mandag 16. april 2007

Vitamininnsprøytning !!!




Vel utruleg merkeleg overskrift, men det er akkurat slik det kjennes dagen derpå. I helga har eg vore på konkurransekurs med Åsa Emanuelsson og Jan Egil Eide. Skal eg oppsummere det med eit ord : det var KNALL....
Eg har jo tidelegare trudd at eg har vore flink i forhold til å sjå i riktig retning dit du skal i banen og ikkje minst holde kontakt med hunden heile vegen i banen, men der tok eg feil gitt.
Dette jobba vi utruleg mykje med i helga, ikkje slepp kontakten med hunden i noko ledd på banen, samt å tilrettelegge for hunden i banen og alltid ligge framfor hunden.

Mykje bruk av armane til å dirigere med, det eg merka for min del var at det var utruleg effektivt, og hunden min gjekk som aldri før akkurat fordi eg på kvart einaste hinder var forbedt på kor eg skulle setje foten. For min eigen del var det eit kjempekurs med mykje handling noko som eg har veldig bruk for......
Ei sstor takk og til gjengen som var med på kurset. Flott oppbakking.
Tusen takk Jan Egil og Åsa, dåke er berre kjempeflinke.....

1 kommentar:

Marianne sa...

Hallo Bodil, er du der??? Lenge siden jeg har sett noen aktivitet på bloggen din. Håper treningen går bra, er spent på å høre mer om deg og superhunden Ted!
Marianne :)