torsdag 29. mai 2008

Lille Underbara Kelly


Skal seie tida går fort, no har eg hatt Kelly i snart to veker. Ho er eit lite eventyr, både arbeidsvillig og sosial. Dei to andre gutane i huset har tatt godt i mot henne og det er kjekt. Eg var litt bekymra for Ted men han har tatt det veldig fint. No ho blir for voldsom spring han bort til meg så eg synes han er veldig flink.

Desse tingene har eg jobba mykje med

- Lek ( leke med ulike gjenstander)

- Lekapportering

- Handtouches

- Trening med kloss

- Rygging

- Omvendt lokking (sjølvkontroll)

- Restrained recalls (blir viktig i agilityen seinare)

Lille Kelly er arbeidsvillig, det eg heile tida er opptatt av er at øktene blir korte med god attityde før kvalpen blir trøtt.

Ellers har eg lagt vekt på å oppsøke mange ulike miljø med ulike bakgrunnslyder, ho er i allefall ikkje lett skremt.

Eg har hatt ho med meg på jobb desse dagane ( for dei som ikkje veit det jobbar eg som lærar på ein stor 1-10 skule)ho helst på mange barn og voksne, ho er nesten litt for overbegeistra for mennesker ( det er luksus i forhold til korleis eg hadde det med Ted). Tusen takk Mikaela for fine Kelly, ho sjarmerer alle kor ho enn går.

Eg og Ted trenar agilty for harde livet, no til helga er det Oslo hundeshow, eg gledar meg. Det er 64 hundar påmeldt i Ted sin klasse og vi skal gjere vårt ytterste for å få til gode løp. Eg har stor sjølvtillit når det gjeld hunden min, berre eg klarer å holde meg til min del av planen så blir det knall........

1 kommentar:

Marianne sa...

Lykke til i Oslo, vi krysser fingrene!