fredag 2. november 2007

Gridwork and commitmentpoint......

Teambonzo på agilitytrening.........Det er nokre stilige gutar mammo har....
Klar til avsats.......Fann nokre gamle bilete frå eit tidleg stadium i felttreninga, der han faktisk ikkje engasjerer bakparten pluss at ha virrer med hovudet. Skal ta nokre nye bilder av korleis det faktisk har blitt etter nokre små justeringer.


Skriv norsk tenkjer du sikkert no, det bruker eg å vere flink å gjere men i og med at dei fleste termer innen agility nettopp kjem frå England så kan det vere vanskeleg å unngå det.

Gridwork blir brukt mykje i hestetrening, og det er utelukkande for å hjelpe dyret til å få rett hoppteknikk, til å få rett avsatspunkt. Ein har då ei rekkje hinder etter kvarandre med kort avstand der dyret må lære å løfte seg over med rett teknikk. Dette er og så veldig viktig i agility. Denne veka har eg og Ted jobba mykje med hoppteknikk slik at han verkeleg skal bruke bakparten til å skyve i frå med. Eg har sett opp 5 hopphinder på rad med 3 meter i mellom, han må sjølv finne ut kor han må satse og lande for å klare å komme seg opp på neste hinder. Dette er veldig god trening.

Parallelt har vi jobba med commitment point som er det punktet før eit hinder der hunden forpliktar seg på hinderet, det vil seie at ein ikkje kan kalle hunden til seg att. Grunnen til at eg tar tak i dette er at timinga mi må heile tida forbedras. Viss kommandoen kjem for tidleg eller for seint så blir det like gale. Derfor må eg lære meg til å sjå kortid dei verbale og fysiske kommandoane må komme. Når ein har ein rask hund så er ikkje dette alltid like lett, men det har utruleg mykje å seie på resultatet. Når eg trener commitmentpoint set eg opp fem hopphiner i ein ellipse (ein slags oval sirkel).Eg har ulik høyde på hoppa og ulik avstand, dette for at eg lettare skal sjå kortid han forpliktar seg på hinderet.
Eg har og jobba mykje med lydighet dei siste dagane, det nærmar seg konkurranse og det er mykje å finpusse på. Feilen med meg er at det nesten aldri blir bra nok, men no har eg bestemt meg for at det får vere godt nok.
I dag har eg tenkt å jobbe med slalom +inngang, dette er veldig viktig arbeid, då sjølvstendigheten i ei bane må vere stor. Eg skal og trene avstandsdirgering og fri v/foten, eg blir aldri fornøyd. Men ein ting er i allefall sikkert, kjekke treningskompisar det har eg i allefall......så lenge det vankar belønning så er dei firbeinte med....

1 kommentar:

Marianne sa...

Bra forklaring på teknikker som er totalt gresk for oss agility analfabeter :)