Ted var nok den som var aller mest fornøyd når bilturen var slutt.....
Denne helga har eg, Bjørnar, Mathias, Bonzo og Ted tilbakelagt 2250 kilometer for å hente heim " underbara " EmenEms Kelly.
Reisa gjekk kjempebra og Mikalea tok godt i mot oss tidlig på 17 mai med frokost og kaffe. Ho viste oss rundt, og vi fekk sjå nokre lovande unghundar samt Kellys søster Kate som ho skulle beholde sjølv.
Eg er heilt utslitt så resten av historia får eg skrive i morgon. No har roen senka seg i huset og det er godt.
Legg ut nokre bilder som eg har tatt med det elendige kameraet mitt. (det er nok det neste eg må investere i). Eg kom forresten til å tenke på noko anna kjekt i dag, eg og Bjørnar har vore mann og kone i 10 gode år. Det er ikkje mange som hadde køyrd kona over 2000 km for å hente ein hund, som mamma så treffeleg så det ; "dette er galskap ", kanskje har ho rett !!!!!! Bjørnar er nok spesiell som heldt ut med så mykje hundegalskap...
7 kommentarer:
Velkommen hjem Bodil:=) Gratulerer med Lille Kelly. Gleder meg til å møte henne. Og ikke minst gratulerer med 10 års bryllupsdag.
Välkommen Kelly! Jag ser fram emot att träffa henne!
Hei og velkommen til lille Kelly!
Gleder meg til å treffe vidunderet.
GRATULERER såå mye med 10 års brylllupsdag, FANTASTISK!!!
Masse klemmer fra Siri og familien
Jeg også! Håper du tar henne med på et kurs, eller noe (:
Gratulere med både Kelly og Bjørnar :)
Ååååå, så fin! Håpar alt går bra med dykk alle!
Gratulerer med ny valp, Bodil!
:-) Morten
Legg inn en kommentar