mandag 28. juli 2008

Bakombytter...

Vi har vore å plukka blåbær heile gjengen i dag....


Vel det er mange meiningar med bakombytter. Eg for min del trudde i min naivitet at bakombytter hadde ein ikkje bruk for så lenge ein hadde framforbytter, men det har eg nok måtte endra meining på.

Eit bakombytte er eit godt redskap og med den hunden som eg har som har skikkleg sug framover på hindera. Eg ser veldig klart at dei gongane eg ikkje rekker å være i serpentinposisjon så er bakombytte eit godt alternativ. Eit godt tima bakombytte gjev ein veldig effektiv og kort sving. I dag har meg og TEd fortsett med sikrelarbeid på høgre side utvendig, eg ser at denne sida er vi nøyd til å jobbe med, det er og på denne sida han lett flicker vekk i frå meg.


Eg sette opp denne kombinasjonen med bakombytter. Bjørnar filma meg for å sjå på timinga på byttene mine. I dag fungerte det veldig bra, og han tok denne sekvensen veldig bra. Eg tok kombinasjonen både på venstre og høgre hand.

Etterpå det så utfordra eg han litt i slalomen, sendte han inn og sprang motsatt veg. Første gongen kom han etter meg og lurte veldig på kor eg skulle henne i ein slik hast. Dei neste gangane var han litt meir ettertenksom og då gjekk det greitt. Han lærer fort den flinke gutten min.

I kveld har eg jobba med proofing på feltapparata, han har stort sett veldig fine felter, men i ein del kombinasjoner blir det vanskeleg, så eg har tenkt å utfordre han mykje framover på vanskelege situasjoner og rett og slett lade verdi for feltapparata og ikkje berre for at han får gå videre i banen. Det er mykje jobb, men det er utruleg kjekt å sjå kor fort hundane tar ting.

Ingen kommentarer: