fredag 20. juli 2007

Styrker og svakheter........


Det er berre heilt utruleg kva det er som rører seg i hjernen min for tida. Ein treng ikkje vere professor for å finne ut at det meste av tankeverksemda handler om NETTOPP Hund og hundetrening. Eg trur at eg faktisk i ein alder av 30 år begynner å få grå hår. Det første eg tenkjer på når eg står opp er grunnferdigheter og korleis få flyt og når eg legg meg er det akkurat same sak. Eg er faktisk så pass stressa om dagen at i går kom eg heim med godbitar til hundane frå butikken, men middagsmat til dei tobeinte gutane mine det hadde eg gløymd å kjøpe. No tenkjer du sikkert at denne dama må vere forferdeleg å bu i hus med, og av og til har du nok rett, kva desse godgutane mine må finne seg i. Eg veit ikkje kor mange timar i all slags vær Bjørnar har stått og filma, sett på og kommentert. Så eg har ein mann som berre er FANTASTISK.
Men eg hadde faktisk ein tanke med overskrifta mi. Frå vi er ganske små får vi bekrefta frå omverda rundt oss kva vi er gode til og kva vi kanskje ikkje er så gode til. Ein snakkar om at personar har både sterke og svake sider og at slik må det nødvendigvis vere fordi vi er ulike og vektlegg ulike ting. Eg jobbar som lærar og har 30 barn i klassen. Ein dag kom Espen i klassen grinande til meg og seier ; Erlend seier at eg ikkje er flink å klatre. Eg svarte til Espen, då går vi og øver oss og så viser vi Erlend etterpå. Vi så gjorde, vi øvde oss ei lita stund og plutseleg sat Espen på toppen i klatrestativet og ropte triumferande; sjå Erlend eg kan faktisk klarte, eg er kjempeflink til det.Espen sier til meg etterpå, eg er jammen glad for at eg prøvde, eg ante ikkje at eg var så flink..... Det seier litt om poenget mitt at ein svakhet er ikkje noko som treng å henge ved. Ting som vi absolutt ikkje får til det har vi ikkje særelg lyst til å gi oss i kast med. Det blir så lett å unnskylde seg med at ; dette er mi svake side: I staden for å ta oss i sammen og hoppe i ting med begge beina å trene så kjem vi opp med dumme unnskyldninger i staden ,noko som gjer at nettop denne atferden som vi er redd for utføre eller ikkje føler at vi kan godt nok blir hengjande ved. Alt kan du nesten trene deg til, men det avhenger av mange ting om du er mann eller kvinne, alder fysisk og psykisk form, kunnskap, tilgang, ressurer og ikkje minst tid og kor mykje energi du gidder å leggje i ting. Det eg vil fram til her er at vi nesten alltid finn oss unnskyldninger for å få sleppe å gjere noko som vi ikkje føler oss bekvem med. Eg har lenge gått å tenkt på grunnferdigheten kryp og både Ted og eg har slite litt med å komme i gang. Eg har ingen erfaring med kryp og ikkje TEd heller. Det er kanskje nok til at ein tenkjer, søren dette får eg ikkje til. No har eg trent kryp ei lita stund og det eg ser er at det nyttar å gi seg i kast med ting du ikkje kan.
Det eg har oppdaga litt etter litt er at di meir en får til desto større blir sjølvtilliten. Mestring er lik sjølvtillit. Det eg tenkjer når eg får til ein ting som er kanskje ikkje trudde eg kunne få til er at eg er jammen glad for at eg prøvde. I hundtrening møter du mange utfordringar som verkar vanskelege og nesten umogeleg å løyse ved første augekast, men litt etter litt ser ein eit lys i enden av tunnellen. sider I dag har eg vore i Bergen og hatt nok ei konstruktiv økt med Kerstin og Anette der vi trener og diskuterer ulike ting (helst hunderelatert, vi er temmeleg einspora der), og det får deg til å tenkje på godt og vondt. Det eg ser heilt klart er at dette året har eg lært utruleg mykje av mine såkalla både sterke og svake sider, men det eg gladeleg nok ser er at det eg sleit med for eit halvt år siden det slit eg ikkje lenger med fordi eg har tatt tak i det og trena. Legg du opp gode og fornuftige kriterier så kjem du langt. Eg har i allefall bestemt meg for at eg skal gjere mitt beste for å bestå instruktørutdanninga. Eg har ein god hund, eg er ikkje redd for å bruke tid på og trene, eg har ein flott treningsgjeng som bakkar meg opp, Suverent.......Så kva eg skal bruke resten av sommaren på, jå kva trur du, hundetrening..................................

Ingen kommentarer: