fredag 25. juli 2008

Proofing......

Visst er dei vel vakre all gutane og jenta mi.






I dag har det vore nok ein varm dag her på Vestlandet, 30 grader, det er deilig men så mykje hundetrening blir det ikkje midt på dagen.
I dag har Bjørnar laga verdas finaste hundegarde til meg, no har hundane stor uteplass og kan lufte seg medan eg er på jobb. Bjørnar er ein super handverkar og altmuligmann...
Med Ted har eg følgjande målsetning denne veka :
- Sirkelarbeid høgre og venstre utvendig side og høgre, venstre innsidig, eg har bestemt meg for at vekk med alt som heiter flick, no heldt eg på på andre dagen og eg må seie at eg allerede ser store framskritt.
- Jobbe med One jump at han skal finne linja (sjå framover)uansett kor langt sideveis eg står. Eg trur han begynner å sjå tegninga og forstå kva det er eg ønsker at han skal gjere
- Jobbe med å sjølvstendiggjere 270 graders vinkler der hoppa står langt i frå kvarandre, det er ingen problem når dei står nære. Han har vore veldig bra på det i dag og det verkar som om han begynner å forstå at så lenge han ikkje får ein treadlearm så skal han gå rundt.
- Bjørnar har og filma meg og drilla meg på bakombytter, han har sett på skuldre og holdt meg i nakken slik at eg ikkje fell tilbake i gamle mønster. I dag har byttene vore kjempebra, vi må berre stadig utfordre oss sjølv på vanskelegare bakombytter der det blir mange valg, og der han berre må følgje skuldrene mine.
- Har og jobb amed å stå i ro i banen og berre la han drive inn til meg, for å teste forståelsen hans og for å sikre meg at han ikkje tar linjer sjølv utan at eg har bede om skifte av retning.
Den viktigaste jobben eg har gjort dei tre siste dagane er å proofe slalomen, og la det vere sagt at TEd har ikkje dårlege slalomar, men eg ønsker faktisk å gjere han så sjølvstendig at eg sender han i slalom og eg kan stikke og plassere meg i motsatt retning. I dag testa eg to variantar som vi hadde på kurset med Justine. HAn gjorde feil ein gong, det var akkurat som om han lukta lunta, resten var perfekt eg sende han avgårde og stakk mot serpentinposisjon når han var i ca 3 porten. Dette er trening som eg verkeleg kjem til å prioritere framover.
Med Kelly har eg jobba med :
- Sirkelarbeid på utvendig og innvendig på begge sider + 360 graders svinger på stedet før vi akslelerer i full fart inn i buret igjen. Det utruleg morosamt og sjå kor fort ho tar ting.
HO har skikkeleg fine sirklar og går godt i posisjon.
- Vi har og trent ein del sitt og bli, det har resultert i at vi er i full gang med one jump øvingar.
- Burleikar trenar vi kvar dag og ho er mykje meir entusiastisk enn TEd nokon gong har vore.
- HAr og drive og baklengskjeda apportbukk+ innsitt ( vi har sysla med enkle kjeder siste tida slik at ho på eit tidleg tidspunkt skal lære seg litt utholdenhet og at det ikkje er sikkert at belønninga alltid kjem med ein gong.
Vel vi puslar på og dette prikearbeidet gjev livet verkeleg meining fordi at eg ser at det blir framskritt av det. Til slutt vil eg berre ønske alle god helg..........
Mathias ville forresten at bildet av Kelly måtte vekk i frå bloggen slik at han og den vakre jaktcockeren kunne pryde framsida ei stund.......

Ingen kommentarer: