Tok med meg både Bonzo og Ted for å trene. Ted har vore klikkertrent frå den dagen han kom i hus og Bonzo er ein såkalla cross over hund. Meininga var å bruke Ted til agility, men eg må inrømme at desto meir eg trenar lydighet og desto meir eg får til desto kjekkare er det.
Innlæringa har gått mykje fortare med Ted, men Bonzo er den aller kjekkaste å konkurrere med, han er roleg og avbalansert noko som smittar over på meg og. Ted derimot har ein del fleire spøkelser å bli kvitt. Eg gledar meg til konkurranse sesongen no begynner for fullt, men nok om det.

Hovudfokus i dag har vore innkalling og apportering. Eg har jobba mykje med bakpartskontroll og Ted kan no gjere vendingar i alle retningar, ganske stilig å sjå på. Eg byrja treninga i dag med å repetere nokre utgangsstillingar, deretter fekk eg nokon til å holde Ted ( ca15 m). Tok tre kjappe repetisjoner med god fart og ikkje minst pene innsitt. KJempefornøyd med den økta.
Deretter bar det over på apportering som nok er der vi slit mest. Ted er aller mest interessert i å behalde gjenstanden sjølv, dette har ført til ein del utfordringar. So Marianne sa på klikkertrenerutdanninga " Bodil ditta går bra". Vel eg begynner å tru no at ho kanskje får rett.
Ted begynner å få eit godt grep no han heldt flott både framfor førar og i utg.stilling, han har holde i opptil 15 sekund noko meir har eg ikkje prøvd enno. MEn eg synes han har blitt kjempeflink. I dag har eg holde på med litt Doggie-zen, at han skal holde fortsatt om eg viftar med noko framfor han.Fekk og trent med rikeleg med forstyrrelser i dag hestar som Ted ikkje er spesielt glad i, tisper med løpetid osv.... Men dette gjekk flott.... Det skulle tyde på at både timing og forsterkning fungerte. Deretter baklegskjeda eg stå under marsj, dekk i frå holdt og fremsending til kjegle. Desse øvelsane er no veldig fine og stabile.

Til slutt køyrde eg nokre rundar med fri v/fot som er det desidert vanskelegaste eg trener på. Eg har gått lenge med dei to perfekte skritta mine framover, medan andre ser ut som dei ikkje har gjort anna enn å gå fri v/fot. Men i dag fekk eg eit lite gjennombrudd. Eg brukte mykje avstandsbeløning i dag, det resulterte i mykje positiv energi i hunden min, og faktisk veldig fin fri v/ fot.
Hadde ein liten runde med tannvisning og fellesdekk m/skjult førar,dette gjekk kjempebra.
Med Bonzo har eg trent apportering og framsending til rute, samt lineføring. Eg må jo seie at Bonzo er ein drøm å apportere med han heldt godt, fint opptak. Det einaste eg ikkje er heilt nøgd med er farten, han galopperer fint , men eg trur han har litt meir på lager. Men han har i allefall den vakraste lineføringa verda har sett. Eg hugsa ein dommar som kommenterte i ein konkurranse at det ser ut som hunden din dansar. Vel treningsøkta mi gjekk etter planen i dag.
Korte økter, høg intensitet og lite feil. Dermed lukkast eg med målet mitt for dagen.

Gledar meg til helga, då skal eg på agilitykurs med Titti Hovig, ho er flink og er ein kjempeinspirasjon. Kanskje eg kan lære ho litt om agility og klikkertreinng...............

1 kommentar:

Marianne sa...

Flott at du har fått deg blogg, Bodil-jeg skal følge med:)
Ellers er jeg sikke på at dere har apporteringen inne snart, så bra som du trener...