mandag 11. juni 2007

Energi........




Vel, eg sette meg ned med ein artikkel skriven av Eva Bertilsson og Emilie Vegh om "Agilitymessig trening ". Den ga meg nokre tankar om kor dårleg ein eigentleg forberedar seg til ei treningsøkt og at ein heil del ting lett kan bli tilfeldig, noko som eg ikkje ønskjer i treninga mi.
Eg trudde eg var ganske flink å tilretteleggje for ei treningsøkt, men som alltid ser eg at eg har mykje å lære.
Eg ser at nesten i alle kretser er det hunden som får skulda for ei dårleg treningsøkt, og eg kjenner er blir mektig opprørt av slike tankar.
Den siste veka har vi jobba mykje med energi. Eg har vel tenkt ein del gonger at det er lettare å få Ted energisk i forhold til agility enn det er på feks. fri ved foten. Eg kom til å lese noko Thomas Stokke skreiv i bloggen sin om energi og det å ha fokus på rett stressnivå og ikkje minst ein forsterker som står i stil til oppgåva hunden skal utføre.


Eg synes sjølv at Ted har vore litt daff i forhold til ein del lydighetsøvelser, men det eg finn ut av er jo at det er eg som er det store problemet. Den siste veka har eg tatt meg kraftig i saman og trent med stor energi i begge grener, det eg ser er jo noko som alle veit at min energi smittar over på hunden. I dag har TEd gått fri ved foten som eg aldri har sett før, og det er skikkeleg gøy. No skal eg snart ut i min første lydighetskonkurranse med Ted og det vert spanande.

I morgon skal eg på uoffisiell konkurranse i retrieverklubben, og til helga er det trippelstemne i Bergen, og eg og TEd skal satse alt på å vise god agility, med flyt og fart.
Eg lærer noko nytt om hund nesten kvar dag, og det er kjempeinspirerande. Dessutan er det så mange flinke folk rundt omkring som smittar meg med engasjement og god trening......

1 kommentar:

Marianne sa...

Lykke til på stevnet i helgen! Er sikker på at du og Ted feier alle av banen :)