lørdag 9. juni 2007

Sommar og Spor....

Mammo sin flinke sporhund..
Slitsom og ikkje minst varmt...

Ferdig med sporet...


Eg hadde med meg ein liten canis instruktør på turen. HAn er mamma sin alt mulig mann....


Vel sidan sist canis samling i Trondheim har treninga gått mykje i spor og feltsøk. Dette er kjempespanande og eg ante ikkje at eg hadde ein så flink sporhund.
I dag har eg lagt eit godbitspor på 150 meter, eg la på to 90 graders svingar, eg har byrja med å leggje ned pinnar i sporet. Grunnen til at eg har vald godbitspor er at eg ser at han søker veldig fint og nøyaktig, men at han faktisk og har høg intensitet. Dette lovar bra. Vi apporterer og forskjellige gjenstander på harde livet. Det er artig å sjå kor lett han no tar nye gjenstander.
Vi øver grunnferdigheter kvar dag, nokre dagar går det velidg bra medan andre dagar er eg heilt på bånn. Det er nok slik at ein blir litt trøytt og sliten innimellom. Neste helg skal Ted gå trippelstemne i agility, det blir kjempespanande. Eg er veldig opptatt av at vi skla få til jamne gode løp. Bruke farten vår framover og verkeleg tørrre å gå. Eg begynner å få ein verkeleg fin startprosedyre, den eg hadde vart for uroleg. Ted vart rett og slett usikker på meg. No sit han som eit lys, flinke voffen.....Det er så mykje trening at det blir lita tid til blogging, men heldigvis kjem det jevnleg oppdatering i treningsdagboka, det er det viktigaste...

Ingen kommentarer: